Stortinget - Møte onsdag den 16. februar 2000 kl. 10
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Spørsmål 23
Bendiks H. Arnesen (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til sosialministeren:
«I Handlingsplan for funksjonshemmede 1998-2001 framhever Regjeringen sterkt behovet for å øke yrkesaktiviteten blant funksjonshemmede. Til tross for denne målsettingen opplever mange funksjonshemmede å bli utestengt fra arbeidslivet fordi utgiftene til spesialtransport i forbindelse med jobben blir for stor. Det er for eksempel kjent at en kvinne i Tromsø må fratre sin 40 pst. stilling fordi arbeidsreisen koster henne 400 kroner pr. dag.
Hva vil statsråden gjøre for å rette på dette forholdet?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Regjeringa har i utjamningsmeldinga peika på at funksjonshemma oftare har dårlegare levekår enn gjennomsnittet for befolkninga, både i form av dårlegare økonomi, svakare arbeidstilknyting og lågare utdanning. Sysselsetjing står sentralt for å betra levekåra til funksjonshemma.
Regjeringa har særskilt fokusert på funksjonshemma og arbeid ved at ein eigen handlingsplan for auka yrkesaktivitet blant funksjonshemma inngår i St.meld. nr. 8 for 1998-1999 Om handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001. Ei rekkje tiltak er føreslått og sette i verk for å sikra at arbeidsmarknadsetaten skal ha eit breitt tilbod av tenester for å nå målet om at flest mogleg funksjonshemma skal ha høve til å delta i arbeid. Eit godt tilpassa transporttilbod er ein føresetnad for at mange funksjonshemma skal kunna få og behalda arbeid.
Eg kjenner ikkje til den konkrete saka ein viser til i spørsmålet. Det er heller ikkje naturleg for meg å kommentera ei enkeltsak som denne. Når det gjeld Regjeringas politikk på området funksjonshemma og transport, vil eg ta utgangspunkt i måla som er nedfelte i handlingsplanen for funksjonshemma. Regjeringa seier her at samferdselssystemet skal leggjast til rette slik at menneske med funksjonshemming i størst mogleg grad kan gjera bruk av ordinære transporttenester. Gjennomføringa av tiltaka skal følgja sektoransvarprinsippet. Det vil seia at det er dei vanlege instansane i samfunnet som skal gje tilbod til funksjonshemma på lik linje med befolkninga elles. Det er dei same instansane som ved behov skal supplera med særskilde ordningar dersom dei ordinære ordningane ikkje er tilstrekkelege. Regjeringa legg til grunn at tiltak og tilrettelegging for funksjonshemma skal vera ein integrert del av den generelle aktiviteten på samferdselssektoren. Samferdselsdepartementet har i handlingsplanen for funksjonshemma varsla at dei vil prioritera søknader frå fylkeskommunane som gjeld transport for funksjonshemma innanfor departementets tilskotsordning for rasjonell og miljøvenleg transport.
Meir spesialiserte og målretta transporttiltak er i dag nødvendig som eit supplement til det ordinære transporttilbodet. Samferdselsdepartementet utarbeidde rettleiande retningslinjer for spesialtransport våren 1997 og inviterte fylkeskommunane til å gjennomføra forsøksverksemd med utvida transporttilbod. Transport i samband med arbeid og utdanning for funksjonshemma har blitt prioritert. Dei rettleiande retningslinjene har no verka ei tid, og Samferdselsdepartementet har tatt initiativ til å få utarbeidd ein statusrapport om transporttenestene for funksjonshemma i Noreg.
Samferdselsdepartementet og Fiskeridepartementet vil i vår leggja fram ein nasjonal transportplan. Samferdselsministeren opplyser at tilgjenge for funksjonshemma, inkludert spesialtransport, vil bli tatt opp i Nasjonal transportplan.
Innanfor Sosial- og helsedepartementets område vil eg peika på at folketrygda kan gje stønad til bil til funksjonshemma. Stønad kan ein gje når ein funksjonshemma treng bil til bl.a. å koma til og frå arbeids- eller opplæringsplass. Ein må dokumentera at ein har eit reelt og monaleg behov for transport. Det er vidare eit vilkår at reise med offentlege transportmiddel på grunn av funksjonshemminga ikkje er mogleg eller fører med seg slike belastningar av varig art at det ikkje er rimeleg å krevja det.
Folketrygda kan vidare gje grunnstønad til dekking av nødvendige ekstrautgifter til transport. Med ekstrautgifter meiner ein utgifter som friske personar ikkje har. Folketrygda gjev òg attføringsstønad til personar som gjennomfører eit yrkesretta attføringstiltak. Det kan gjevast høgare stønad dersom ein på grunn av funksjonshemminga ikkje kan bruka rutegåande transportmiddel.
Undersøkingar viser at mange funksjonshemma har problem med dårleg økonomi og høge driftsutgifter knytte til bilhald. Regjeringa varsla difor i samband med utjamningsmeldinga at Sosial- og helsedepartementet vil vurdera å betra målretta grunnstønad til drift av folketrygdfinansiert bil. På denne måten ynskjer Regjeringa at funksjonshemma med dårleg økonomi betre får dekt sine faktiske utgifter.
Handlingsplanen for funksjonshemma gjeld for perioden 1998 – 2001. Stortinget har slutta seg til måla i handlingsplanen. Eg og andre statsrådar dette gjeld, arbeider for å nå dei måla som er sette. Tiltaka er komne godt i gang, men vi er i dag ikkje framme ved målet.
Bendiks H. Arnesen (A): Jeg takker statsråden for svaret, men jeg syns at de ordningene som skisseres, høres noe kompliserte ut, og jeg føler også at det skjer lite på kort sikt for å rette på disse forholdene.
I en tid hvor antallet trygdede øker betydelig, er det viktig å legge til rette for at alle som makter å være i arbeid, får muligheter til det, spesielt når arbeidsplassen ligger klar for arbeidstakeren, eller når folk kan etablere sin egen arbeidsplass. Det er også i tråd med FNs standardregler for funksjonshemmede at det er en menneskerett å kunne ha et arbeid. Skal tilgjengeligheten være reell, må vi få ordninger som sikrer at funksjonshemmede får ta del i arbeidslivet og i fritidsaktiviteter uten å ruinere seg økonomisk. Dette betyr etter min mening at spesialtransport må ha samme billettpris som andre kollektivtilbud. Og da er mitt spørsmål: Hva kan statsråden gjøre på kort sikt for å endre på dette, før man får disse meldingene behandlet?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg har understreka at eit godt tilpassa transporttilbod er ein føresetnad, og eg har stor forståing for at representanten Arnesen i dag set søkjelyset på eit spørsmål som det er all grunn til å retta merksemd mot.
Så har eg orientert om dei ordningane som er i dag. Mitt inntrykk er at det faktisk er slik at det også finst ordningar som ikkje alle kjenner til, og at det her er behov både for informasjon om dei reglane som er, og for forbetringar. Eg vil ta med meg det som er tatt opp her, til samferdselsministeren, slik at vi kan sjå på på kva måte vi innanfor denne perioden kan medverka til så mykje forbetring som mogleg.