Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 3. februar 1999 kl. 10

Dato:
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Petter Løvik (H): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«Læreboka «Samfunnskunnskap 9» gir eit svært negativt inntrykk av fiskerinæringa og har også fleire direkte feil. Så lenge vi har ei offentleg godkjenningsordning vert innhaldet ståande som offentleg godkjende fakta.

Kva vil statsråden gjere i denne konkrete saka og generelt for å sikre at bøker der innhaldet er stempla som offentleg godkjent, held faglege mål?»

Statsråd Jon Lilletun: Fiskerinæringa er vår nest største eksportnæring og ei næring med gode framtidsutsikter. Eg må berre seie meg lei for at dette viktige perspektivet ikkje kjem fram i ei lærebok i samfunnsfag.

Arbeidet med gransking og godkjenning av lærebøker i grunnskulen og i vidaregåande opplæring skjer i samsvar med forskrift av 13. januar 1984. Det er Nasjonalt læremiddelsenter som forvaltar forskrifta. Alle manuskript til lærebøker det vert søkt godkjenning for, gjennomgår fagdidaktisk gransking, ei gransking som gjeld likestilling mellom kjønna, og språkleg gransking. Den språklege granskinga vert utført av Norsk språkråd.

Når det gjeld å sikre at innhaldet i lærebøkene held fagleg nivå, dvs. er fagleg korrekt, ligg hovudansvaret hos forfattaren og forlaget.

Den fagdidaktiske granskinga skal vurdere læreboka i forhold til

  • måla og hovudmomenta i læreplanen for faget

  • den didaktiske heilskapen som den generelle delen, prinsippa og retningslinene og læreplanen for faget inngår i

Som ledd i denne granskinga skal det såleis vurderast om stoffutvalet og framstillingsforma verkar til å realisere intensjonane i L-97. I denne samanhengen vil det også i den fagdidaktiske granskinga verte vurdert om lærestoffet og framstillinga held faglege mål. Forlaga og Nasjonalt læremiddelsenter samarbeider når det gjeld å sikre at det faglege innhaldet er korrekt. I samfunnsfag, der denne boka vert brukt, endrar forholda seg på mange område svært raskt, og det er viktig at lærebøkene er fagleg oppdaterte.

Det er sjølvsagt svært uheldig at fiskerinæringa har fått ei omtale som ikkje er korrekt, i ei godkjend og utgjeven lærebok. Eg vil likevel nemne at volumet av lærebokmanuskript som skal granskast, har vore svært stort i samband med grunnskulereforma, og at arbeidet delvis har vore gjort under tidspress.

Nasjonalt læremiddelsenter vil be forlaget rette opp det som ikkje er korrekt i den neste utgåva av læreboka, slik at alle opplysningar om fiskerinæringa vert korrekte. Nasjonalt læremiddelsenter vil også be forlaget vurdere tiltak med tanke på dei skulane som allereie har kjøpt læreboka, f.eks. ved at forlaget sender ut korrigerte sider som kan leggjast inn.

Elles kan det opplysast at godkjenningsordninga vil verte vidareført i forskrifta til den nye opplæringslova, som trer i kraft 1. august 1999. Departementet og Nasjonalt læremiddelsenter er opptekne av å sikre kvaliteten på lærebøkene. I den samanhengen vert det no sett i gang eit forsøksprosjekt i eit samarbeid mellom Den norske Forleggerforening, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Høgskulen i Vestfold og Nasjonalt læremiddelsenter om vurdering og val av lærebøker og andre læremiddel. Dette er eit prosjekt som tek sikte på å auke kunnskapen om læremiddelkvalitet. Samtidig vert det mogleg å prøve ut andre modellar for godkjenning, der ein òg ser nærare på ansvarsdelinga når det gjeld innhaldet.

I denne samanhengen viser eg til budsjettvedtaket for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet under stortingsbehandlinga av Budsjett-innst. S. nr. 12 for 1998-99, der eit av vedtaka lyder:

«Stortinget ber Regjeringen vurdere kvalitetssikring av norsk lærebokproduksjon med sikte på en vesentlig forenkling, eventuelt avvikling av dagens godkjenningsordning for lærebøker.»

Petter Løvik (H): Eg takkar for svaret, som eg synest til ein viss grad var imøtekomande.

Det er ille med direkte feil, men det alvorlegaste her er kanskje den totale framstillinga av næringa, under kapitlet «Arbeidslivet – muligheter og utfordringer». Det er rett nok eit bilete frå fiskerinæringa i dette kapitlet – eit bilete med teksten «Nedlagt og fraflyttet fiskevær». På same sida står teksten:

«Kvar er hammaren Edvard, du treng han vel no

når døra skal spikrast igjen?»

Det er den kveldsroa som liksom ser ut til å ha senka seg over fiskerinæringa i denne læreboka, som gjer meg mest uroleg. Eg synest det er ille at Gyldendal ikkje gjer ein god nok jobb, men eg håpar statsråden er einig med meg når eg seier at det er endå verre å ha ei godkjenningsordning som ikkje klarer å fange opp slike ting.

Statsråd Jon Lilletun: Eg er heilt samd med representanten Løvik i at det verste er den totale framstillinga av næringa som ei næring under nedbygging, under pessimisme. Det gjev oss nok ei utfordring på mange fleire felt enn det som gjeld lærebøker, for det er eit eller anna bilete som har festa seg hjå svært mange, og det slår òg ut i rekrutteringa til f.eks. fiskerifaga. Her har vi ein felles jobb å gjere. Så her deler eg representanten Løviks uro og syn. Eg er òg einig i at det er leit når ein har ei godkjenningsordning som ikkje har fanga opp dette.

Eg er òg glad for at representanten Løvik oppfatta at her er vi i gang med eit ganske stort arbeid, og at vi er veldig opptekne av at dette skal verte betre. Eg meiner framleis at det arbeidspresset som har vore i samband med gjennomføringa av reformene, er medverkande.

Petter Løvik (H): Rett nok skal det føyast til at det same forlaget i andre verk har omtalt delar av næringa. Ein går bl.a. inn på at det er ei moderne næring og seier:

«Moderne fiskebåter er fulle av elektroniske hjelpemidler som gjør det enkelt å finne fiskestimene.»

Og så kjem det eg vil ta fatt i:

«Det er ikke lenger greit å være fisk, om det var det før.»

Det må vi vel kunne slutte oss til. Men det er heller ikkje greitt for oss som prøver å vere med og rekruttere folk til ei næring som vi langs kysten sjølve oppfattar som ei framtidsnæring. Som statsråden korrekt sa, er det den nest største eksportnæringa, ei næring som har enormt vekstpotensial i kraft av at ho leverer mykje og rein mat, og næringa har store utviklingsmoglegheiter. Det er bakgrunnen for den store diskusjonen som det no er blitt i fiskerikrinsar om denne læreboka.

Eg synest statsråden sitt svar var rimeleg positivt, og håper at han vil følgje opp dette også på generell basis.

: