Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 16. februar 2000 kl. 10

Dato:
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Sonja Irene Sjøli (H): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsminister Lilletun:

«En rapport som Norges byggforskningsinstitutt har utført på oppdrag fra Delta-senteret, viser at den fysiske tilgjengeligheten til våre universitet er så dårlig at funksjonshemmede studenter møter til dels alvorlige vanskeligheter. Det er grunn til å tro at det også ved de andre utdanningsstedene er store mangler.

Hva vil statsråden gjøre for å bedre tilgjengeligheten slik at funksjonshemmede får de samme mulighetene til høyere utdanning som funksjonsfriske?»

Statsråd Jon Lilletun: Norges byggforskningsinstitutt har, som representanten Sjøli viser til, nyleg lagt fram ein rapport om tilgjenget ved universiteta og studentbyane i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Rapporten er truleg òg aktuell når det gjeld tilhøva ved andre lærestader i landet. Målsetjinga til Regjeringa er at funksjonshemma utan vanskar skal ha tilgjenge til lærestadene. Rapporten syner at denne målsetjinga enno ikkje er nådd. Alle bygg, anlegg og lokale bør vere fysisk tilgjengelege for alle studentar, og funksjonshemma bør ikkje ha problem i så måte. Høgskular og universitet skal arbeide med å leggje tilboda til rette for funksjonshemma. I Regjeringa sin handlingsplan, St.meld. nr. 8 for 1998-99, vart institusjonane pålagde å utvikle handlingsplanar for funksjonshemma i løpet av 1999. Slike handlingsplanar skal òg innehalde tiltak for fysisk tilrettelegging der dette er naudsynt. Departementet har bede lærestadene om tilbakemelding om arbeidet med handlingsplanar. På bakgrunn av slike tilbakemeldingar vil det verte vurdert om det er naudsynt med ytterlegare oppfølging i høve til lærestadene.

I tillegg har departementet i tildelingsbreva til institusjonane føresett at minst 5 pst. av løyvinga til vedlikehald vert nytta til å leggje bygg og lokale betre til rette for funksjonshemma studentar.

Gjennom oppfølging av aktuelle tiltak i St.meld. nr. 8 vonar eg at tilgjenget til høgare utdanning allment skal bli betre for funksjonshemma. I tillegg vil eg vise til at det før helga vart halde ein konferanse på Hamar om dette temaet. Eg har elles teke initiativ til oppretting av eit brukarforum for funksjonshemma studentar i høgare utdanning. Forumet vil ha representantar frå brukarsida, universitet og høgskular og departement. Forumet skal drøfte informasjon og problem som er knytte til funksjonshemma i høgare utdanning, og fremje forslag til tiltak. Her er det òg naturleg at spørsmål som gjeld fysisk tilgjenge til høgare utdanningsinstitusjonar, blir tekne opp.

Rapporten frå Norsk byggforskningsinstitutt omfattar òg tilhøva i studentbyane og ved universiteta. Det er ei erkjenning at bygging av bustader tilpassa funksjonshemma fører til auka kostnader i høve til vanlege hybeleiningar, noko det no er teke betre omsyn til i den nye tilskotsordninga. Det er viktig at funksjonshemma får tilbod om studentbustader slik at dei kan delta aktivt i studentmiljøet. I budsjettet for 2000 vart det varsla ein handlingsplan for bygging av studentbustader, og i denne planen vil bustader for funksjonshemma verte prioriterte. Eg reknar med at handlingsplanen vert lagd fram på vårparten.

Sonja Irene Sjøli (H): Jeg takker statsråden for svaret.

Det er riktig som det blir sagt, at målsettingen ikke er nådd. I sin innstilling til St.meld. nr. 8 sa sosialkomiteen at tilgjengeligheten ved utdanningsinstitusjonene måtte utbedres snarest, og vi sa også at lik rett til utdanning også for funksjonshemmede måtte være en prioritert oppgave hvis man skal nå målsettingen om at flest mulig funksjonshemmede skal komme i lønnet arbeid.

Når det gjelder denne handlingsplanen, som statsråden var inne på, har jeg erfart at det ikke er stilt noe krav fra departementet om hvordan den skal være, og vi vet heller ikke noe om hvilke kriterier departementet skal vurdere dette etter. Hvem skal den forplikte? Hvilken status vil denne handlingsplanen ha? Hvilket tidsperspektiv ser statsråden for seg? Det er spørsmål jeg gjerne vil ha svar på. Og et annet er: Han sa at 5 pst. av vedlikeholdsbevilgningene skulle avsettes til utbedringer. Synes ikke statsråden det kanskje er litt lite i forhold til den gamle bygningsmassen som vi faktisk opererer med?

Statsråd Jon Lilletun: Når det gjeld tidsperspektivet for tilbakemeldinga på handlingsplanane, reknar eg med at departementet skal ha ferdig ei oversikt over dette i løpet av dette semesteret.

Når det gjeld om 5 pst. er mykje eller lite, er det faktisk ganske mykje. For dersom ein ser på totalvedlikehaldet og ein kvart år faktisk no øyremerkjer 5 pst., er det grunnlag for store forbetringar ut frå det. Det er heilt rett at her var det mykje å ta fatt i. Fyrst har me handlingsplanane, vi skal evaluere dei, og så skal me sjå om det er naudsynt med ytterlegare pålegg. Når det gjeld desse 5 prosentane, meiner faktisk eg at det er ganske mykje.

: