Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 26. januar 2000 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

May Britt Vihovde (V): Eg vil stilla følgjande spørsmål til barne- og familieministeren:

«Jeg forventer at høringsutkastet til endringer i gjeldsofferloven snart vil foreligge. Erfaringene fra loven, så langt, har vært at offentlige kreditorer ofte har vært den vanskeligste part å oppnå en gjeldsordning med.

Vil statsråden foreslå endringer i offentlige kreditorers hjemler slik at gjeldsofre kan oppnå effektive gjeldsforhandlinger også med offentlige kreditorer?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Gjeldsordningslova har verka i sju år. Det er til no opna gjeldsforhandlingar i nærare 15 000 saker, og meir enn 11 000 personar er i ferd med å gjennomføra gjeldsordninga si. I dei siste to åra er det registrert ein viss nedgang i talet på hushald som ynskjer å nytta ordninga.

Departementet har ei tid arbeidd med å gå gjennom heile lova, og eit utkast til høyringsnotat med forslag til lovendringar vil bli sendt ut i neste veke. Eit av dei områda departementet har teke opp, er nettopp dei offentlege kreditorane sitt høve til å akseptera forslag til gjeldsordning etter lova. Det er to sider ved dette spørsmålet som departementet har sett nærare på. Den eine er om offentlege kreditorar har tilstrekkeleg heimel til å akseptera eit forslag til frivillig gjeldsordning. Den andre er om reglane i gjeldsordningslova går langt nok når det gjeld retten for domstolen til å setta ned krav mot dei offentlege kreditorane sin vilje når ei tvungen gjeldsordning skal stadfestast.

Når det gjeld dei frivillige gjeldsordningane, ser eg at det kan vera behov for ein generell heimel som gir offentlege kreditorar høve til å akseptera slike forslag når gjeldsforhandling er opna. Ein slik heimel kan føra til at ein ikkje treng å krevja tvungen ordning berre fordi det offentlege er representert i saka.

Med omsyn til dei tvungne ordningane ser eg at det kan vera ynskjeleg med ei oppmjuking av reglane som gir einskilde offentlege kreditorar rett til å få krava sine dekte fullt ut. Det gjeld m.a. eldre erstatningskrav.

I høyringsnotatet vil m.a. desse spørsmåla bli grundig drøfta, og etter at høyringsinstansane har uttala seg, vil eit forslag til nye reglar bli lagt fram i ein proposisjon om endringar i gjeldsordningslova.

May Britt Vihovde (V): Eg er glad for at statsråden svara at dette høyringsutkastet nå vil bli sendt ut, for dette er ei sak som Venstre har engasjert seg i.

Det å få ei oppmjuking slik at offentlege kreditorar meir blir likestilte med private, er òg eit viktig signal til dei private for å få til reelle gjeldsforhandlingar. Det er greitt at talet har gått ned, men det er veldig mange menneske som slit utruleg tungt i dag når det gjeld den gjeldsordninga dei har, og når det gjeld å få opna forhandlingar for ei meir rettferdig fordeling.

Eg kunne ha gått inn på mange ulike punkt i Venstres syn på den lova som gjeld, der ein burde ha gått inn og forbetra, m.a. på femårsperioden etterpå, det som blir kalla for sikringsperioden. Men eg har lyst til òg å fokusera litt på barn, på fleksibilitet når det gjeld utgifter til livsopphald for barn, for det er veldig mange barn i Noreg i dag som har det utruleg tungt, fordi dei har foreldre som er inne i ei gjeldsordning, og barna på ein måte får mindre enn andre. Kva med barns rettar? Kva med bidragsgjeld? Er det òg ting som blir vurderte i høyringsrunden?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Ein av grunnane til at dette arbeidet har tatt lang tid, er vel at det er mange problemstillingar som er vanskelege. Representanten Vihovde nemnde nokre av dei, femårsperioden og utgifter til livsopphald for born. Det er fleire òg som det vil bli kasta lys over i det høyringsnotatet som vi sender ut i neste veke. Der vil jo alle høyringsinstansane kunna vera med og gi oss innspel til korleis det endelege utkastet til lova skal vera når vi i neste omgang sender det over til Stortinget.

Når det gjeld m.a. dette med utgifter til livsopphald for born, vil eg understreka at praksis er nokså forskjellig frå landsdel til landsdel. Det er ein stor forskjell på kva pris ein set på utgiftene til born. Fleire av desse tinga vil vi gå meir konkret inn på. Eg kan ikkje seia meir no, fordi vi har ikkje offentleggjort utkastet enno, men eg er heilt sikker på at det som vil bli resultatet av denne endringa av lovverket, er at gjeldsordninga vil bli endå betre for dei som vil bli nøydde til å nytta seg av henne.

: