Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 3. februar 1999 kl. 10

Dato:
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 22

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«Norsk voksenpedagogisk forskningsinstitutt (NVI) i Trondheim har i sin evalueringsrapport peika på at vaksne elevar i den vidaregåande skulen blir taparar i Reform 94.

Kva vil statsråden gjere for å bøte på dette?»

Statsråd Jon Lilletun: I samband med St.meld. nr. 42 for 1997-98 om kompetansereforma og Innst. S. nr. 78 for 1998-99 drøfta Stortinget nyleg m.a. situasjonen til dei vaksne i den fylkeskommunale vidaregåande opplæringa. Det kom då klart fram behov for tiltak som kan styrkje dei utsiktene vaksne har til vidaregåande opplæring, m.a. ved å etablere eit system som gjev vaksne rett til å dokumentere realkompetansen sin, utan å måtte gå vegen om tradisjonelle prøveordningar.

Det er ikkje heilt dekkjande det som representanten Sigvald Oppebøen Hansen seier om situasjonen til dei vaksne i Reform 94. Sluttrapporten frå Norsk voksenpedagogisk forskningsinstitutt, som vart presentert på eit presseseminar i førre veke saman med dei andre sluttrapportane frå evalueringa, har fått tittelen «På rett vei, uten rett». Tittelen indikerer, som forskarane sjølv skriv, at «situasjonen for voksne har bedret seg siden innføringen av reformen». Det er med andre ord eit meir nyansert bilete som kjem fram i dag når det gjeld konsekvensane av Reform 94 for dei vaksne i den fylkeskommunale vidaregåande opplæringa, enn ved oppstarten av reforma.

Situasjonen til dei vaksne i den fylkeskommunale vidaregåande opplæringa krev ein samla og grundig analyse, der fleire ulike forhold må vurderast i eit heilskapleg perspektiv. Dette vil verte gjort i meldinga om vidaregåande opplæring som vil verte lagd fram for Stortinget i vår. Det vert òg arbeidd vidare med dette i oppfylginga av kompetansereforma.

Eg finn det difor ikkje rett på noverande tidspunkt konkret å gå inn på det arbeidet som no går føre seg i departementet, og som vil verte lagt fram i den ovannemnde meldinga. Men eg kan forsikre representanten Oppebøen Hansen om at det er eit erklært mål for Regjeringa å leggje tilhøva til rette slik at alle vaksne kan få ei best mogleg tilpassa vidaregåande opplæring. Vi ser i evalueringa av Reform 94 at det her ligg ei stor utfordring for oss og for fylkeskommunane.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret.

Ingen vil bli meir glad enn eg om det er slik statsråden nå fortel, at rapporten viser at dei vaksne eigentleg ikkje har kome så dårleg ut som artikkelen i Dagsavisen kanskje viser.

Situasjonen før Reform 94 var slik at inntaksforskriftene til vidaregåande opplæring gav eldre søkjarar tilleggspoeng, det vil med andre ord seie at eldre søkjarar konkurrerte ut dei unge. Sånn sett var reforma på sin plass. Så fekk me altså Reform 94, med ei omfangsforskrift om 375 pst., der ein del av dei prosentane skulle gå til vaksne søkjarar.

Nå hadde me ein stor debatt i samband med kompetansereforma om dei vaksnes plass i den vidaregåande opplæringa, og eg har sjølvsagt respekt for at statsråden vil avvente situasjonen …

Presidenten: Taletiden er omme.

Statsråd Jon Lilletun: Her skal ein prøve å vere nyansert og balansert, for det er rett som eg sa, at ein ikkje har kome så dårleg ut som den artikkelen kunne tyde på, og at det er blitt ei forbetring, totalt sett. For 16-19-åringane er det blitt ei stor forbetring, så det er heilt opplagt at svært mange ikkje er komne godt nok ut. Derfor er det heilt klårt ein skikkeleg jobb å gjere her – det gjeld både det at ein treng ei anna tilrettelegging for vaksne, ein treng meir fleksibilitet for vaksne, og ein treng fleire tilbod til vaksne. Og eg er ikkje nøgd med måten som svært mange fylkeskommunar har fylgt opp omfangsforskrifta på. Ut frå den debatten vi hadde, der det låg fleire forslag på bordet, men der det ikkje var heilt klårt kva modell ein skulle velje, er eg innstilt på å ta vare på intensjonen til Stortinget: at flest mogleg vaksne får eit reelt tilbod, eit tilbod som er tilpassa dei.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret, og er glad for å høyre korleis han nå tolkar det som for så vidt ikkje var noko fleirtalsvedtak i samband med kompetansereforma – der var det lagt fram ein del forslag som ikkje fekk fleirtal. Arbeidarpartiet foreslo å gi ein lovmessig rett til vidaregåande opplæring òg for vaksne som ikkje hadde vidaregåande opplæring frå før. Dersom eg tolkar statsråden veldig velvillig nå, kan det tyde på at statsråden er i retning av det forslaget som Arbeidarpartiet fremma i samband med behandlinga av kompetansereforma.

Sjølv om eg seier at eg har respekt for at statsråden vil vente med å signalisere om han vil gå inn for dette til han kjem med evalueringa av Reform 94, vil eg likevel spørje om mi tolking av statsråden er i rett spor.

Statsråd Jon Lilletun: Eg er takksam for at representanten Oppebøen Hansen tek alt i beste meining, men vil nok då vise til kva eg reelt sa. Det var at eg vil kome tilbake til Stortinget, som ein del av evalueringa av Reform 94, med eit forslag som skal gje flest mogleg gode moglegheiter for å få vidaregåande opplæring. Vi er midt i arbeidsprosessen no, og eg har varsla at i løpet av mars skal den stortingsmeldinga liggje føre. Då vil vi få svara. Så står det att å sjå om representanten Oppebøen Hansen vil verte fornøgd. Eg håpar i alle fall at flest mogleg av dei som treng denne opplæringa, skal verte fornøgde.

: