Stortinget - Møte onsdag den 1. mars 2000 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 22
Harald T. Nesvik (Frp): Jeg vil få lov til å stille følgende spørsmål til sosialministeren:
«Ifølge Verdens Gang 24. februar 2000 har Lambertseter sosialkontor ettergitt en sosialklient 478 595 kroner av gjelda til tross for at mannen hadde formue. Han eier nå to leiligheter og har leieinntekt av den ene i tillegg til sin uførepensjon. Han har også mottatt sosialhjelp for tre barn mens disse oppholdt seg i Pakistan.
Hva vil statsråden foreta seg for at ikke vanlige folk, som har slitt et helt liv for å eie bolig, skal miste troen på det norske sosialvesen, og for å skape mer likhet mellom sosialklienter?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Hovudansvaret for sosialtenestene ligg hjå kommunane. Lova gjev kommunane fridom til å bruka skjønn når dei avgjer om dei skal krevja refusjon i utbetalt trygd. Samstundes må dei halda seg innanfor dei rammer sosialtenestelova og forvaltingslova gjev: Sosialtenesta må – som eitkvart forvaltingsorgan – sjå til at saka er så grundig opplyst som mogleg før dei kan treffa vedtak.
Eg har vore i kontakt med Oslo kommune om saka representanten Nesvik viser til, og kommunen stadfestar at saka i store trekk er riktig framstilt i dagspressa. Det er på det reine at rutinane til sosialtenesta har svikta. Kommunen opplyser at ein no drøftar behovet for ein gjennomgang av rutinar og fullmakter med sikte på innskjerping av gjeldande rutinar.
Sakshandsamingsreglane skal m.a. hindra at vi får urimelege resultat. Dessverre kan ein ikkje gardera seg mot at det likevel skjer feil frå tid til anna. Det er difor vi har klageordningar, kontrollrutinar og system for å kunna retta opp slike feil. I dei høva der nokon bevisst gjev uriktige opplysningar eller teier med opplysningar for på den måten å få høgare ytingar, har sosialtenestelova reglar om tilbakekrevjing. Ved slike høve må sosialtenesta òg vurdera om saka skal meldast til politiet. Eg har fått opplyst at Oslo kommune allereie er i gang med å følgja opp denne saka og sjå til at rutinane blir innskjerpa.
For å kunna halda oppe velferdsstaten er det viktig at folk har tiltru til han. Samstundes som sosialtenesta må kunna ta omsyn til individuelle behov, er det eit mål at sosialtenesta har ein mest mogleg einsarta praksis rundt om i kommunane.
I St.meld. nr. 50 for 1998-99, Utjamningsmeldinga, gjer Regjeringa framlegg om å innføra statlege normer for økonomisk stønad til livsopphald. Eg trur dette vil minska vilkårlege skilnader i stønadsnivået mellom kommunar. Normerte satsar vil òg kunna effektivisera sakshandsaminga slik at sosialtenesta får meir tid til å følgja opp kvar enkelt stønadsmottakar på ein forsvarleg måte.
Eg vil òg få peika på handlingsplanen «Kunnskap og brubygging», ein plan vi har iverksett for å rusta opp dei tilsette på sosialkontora til å gjera eit endå betre arbeid. Gjennom dette arbeidet tek departementet sikte på å heva kvaliteten i sakshandsaminga til sosialtenesta. Eitt av måla er å få ein meir einsarta praksis når det gjeld økonomisk stønad rundt om i kommunane. Dette blir no følgt opp av fylkesmennene gjennom iverksetjing av målretta opplæring og tilbod om kvalifisert rettleiing.
Harald T. Nesvik (Frp): Sosialsjefen i Lambertseter bydel sier til VG at det var hun som innvilget klientens søknad, og at det ikke ble begått ulovligheter i sakens anledning. Det er ikke akseptabelt at enkelte sosialkontorer kan foreta denne typen avgjørelser, og Fremskrittspartiet vil komme tilbake med et Dokument nr. 8-forslag som vil kunne bidra til bedre kontroll og folkevalgt styring av sosialkontorene, slik at det ikke kan utbetales eller ettergis til dels store summer uten skikkelig kontroll og gjennomgang av sakene.
Kan statsråden virkelig akseptere at norske sosialkontorer kan bevilge hvilke summer det skal være, uten å foreta nødvendige undersøkelser rundt klientens forhold – er det virkelig nok å mene at det ikke er penger å hente, slik som det står i VG? Vil statsråden se på denne saken og sørge for at det blir foretatt en grundig vurdering av om man bl.a. foretar de riktige undersøkelsene rundt en sosialklients forhold, som her er fullstendig mangelfulle?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Av forvaltingslova § 17 framgår det følgjande:
«Forvaltningsorganet skal påse at saken er så godt opplyst som mulig før vedtak treffes.»
Eg har alt understreka den kontakten som har vore med Oslo kommune nettopp for å få informasjon om korleis saka er handtert frå kommunen si side. Det er på det reine at rutinane i sosialtenesta har svikta. Kommunen opplyser at dei sjølve no går gjennom rutinar og fullmakter for å hindra at vi får eit slikt tilfelle igjen. Eg har vidare både i utjamningsmeldinga og i «Kunnskap og brubygging» peikt på det, nettopp for å understreka at det er behov for ytterlegare arbeid for å få ei betre sakshandsaming.