Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 2. juni 1999 kl. 10

Dato:
President: Gunnar Breimo
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«En undersøkelse NOVA har gjort for Barne- og familiedepartementet viser at hvis man står ved de valgene man trodde man ville gjøre ved innføring av kontantstøtten, vil bruken av dagmamma øke fra 22 pst. til 37 pst. Tall fra Skattedirektoratet viser at det i mars 1998 ble registrert 9 273 dagmammaer, og i mars 1999 var tallet sunket til 6 280. Dette er bekymringsfullt.

Hva vil statsråden gjøre for å forsikre seg om at kontantstøtten ikke blir brukt til «svart» arbeid?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Ein kan meina kva ein vil om bruken av dagmamma, men forbode er det faktisk ikkje. Vi skal vera forsiktige med å formulera oss slik at vi stemplar ei heil gruppe for å driva med svart arbeid, slik vi har sett tendensar til i kontantstøttedebatten.

Svart arbeid er forbode, og ulike forslag har i dei seinaste åra blitt vedtatt og sette i verk for at dagmammaer skal betala skatt av inntekta. I 1990 vart det gjort visse endringar i regelverket for å gjera det meir attraktivt for dagmammaer å vera registrerte. Regelverket vart forenkla, og bl.a. er det no mogleg å trekka frå utgifter til mat og slitasje i heimen. Dei som hadde dagmamma eller praktikant, måtte heller ikkje betala arbeidsgivaravgift. Det er også laga eit informasjonshefte om skattereglar ved barnepass.

Reglane for å få foreldrefrådrag vart endra i fjor, slik at det no berre blir gitt frådrag for dokumenterte utgifter til pass og stell av born. I tillegg vart frådraget for desse dokumenterte utgiftene auka frå og med i år, noko som gjer det meir lønsamt med «kvite» ordningar. Mange som har høge barnehageprisar å betala, set pris på det auka frådraget.

Når det gjeld endringa i talet på registrerte dagmammaer, vil vi i dialog med Skattedirektoratet sjå på kva årsakene kan vera.

I den undersøkinga som representanten Bekkemellem Orheim refererer til, er det to forhold som det er viktig å vera klar over. For det fyrste omfattar desse tala både dei som hadde planlagt å la borna bli passa av dagmamma på full tid, og dei som hadde planar om å ha dagmamma i kombinasjon med andre ordningar. Desse kombinasjonane gjeld også dei som hadde planar om å ha barnehageplass i tillegg til dagmamma. For det andre gjeld desse tala berre 1-åringar.

Vi må også hugsa på at undersøkinga refererer seg til det foreldra hadde planlagt å gjera før kontantstøtta vart innført, og vi bør difor vera varsame med å trekka for bastante slutningar om kva ein faktisk gjer.

Statistisk sentralbyrå har nettopp fullført den nye spørjeundersøkinga til foreldra. Når rapporten ligg føre i oktober, vil den gi oss verdifull kunnskap om bl.a. kva for ei omsorgsform borna reelt sett har. Når den nye undersøkinga frå Statistisk sentralbyrå er analysert, vil vi få eit betre grunnlag for å vurdera om det er aktuelt å setta i gang tiltak for at dagmammaer skal bli registrerte.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil takke statsråden for svaret. Men dette handler ikke om at vi stempler en hel gruppe for å drive med svart arbeid. Det dette handler om, er situasjonen for barna.

Det er ganske opplagt at når en familie i stedet for å betale 3 500 kr i barnehageutgifter pr. måned kan motta støtte fra staten som dekker utgiftene til dagmamma, vil det stimulere til økt dagmammabruk.

Tall fra Skattedirektoratet viser at tallet på registrerte dagmammaer har sunket gjennom det siste året. Jeg vil spørre statsråden om hun ikke ser noen fare for oppblomstring av uregistrerte dagmammaer. Det er selvfølgelig mange som driver på en seriøs og skikkelig måte, men hva med dem som ikke gjør det? Det er faktisk eksempler på at én dagmamma har så mange som sju barn i en treromsleilighet, og får 3 500 kr for hvert barn. Det blir en meget brukbar inntekt av det. Men hva slags kvalitet får disse barna på sin dag, og hva slags muligheter får de til uteaktiviteter og pedagogisk omsorg?

Jeg har til slutt lyst til å si at jeg ikke er så bekymret for den manglende inntekten til statskassen, men for disse barna.

Aud Blattmann hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Dei eksempla som representanten Bekkemellem Orheim nemner, er eksempel som vi alltid har hatt, og det har veldig lite med kontantstøtta å gjera at ein har sju born i ei leilegheit. Eg har høyrt om slike tilfelle, og det er ein av grunnane til at eg, for så vidt uavhengig av kontantstøttedebatten, vil sjå på om eit dagmammaregister er ønskeleg.

Vi har gjort nokre endringar, som eg gjorde greie for i det førre svaret mitt, som vil legga til rette for at det skal vera enklare og meir lønsamt å jobba kvitt.

Eg trur at ein av grunnane til at vi har fått færre registrerte dagmammaer, er at vi òg har fått fleire barnehageplassar, og at ein del av dei som har brukt dagmammaer, har gått over til å bruka barnehageplassar. Dei tala som representanten opererer med, er tal som er henta inn anten i startfasen eller før kontantstøtta vart innført. Eg trur nok at det etter at kontantstøtta er innført, vil bli brukt nokre fleire dagmammaer enn før.

Men vi vil sjå på desse problemstillingane og på kva vi kan gjera i forhold til skatteetaten, som eg nemnde, for å få betre materiale å gå ut med enn det som vi, iallfall inntil i dag, har. Og så får vi sjå kva vi kan gjera med det.

Presidenten: Presidenten vil minne om at vi har mange spørsmål i dag, slik at vi forsøker å holde taletiden.

: