Stortinget - Møte onsdag den 17. februar 1999 kl. 10
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Spørsmål 33
Karin Andersen (SV): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
«Norge trenger flere lærere med utenlandsk bakgrunn. Lærerhøgskolene fikk fra i fjor mulighet til å frita studenter med norsk som andrespråk fra sidemål. Studenter som startet sin utdanning før dette tidspunkt, er ikke fritatt. Eksempler viser at dette fører til at studenter ikke får godkjent sin utdanning.
Vil statsråden endre reglene slik at også studenter som begynte tidligere, får godkjenning etter samme prinsipp?»
Statsråd Jon Lilletun: Eg er einig med representanten Karin Andersen i at vi treng fleire lærarar med framandspråkleg bakgrunn. Dette er òg ei medverkande årsak til at det er innført ei ordning med fritak for norsk sidemål i allmennlærarutdanninga for framandspråklege studentar som har vitnemål frå vidaregåande opplæring utan sidemål. Desse studentane må sjølvsagt følgje all undervisning i norsk, men dei kan velje å svare på ei målform ved begge dei skriftlege prøvene i faget. Denne ordninga er gjord gjeldande med den nye rammeplanen som er sett i verk frå hausten 1998.
Eg vil leggje til rette for at tilsvarande prinsipp skal gjelde for dei studentane som er inne i eit utdanningsløp, og som dermed fylgjer den gamle rammeplanen. Dei som tidlegare har avslutta allmennlærarutdanning utan å ha bestått eksamen i norsk på begge målformer, må vende seg til departementet for å få vurdert ein eventuell dispensasjon frå kravet etter gammal ordning. Eg er innstilt på at departementet kan vurdere å lempe på eksamenskravet i norsk for denne gruppa.
Karin Andersen (SV): Jeg takker for et svar som jeg oppfatter som svært positivt, og som en bekreftelse på at statsråden ønsker å gjøre det han kan for at de personene det gjelder, skal få godkjent sin utdanning.
Hvis vi skal lykkes med det flerkulturelle prosjektet som framtida vår vil være, er skolen den viktigste arenaen. Da trengs all mulig flerkulturell kompetanse, og da må vi rydde bort alle stopperne i systemet som hindrer oss i å få rekruttert den nødvendige kompetansen. Og regelverket, som i utgangspunktet skulle sikre kvalitet i lærerutdanninga, kan jo bidra til at vi ikke klarer å rekruttere dem vi trenger. Så mitt spørsmål er: Er det slik å forstå at også de som startet før lærerutdanninga ble forlenget til fire år, gjennom en opptaksprøve e.l. nå skal kunne få fullført en utdanning uten at kravet til nynorsk blir satt fram?
Statsråd Jon Lilletun: Med atterhald om at minnet strekk til her, gjeld det nok ikkje automatisk for dei som begynte før lærarutdanninga vart fire år, for det har den vore nokre år. Det kom ny rammeplan frå 1998, men det var fire år òg i den gamle rammeplanen då vi endra den med ny reform.
Derimot er eg innstilt på at dei som har teke treårig lærarutdanning, og som kjem i den situasjonen, skal kunne søkje departementet, og vi skal finne løysingar. Det som her er problemet og utfordringa heile tida, er at det av og til vil vere vanskeleg å få ut informasjon. Vi må klare å gjere kjent at vi er innstilte på å finne løysingar. På sikt må vi òg passe på at vi ikkje svekkjer kvalitetskravet generelt. Men det er heilt klart at for desse gruppene vil det å skulle lære to norske språk vere eit hinder.