Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 3. mars 1999 kl. 10

Dato:
President: Lodve Solholm
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 24

Karin Andersen (SV): Jeg vil få stille følgende spørsmål:

«NOVA har nylig kommet med en forskningsrapport om lesbiske og homofiles levekår. Undersøkelsen viser at unge i denne gruppen er spesielt utsatt for trakassering, mobbing og diskriminering. Hver fjerde utsettes for diskriminering ved studiested. Lærere og undervisningspersonell gis i dag ingen utdanning om holdninger til lesbiske og homofile, eller hvordan de best mulig skal hjelpe unge som er i tvil om egen seksuell identitet.

Hva vil statsråden gjøre for at slik informasjon og undervisning nå gis alle lærere?»

Statsråd Jon Lilletun: Dei forholda som vert kartlagde i NOVA sin rapport om lesbiske og homofile sine levekår, uroar meg, og dei uroar Regjeringa. Det er skremmande at unge i vårt demokratiske samfunn vert utsette for trakassering, mobbing og diskriminering på grunn av si seksuelle legning. Vi har alle eit moralsk ansvar som medmenneske, på arbeidsstad eller studiestad, for å motarbeide ei slik haldning i samfunnet. Særleg må vaksne verte tydelegare rollemodellar for barn og unge ved å vise respekt og toleranse overfor medmenneske.

Som representanten Karin Andersen sitt spørsmål peikar mot, har opplæringssystemet òg eit ansvar. Å informere om og arbeide for å førebyggje mobbing og diskriminering av dei som t.d. har ein annan kultur, religion, kjønn eller seksuell legning, er ei sentral oppgåve for skulen. Eg vil samstundes understreke at det er foreldra som har hovudansvaret for barna si oppdraging, og skulen må derfor ha samarbeid med heimen på dette området. Vi må i tillegg vere klare over at nokre undersøkingar kan tyde på at unge føretrekkjer å lære om seksualitet og samliv frå andre enn læraren sin.

I den nye læreplanen for grunnskulen er det i fleire fag lagt opp til at elevane skal drøfte etiske konfliktar og val knytte til spørsmål om seksualitet, samliv og seksuell identitet, m.a. homofili. Emnet er nemnt i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, i samfunnsfag og i natur- og miljøfaget. I tillegg er det sagt at samlivslære og homofili er eit kunnskapsområde på tvers av fag. Eg vil òg framheve at anna haldningsskapande arbeid generelt, som t.d. når det gjeld mobbing og diskriminering, vert teke opp i fleire samanhengar i opplæringa.

I den nye rammeplanen for allmennlærarutdanninga er forhold som gjeld seksuell identitet m.a. teke opp i faget natur, samfunn og miljø. Det er likevel den enkelte lærestaden som må konkretisere innhaldet for at lærarstudentane skal nå måla i rammeplanen. Eit slikt lokalt eksempel finn ein t.d. ved Høgskulen i Telemark. Her har lærarstudentane laga ein nettstad om samliv og seksualitet, tilrettelagd for både elevar og lærarar. Departementet vil leggje til rette for at høgskulepersonale får etterutdanning i temaet seksualitet og samliv.

Når det gjeld etterutdanning av grunnskulelærarar, vil emnet seksualkunnskap verte teke inn som eit moment i det etterutdanningsopplegget som departementet er i ferd med å utarbeide i natur- og miljøfag.

Statens helsetilsyn informerer i ein katalog om det undervisningsopplegget i sex og samliv som er utvikla for barn og unge. Lærarar gjev likevel uttrykk for at ein manglar læremiddel på området. Sosial- og helsedepartementet har derfor i samarbeid med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet teke initiativ til å utvikle nytt læremateriell om samliv, seksualitet og prevensjon. Nasjonalt læremiddelsenter har såleis fått i oppdrag å utvikle læremateriell som byggjer på læreplanane for grunnskulen, og som er retta mot lærarar. Ei særleg utfordring er nok å vurdere metodar og strategiar for haldningsskapande arbeid på området. (Presidenten klubbar.) Eg seier meg lei for det, president, men det var kanskje interessant for spørjaren om eg fekk halde fram, i og med at det berre er høve til eitt oppfølgingsspørsmål i dag. Men det overlèt eg til presidenten.

Presidenten: Presidenten vil med heimel i forretningsordenen gi høve til å fullføre svaret, då det står at svaret bør vere innanfor tre minutt.

Statsråd Jon Lilletun: Takk for det, president.

Ei særleg utfordring er nok som eg nettopp sa, å vurdere metodar og strategiar for haldningsskapande arbeid på området. Styringsgruppa, der KUF er representert, vil vurdere rapporten frå NOVA i det vidare utviklingsarbeidet. Læremateriellet som vert utvikla, vil verte formidla til lærarutdanningsinstitusjonar, grunnskular og lærarar. I tillegg bør det nemnast at KUF i 1999 vil setje i verk eit FoU-prosjekt, der målet er å auke kvaliteten på opplæringa i samlivsspørsmål og verdiformidlinga i vidaregåande opplæring.

Eg meiner såleis at det gjennom læreplanar og utviklingsprosjekt vert lagt til rette for at skulen kan møte dei utfordringane som representanten Karin Andersen tek opp. For Regjeringa vil det vere viktig å sjå dette arbeidet på tvers av fleire departement. Dette er m.a. gjort i ein handlingsplan for førebygging av uynskte svangerskap og abort, der m.a. seksualitet og samliv er handsama.

Rapporten frå NOVA viser likevel at mange fordommar mot homofile er rotfesta i samfunnet, og at det framleis må arbeidast med haldningsskapande og førebyggjande tiltak blant barn og unge.

Karin Andersen (SV): Jeg takker for svaret som viser at Regjeringen har satt i gang tiltak og har tenkt å jobbe med saken.

Dette har altså stått i læreplaner en stund nå. Allikevel sier mange elever at dette har de overhodet ikke hørt noe om på skolen. At lærere da selvsagt kanskje trenger noe mer oppbakkingsmateriale for å klare denne jobben, forstår jeg.

Det er viktig å satse på skolen, for der møtes alle. Men jeg tror at det viktigste strakstiltaket vi kan treffe nå for å hindre at denne ulykkelige utviklingen skal fortsette, er å se på våre egne roller, våre utsagn og de verdiene vi formidler med alt vi sier og gjør overfor folk med en slik seksuell legning. Dette burde være et tema som f.eks. Verdikommisjonen kunne ta opp. Det er også viktig at vi, både stortingsrepresentanter og Regjeringens medlemmer, er forsiktige med hvordan vi ordlegger oss i dette spørsmålet, slik at vi ikke bidrar til å sementere fordommene og øke problemene for dem det gjelder.

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg gjerne få lov til å uttrykkje respekt for representanten Karin Andersens måte både å ta opp spørsmålet på og også måten ho kommenterte svaret på. Det er mange som gjer dette atskilleg mykje meir lettvint enn ho gjorde no.

Eg er heilt samd med representanten Karin Andersen i at det er nødvendig at vi tenkjer gjennom korleis vi uttrykkjer oss. Og det er heilt klart at det kanskje er spesielt nødvendig for oss som har det synet at alle kyrkjesamfunn skal ha eit indre sjølvstyre. Det at vi òg respekterer det, kan opplevast som ein indirekte kritikk av dei det gjeld. Det gjer at vår måte å uttrykkje oss på og vår måte å handtere dette på er frykteleg viktig.

Til slutt vil eg berre seie at å bli tiltala og respektert på den måten som representanten Karin Andersen gjorde det no, gjer at ein som statsråd som arbeider med dette vanskelege spørsmålet akkurat no, verkeleg vil strekkje seg.

: