Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 8. mars 2000 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 19

Rolf Reikvam (SV): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

«I Budsjett-innst. S. nr. 12 (1999-2000) bad Stortinget departementet komme tilbake med opplegg for finansiering av blant annet norsk-russisk videregående skole. Skolen er et samarbeidsprosjekt mellom norske og russiske myndigheter. Prøveperioden går ut til høsten, og det foreligger en evalueringsrapport. For å sikre driften er det viktig at staten og Akershus fylkeskommune setter fortgang i arbeidet.

Hvorledes står saken, og kan vi regne med at det blir avklaring i god tid før neste skoleår?»

Statsråd Jon Lilletun: Spørsmålet frå representanten Rolf Reikvam handlar i realiteten om to forskjellige saker.

I Budsjett-innst. S. nr. 12 for 1999-2000 vert det vist til handsaminga av Innst. S. nr. 173 for 1996-97, der ei forsøksordning med ti skular i utlandet vert drøfta. I denne forsøksordninga deltek norske elevar i vidaregåande skular med utdanningsstipend i eitt eller to semester ved einskilde skular i utlandet.

Skedsmo vidaregåande skule har delteke i denne utvekslingsordninga og sendt elevar til skulen i Moskva. Utvekslingsordninga er nett vorten evaluert, og evalueringa er gjennomgåande positiv. Eg vil no vurdere om ein bør gå vidare med utvekslingsordninga, og korleis det eventuelt kan skje. Når denne vurderinga ligg føre, vil eg leggje saka fram for Stortinget, slik komiteen har bede om.

Så er det den andre delen av saka. Finansieringa av drifta av den norsk-russiske vidaregåande skulen i Moskva er ei heilt anna sak.

Skedsmo vidaregåande skule har sidan Utanriksdepartementet starta Samarbeidsprogrammet med Sentral- og Aust-Europa i 1993 søkt om midlar til ulike prosjekt, m.a. til etablering av ein norsk-russisk skule etter Reform 94-mønster. Skulen vart starta opp i 1995. Utanriksdepartementet gav i ein avgrensa periode støtte til prosjektet under føresetnad av at prosjektet kunne førast vidare utan norsk støtte når Samarbeidsprogrammet med Sentral- og Aust-Europa vart avslutta i 1996.

Skedsmo vidaregåande skule og Akershus fylkeskommune søkte på nytt om støtte frå Utanriksdepartementet i 1998, og denne søknaden fekk avslag. Grunngjevinga var at midlane frå Samarbeidsprogrammet med Sentral- og Aust-Europa ikkje kan nyttast til drift av skular.

I 1999 og 2000 har Akershus fylkeskommune søkt departementet om å dekkje det meste av driftskostnadene til den norsk-russiske skulen i Moskva på permanent basis. Dette har departementet avslått. Grunngjevinga har vore at staten ikkje bør ta økonomisk ansvar for samarbeidsprosjekt som fylkeskommunane sjølve initierer, og som inneber ordinære driftskostnader for enkelte skular som styresmaktene i andre land eig og driv. Eg kan nemne at det også er kome søknader om å opprette vidaregåande skular både i Murmansk og i Riga. Søknaden for Murmansk hadde eit budsjett på 9,4 mill. kr. Truleg kan ein vente fleire søknader.

Eg vil sjølvsagt følgje opp oppmodinga frå komiteen i Budsjett-innst. S. nr. 12 om å kome tilbake til Stortinget med vurderingar av korleis ordningar om utveksling kan finansierast. Sidan dette gjeld budsjettspørsmål, vil Stortinget få saka tilbake til avgjerd i dei årlege budsjettdokumenta. Eg vil presisere at eg i likskap med komiteen ser på utveksling av elevar over landegrensene som riktig og viktig i vår internasjonale tidsalder. Men eg vil gje uttrykk for tvil om driftsmidlar til skular i andre land er den beste vegen å gå for å fremje elevutveksling innanfor dei prioriteringane som til kvar tid må gjerast.

Rolf Reikvam (SV): Jeg takker for svaret, selv om det kanskje ikke var så positivt og klart som jeg hadde håpet på.

Jeg vil understreke at evalueringsrapporten som Møreforsking har laget, er ubetinget klar på at det vi har hatt i gang, har vært et vellykket prosjekt. Men det som er viktig med dette prosjektet, er å sikre den videre driften av denne skolen, fordi den er viktig for styrkingen av russiskundervisningen i norsk videregående skole og norskundervisningen for russiske elever. Det er viktig at vi kan ha dette tilbudet, slik at norske elever som har russisk ved norske videregående skoler, kan ta siste og tredje året i Moskva, og på den måten få russisk som fag. Det å styrke russiskundervisningen i norsk skole er et viktig og prioritert område. Dette er helt klart en av de viktigste måtene vi kan gjøre det på.

Jeg har et tilleggsspørsmål til statsråden: Vil statsråden ta initiativ overfor Akershus fylkeskommune, som har et ansvar for dette, og eventuelt Utenriksdepartementet, med sikte på et møte for å se om en kan finne fram til hvorledes dette prosjektet kan drives videre? For det er viktig og avgjørende.

Statsråd Jon Lilletun: Då eg merka meg at representanten Reikvam hadde oppe peikefingeren fem gonger i løpet av tilbakereplikken til statsråden, skjønte eg at dette er djupt alvor, så eg skal sjølvsagt svare skikkeleg på tilleggsspørsmålet som representanten Reikvam hadde.

Generelt står eg fast på at driftsstøtte til vidaregåande skular ute som hovudregel ikkje er føremålstenleg. Det vil verte galt når det skal initierast frå fylkeskommunane, og ein skal føre dette vidare frå statleg hald. Men eg ser ei grunngjeving i argumentasjonen til representanten Reikvam, at denne skulen i Akershus på ein måte vil vere ein slags type landsline utan at det skal verte landsline, der norske elevar som er interesserte i russisk, kan få ei moglegheit til å auke kompetansen, og det vil då vere med og sikre norskkompetansen i Russland. (Presidenten klubber.) På den bakgrunn skal eg følgje oppmodinga frå representanten Reikvam og ta initiativ til eit møte med fylkeskommunen og med KS for å setje dette inn i ein samanheng og vurdere akkurat denne skulen på nytt. (Presidenten klubber.)

– Orsak, det vart nok ein sekund for lenge, president!

Presidenten: Det er tilgitt.

: