Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 28. april 1999 kl. 10

Dato:
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 1

Per Roar Bredvold (Frp): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«Norske offiserer som er beordret til tjeneste i utlandet, får ikke kontantstøtte for barn i aktuell alder fordi loven krever bosted i Norge.

Hva vil statsråden gjøre med dette når det samtidig står i forskriftene i folketrygden at de er å regne som bosatt i Norge under oppholdet i utlandet?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eit grunnvilkår for rett til kontantstøtte er at både barnet og den som skal motta støtte, reint faktisk må vera busette i Noreg. Utanlandsopphald på meir enn tre månader fører til bortfall av retten til kontantstøtte. Busettregelen kjem klart til uttrykk i kontantstøttelova, som blei vedtatt av Stortinget våren 1998. Den inneber også at dersom berre far bur i utlandet mens mor og barn framleis er busette i Noreg, vil barnet ha rett til kontantstøtte.

Sjølv om offiserar og andre skulle vera å rekna som busette i Noreg i forhold til reglar i anna lovgiving, er det ingen automatikk i at dei skal vera å rekna som busette etter kontantstøttelova. Eg vil dessutan seia at det, så vidt eg veit, ikkje finst noka forskrift til folketrygdlova som seier at beordra offiserar er å rekna som busette i Noreg under utanlandsopphaldet.

Bakgrunnen for dei strenge vilkåra om faktisk opphald i Noreg er at kontantstøtta er nær knytt opp til om og i kva grad barnet nyttar barnehageplass med statleg driftstilskot. Kontantstøtta skal vera eit alternativ til statleg støtta barnehageplass, og det blir ikkje gitt statleg driftstilskot til barnehagar utafor Noregs grenser.

For norske offiserar og alle andre som arbeider for norske styresmakter eller norske arbeidsgivarar utafor EØS-området, gjeld kontantstøttelova sitt bustadsvilkår utan unntak.

EØS-avtalen skal m.a. sikra fri flyt av arbeidskraft mellom medlemslanda. Nasjonale vilkår som direkte eller indirekte hindrar denne frie flyttinga, er ikkje tillatne. Trygdeforordning 1408/71 skal sikra koordinering av dei ulike landa sine trygdeordningar. Kontantstøtta er å rekna som ei familieyting etter denne forordninga og skal derfor i utgangspunktet eksporterast til EØS-området. Nasjonale reglar som er i strid med forordninga sine reglar, må i utgangspunktet vika innafor EØS-området.

Det er mogleg å forhandla fram unntak frå eksport av visse ytingar som er omfatta av forordninga. På grunn av kontantstøtta sin spesielle karakter, i og med den nære koplinga til bruk av barnehageplass i Noreg, blir det arbeidd med sikte på å få forhandla fram unntak frå regelen om eksport av kontantstøtte til EØS-området. Saka er no send EØS-komiteen for behandling. Vi håpar på ei avklaring av spørsmålet om eksport av kontantstøtte til EØS-området i løpet av sommaren.

Dersom det ikkje lukkast å forhandla fram eit unntak, blir konsekvensen at Noreg i visse tilfelle må utbetala kontantstøtte òg for born som er busette og oppheld seg i eit anna EØS-land. Dette vil òg kunna omfatta norske offiserar som er beordra til teneste i eit anna EØS-land.

Eg finn etter dette ikkje noko grunnlag for å ta initiativ til å endra kontantstøttelova på dette punktet.

Gunnar Breimo hadde her overtatt presidentplassen.

Per Roar Bredvold (Frp): Jeg takker statsråden for svaret, som i stor grad var oppklarende.

Men hovedårsaken til muligheten for forskjellige tolkninger henger sammen med at når en offiser er beordret til tjeneste i utlandet i mer enn tre måneder, er han eller hun fortsatt å regne som norsk statsborger, selv om adressen er i et annet land. Skatten betales for øvrig til Norge. Å melde flytting til det landet man er stasjonert i, er umulig, og dermed er man også utelukket fra å få de trygderettighetene man ellers ville ha fått i dette landet.

Tidligere hadde norske offiserer i utlandet særavtale om barnetillegg, som skulle kompensere for bortfall av barnetrygd. Kan dette være noe å vurdere også for kontantstøtten? Hva tror og ønsker statsråden resultatet vil bli når det gjelder EØS-avtalen på dette punkt?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Vi hadde ei drøfting om den problemstillinga då vi la fram kontantstøtteproposisjonen, og vi konkluderte altså med at kontantstøtta skulla vera ei yting som kompensasjon for ikkje å bruka barnehageplass i Noreg. Vi valde altså å halda oss til det også for norske statsborgarar som jobbar i utlandet i lengre eller kortare tid. Det gjeld norske offiserar, som representanten spør om, men det kan òg gjelda andre som har tilknyting til norske arbeidsgivarar. I og med at dette er ei ordning som skal vera ein kompensasjon for ikkje å bruka barnehageplassar i Noreg, har vi stått fast på at den ikkje skal givast til dei som bur i utlandet i meir enn tre månader. Eg er glad for at Stortinget, då saka vart behandla, slutta seg til det.

Eg har sjølvsagt òg lyst til å seia at eg håpar at vi, gjennom å behandla dette i EØS-komiteen, skal få halda fram med å stå fast på at ordninga heller ikkje skal eksporterast til EØS-landa.

: