Stortinget - Møte onsdag den 2. februar 2000 kl. 10
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Spørsmål 2
Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:
«I forbindelse med innføringen av kontantstøtten hadde man en debatt om hvor godt forarbeidet var til loven. Det ble etterlyst blant annet forskning og prøveprosjekter. Statsråden mente da at dette ikke hadde noen betydning, ettersom ordningen skulle evalueres og eventuelt endres ved utilsiktede virkninger.
Kan statsråden redegjøre for når, og i hvilken form, en slik samlet evaluering vil bli presentert for Stortinget?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Påstanden om at statsråden meinte det ikkje hadde «noen betydning», skal eg la ligga. Eg er ikkje heilt sikker på om eg kjenner meg igjen med omsyn til den påstanden.
Men det har, slik føresetnaden har vore heile tida, sjølvsagt vore lagt opp til ei brei evaluering av kontantstøtta, nettopp for å sikra best mogleg kunnskap om korleis ordninga verkar. Eg har gjort greie for dei ulike elementa i denne evalueringa som svar på skriftleg spørsmål frå representanten Fossum i februar i fjor. Føresetnaden har heile tida vore at forskingsrapportar, prosjektresultat og statistikk om bruken blir offentleggjorde etter kvart, så snart dei ligg føre, slik at vi alle kan dela kunnskapen.
Statistisk sentralbyrå har alt gjennomført og publisert to undersøkingar om kva planar familiane har for kontantstøtta og korleis dei vil bruka denne – våren 1998 og våren 1999. Norges forskningsråd koordinerer eit miniforskingsprogram som skal dekka problemstillingar som Stortinget var opptatt av under debatten om kontantstøtta – konsekvensar for likestilling og arbeidsmarknad, konsekvensar for utsette barnegrupper, distriktsverknader og fordelingsverknader. Resultata her vil koma i løpet av dette året og neste år. Fleire forskarar har alt publisert rapportar med kontantstøtte som tema. Departementet har òg tatt initiativ til å få sett i gang meir langsiktig forsking på feltet. Både trygdestatistikk og barnehagestatistikk blir produsert løpande og gir oss kunnskap om bruken av ordninga. Budsjettproposisjonen i haust gjorde greie for det vi visste i august i fjor, og dette skal vi følgja opp med omtale òg i budsjettproposisjonen i år.
I tillegg tar eg sikte på å orientera Stortinget samla om erfaringane med kontantstøtteordninga i løpet av denne stortingsperioden, mest sannsynleg våren 2001. Då har vi to års erfaring med ei fullt utbygd ordning, og familiane med born i denne alderen har kunna planlegga omsorga der dei var sikre på at kontantstøtteordninga fanst. Kva form denne tilbakemeldinga vil få, er det ikkje tatt stilling til enno. Det må vi sjå i samanheng med dei andre sakene frå Regjeringa til Stortinget i denne perioden. Men så snart det er klart, vil vi orientera om det.
Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil takke statsråden for svaret.
Som kjent innførte Regjeringen kontantstøtteordningen meget raskt og helt uten grundige forberedelser eller konsekvensutredninger. Derfor har det også vært stilt svært mange spørsmål fra ulike instanser om hva slags konsekvenser denne ordningen vil få. Derfor er jeg opptatt av at Stortinget ikke kan få presentert enkeltrapporter, men at vi er nødt til å få en samlet og god evaluering av hva kontantstøtten har ført til. Derfor synes jeg at oppslaget i Nationen for noen dager siden var ganske oppsiktsvekkende. Jeg vil også si at det er på grensen til politisk feighet når Regjeringen ikke vil følge opp godt nok det som faktisk også ligger som et punkt i kontantstøtteavtalen mellom de fem partiene.
Jeg synes det er grunn til å spørre om Regjeringen faktisk er redd for å vite hva slags konsekvenser kontantstøtten har fått for barn med spesielle behov for tilbud eller hva slags konsekvenser det har fått for tilgjengeligheten på arbeidskraft.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Representanten seier at det var eit «oppsiktsvekkende» oppslag i Nationen for ei tid tilbake. Eg reknar med at representanten les Nationen dagleg. Om ho gjer det, vil ho ha sett at det oppslaget har eg korrigert. Eg har sagt at sjølvsagt skal Stortinget få dette tilbake. Vår intensjon har heile tida vore å gi ei samla vurdering. Det den som uttalte seg til Nationen, ikkje kunne svara klart på, var på kva måte, for det har vi faktisk ikkje vedtatt enno. Men når vi har bestemt oss for det, skal Stortinget få beskjed.
Stortinget skal få eit samla resultat av det vi veit om konsekvensar av kontantstøtta, med alle dei problemstillingane som vi reiste i proposisjonen, og som Stortinget var opptatt av i innstillinga og i debatten. Som eg òg sa i det fyrste svaret mitt, vil det sannsynlegvis koma våren 2001. Det skal iallfall koma i løpet av denne stortingsperioden.
Karita Bekkemellem Orheim (A): Igjen takk for svaret.
Ja, da får vi håpe – og vi ønsker å ta statsråden på ordet – at vi vil få en samlet og god gjennomgang til Stortinget. Men så får vi også håpe at Regjeringen tar konsekvensen av det evalueringen vil vise, slik at vi får endringer i kontantstøtteordningen hvis det viser seg at vi nå får en del utilsiktede virkninger, bl.a. i forhold til barn med særlige behov, arbeidskraft, og hvis ikke far tar ut kontantstøtte.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Ut frå den måten representanten formulerer spørsmålet på, høyrer eg iallfall kva ho ynskjer skal bli resultatet av desse evalueringane. Eg må då innrømma at eg håpar resultatet er noko meir positivt enn det representanten trur det kjem til å bli. Men eg har aldri lagt skjul på at dersom det er store negative utslag, må vi sjølvsagt sjå på regelverket. Det gjer vi i høve til alle reformer. Dette er ikkje den fyrste reforma som er endra etter at ho vart vedtatt og sett i verk. Eg kan jo visa til Finland, der dei har hatt kontantstøtte no i 10-15 år, og det er gjort endringar undervegs fleire gonger. Så sjølvsagt er vi opne for det.
Det er ikkje sikkert representanten Bekkemellem Orheim og eg er like einige i kva som er dei katastrofale konsekvensane her, men eg vil tru at forskinga og evalueringa vil visa oss kvar vi eventuelt må gjera endringar, dersom det blir nødvendig.