Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 3. februar 1999 kl. 10

Dato:
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 23

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kirke-, utdannings- og forskingsministeren:

«Stortinget sitt politiske mål er at elevar i grunnskulen skal ha høve til å reise på leirskule minst ein gong i løpet av grunnskuletida.

Korleis vil statsråden sikre at dette skjer slik Stortinget har føresett?»

Statsråd Jon Lilletun: Eg har det same ynsket som representanten Oppebøen Hansen. Det er ynskjeleg at alle elevar i grunnskulen tek del i leirskuleopplæring i løpet av skuletida, eller at elevane på annan måte får røynsle med å vere ute i naturen.

Læreplanverka for den 10-årige grunnskulen legg opp til ei rekkje aktivitetar som kan leggjast til leirskuleopphald. På mellomtrinnet er leirskule nemnt som eit tiltak med sikte på å gje elevane røynsle med opphald i naturen. Formuleringa i L-97 er ikkje til hinder for å leggje leirskuleopphald til ungdomstrinnet.

Spørsmålet om foreldrebetaling ved leirskuleopphald vart behandla av Stortinget i samband med den nye opplæringslova. Eg viser til Ot.prp. nr. 46 for 1997-98 og Innst. O. nr. 70 for 1997-98. I innstillinga heiter det frå fleirtalet i komiteen:

«Flertallet legger vekt på at elevene ikke skal betale for ekskursjoner eller undervisning ved leirskoleopphold, men at en kan ta betaling for skoleturer og andre reelt frivillige tilbud. Flertallet vil i denne sammenheng understreke betydningen av at elever og elevenes foreldre ikke blir utsatt for et økonomisk press, og at skolene tar hensyn til dette i undervisningsopplegget.»

Eg har såleis lagt til grunn at skulane kan ta betaling for reise, kost og losji knytt til eit reelt frivillig leirskuletilbod.

Det vert også gjeve tilskot for å medverke til at opplæring på leirskule er gratis. Tilskotet vert gjeve pr. klasse for opphald på inntil ei veke i løpet av grunnskuletida, og dekkjer løn til lærar ved leirskule.

Opplæringslova inneheld heimel til å gje forskrift om kompetansen til dei som underviser ved leirskular, og lov, læreplanverk og tilskotsordning skulle samla sett leggje godt til rette for at elevane skal kunne få eit slikt tilbod.

Forskrifta til opplæringslova er no ute på høyring, og eg vil oppfordre til å nytte høvet til å uttale seg dersom ein har synspunkt på korleis føresetnadene frå Stortinget eventuelt kan takast betre vare på enn ved det som ligg i framlegget til forskrift.

Gunnar Breimo hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret.

I mange år sleit leirskuleverksemda med mangelfulle retningslinjer, heilt til Stortinget bad departementet om å lage ei forskrift som skulle regulere leirskuleverksemda. Da fekk me ei forskrift for det, i 1993. Den tredde da i kraft, og etter det eg forstår, har det fungert nokolunde tilfredsstillande.

Nå er eg gjord kjent med at Norsk Leirskoleforening i eit møte med embetsverket i departementet for ganske få dagar sidan blei informert om at forskriftene som regulerer leirskuleordninga, nå skulle fjernast. Mitt spørsmål til statsråden er om det er riktig, og om det er slik at ei eventuell regulering i lovs form gjennom opplæringslova vil kunne ta vare på det som forskrifta i dag tek vare på.

Statsråd Jon Lilletun: Som eg sa, er nye forskrifter no ute på høyring, og der er dei forskriftene som representanten Oppebøen Hansen nemnde, frå 1993, ikkje med på same måten som dei då var.

Det som eg sa i mitt fyrste innlegg, var at i den grad ein er usamd i dei nye føresegnene, har dei som vil vere interesserte i det, sjølvsagt fullt høve til å fremje synspunkta sine før endeleg vedtak vert fatta.

Det ein har grunn til å ta omsyn til, er eit lokalt ynske om å få organisere leirskuleverksemda på ein måte som ikkje er i samsvar med den klassiske leirskuleundervisninga. I det spenningsfeltet står ein, og ein har prøvd å gje ei rimeleg sikring til leirskulane via tilskot til lærarløn, men samstundes hatt ei opning for at kommunane sjølve kan finne den beste måten å organisere det på.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret, som for så vidt ikkje gjekk konkret inn på mitt spørsmål, slik eg oppfatta han. Mitt spørsmål er om ein gjennom opplæringslova vil sikre leirskulane på same måten som ein gjer det med dagens forskrifter.

No er det òg slik at statstilskotet til leirskuleopplæring ikkje dekkjer dei faktiske utgiftene, for det har ikkje vore regulert dei siste åra. Og det betyr at det blir problem i forhold til vertskommunane, som ikkje lenger vil subsidiere, kan ein seie, leirskuleopplæring for andre kommunars barn – det har eg ei viss forståing for. Er det slik at med den endringa som nå skjer innanfor leirskuleopplæringa, skal vertskommunane òg få sleppe å ha arbeidsgjevaransvaret i framtida?

Statsråd Jon Lilletun: Etter departementets syn og òg etter Stortingets handsaming føresåg ein at den nye lova skulle sikre leirskulane og den verksemda som dei driv, men samtidig gje ein fleksibilitet for dei enkelte kommunane. Det er ikkje lagt opp til å endre forholdet når det gjeld arbeidsgjevaransvaret, som vi har oppfatta at Leirskuleforeininga var svært oppteken av at ein ikkje skulle endre.

Det at tilskotsordninga ikkje kvart år vert prisregulert, er nok rett, slik som representanten Oppebøen Hansen seier. På enkelte område forbetra denne regjeringa praksisen frå tidlegare regjeringar når det gjeld slike tilskot, m.a. til fengselsundervisninga. I dette høvet førte vi Arbeidarpartiets tradisjon vidare.

: