Stortinget - Møte onsdag den 27. januar 1999 kl. 10
President: Hans J. Røsjorde
Spørsmål 6
Ågot Valle (SV): Jeg har dette spørsmålet til barne- og familieministeren:
«I forbindelse med nylig framlagt statistikk fra Oslo politikammer over vold og ran i Oslo er det tydelig at barnevernet må mobiliseres og skoleres i større grad, for å gis mulighet til å gripe fatt i problemene.
Hva vil statsråden gjøre for å få gått gjennom hver enkelt ungdomssak for å skaffe kunnskap og finne ut hva som har sviktet, for så å kunne sette inn effektive tiltak?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: For det fyrste vil eg gi uttrykk for at eg deler representanten Valle si bekymring over at vi for tida synest å ha ein aukande tendens til vald og kriminalitet blant born og unge. Mellom anna er det urovekkande at så mange unge ransmenn har innvandrarbakgrunn – 80 pst. faktisk. Dette er ei utfordring som går langt utover barnevernet sitt ansvarsområde, men der barnevernet må ta, og tar, sin del. Barne- og familiedepartementet har på ulike måtar engasjert seg i arbeidet for å førebygga alvorleg problemutvikling blant born og unge. Når det gjeld born og unge med etnisk minoritetsbakgrunn, vil departementet framleis legga til rette for tiltak i det førebyggande arbeidet og i hjelpeapparatet. Mellom anna arbeider vi med å systematisera den kunnskapen som finst om born, ungdom og familiar med flyktning- og innvandrarbakgrunn, og å vidareføra etterutdanningstilbod for personell i barnevernstenestene, særleg i dei større byane og i kommunar med mange innvandrarar. Vidare vil vi styrka rettleiingstilboda i fylke og kommunar med stor innvandrarbefolkning. Eg vil òg ta initiativ til ei brei open høyring om desse spørsmåla.
Barne- og familiedepartementet har ein eigen budsjettpost retta mot ungdomsarbeid i dei større byane. Dei siste åra har vi lagt inn ei særleg satsing i Oslo, Bergen og Trondheim med vekt på tiltak for utsette grupper av born og unge, ungdom med innvandrarbakgrunn, og tiltak og prosjekt som kan gjera ungdom sin fritidssituasjon betre. Sjølv om det alt er gjort mykje for å dempa negativ utvikling, er det framleis behov for engasjement og løyvingar frå departementet si side.
Hausten 1997 lanserte Barne- og familiedepartementet ein handlingsplan for born og unge med alvorlege åtferdsproblem. Som eit ledd i denne har departementet frå 1. januar 1998 finansiert ei forskareining ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo. Denne forskareininga skal ta initiativ til eiga forsking om førebygging og behandling av åtferdsvanskar ved sida av å driva grunnopplæring og etter- og vidareutdanning i behandlingsarbeidet for denne gruppa. Forskareininga vil òg arbeida med nokre behandlingsmetodar som kan visa til dokumenterte og lovande behandlingsresultat. Mellom anna er det etablert eit samarbeid med Oregon Social Learning Center om ein metode som går ut på trening av foreldre og fosterforeldre i samspel med born, for å fremma positiv og redusera negativ oppførsel. Ein annan metode, som òg kjem frå USA, og som vil bli tatt i bruk i Noreg i samarbeid med fylkeskommunane, rettar seg mot dei mest kriminelt belasta med alvorlege åtferdsvanskar. Denne metoden går ut på sterk involvering av foreldre, lærarar og nærmiljø. Behandlinga skjer i heimemiljøet med intensiv oppfylging av behandlarar… (presidenten klubber).
Ja, president, eg har ein del igjen av svaret mitt. Det er ei vanskeleg problemstilling, og eg vonar eg kan få lov til å fullføra.
Presidenten: Med Stortingets samtykke får statsråden høve til det.
Valgerd Svarstad Haugland: Takk.
Dette er ein metode som har vist gode resultat. Mellom 25 og 70 pst. av dei unge har redusert sin kriminelle aktivitet alt etter fire månaders behandling. Ynsket om å prøva ut heimebaserte tiltak er sterkt til stades blant fagfolk på grunn av nedslåande resultat av institusjonsbehandlinga. Fordi ikkje alle kan behandlast heime, er det òg etablert kontakt med aktuelle fagmiljø i England for å få erfaring om kva for føresetnader som må vera til stades om institusjonsbehandlinga skal lukkast.
For å betra oppvekstmiljøa rundt om i landet har departementet tatt initiativ til ei ny satsing – eit utviklingsprogram for styrking av oppvekstmiljøet i både distrikt og storby. Vi ynskjer å styrka og vidareutvikla barne- og ungdomspolitikken gjennom eit breitt samarbeid mellom offentlege og frivillige krefter, m.a. born og unge sjølve. Å betra born og ungdom sine høve til deltaking, medverknad og meistring står sentralt i dette programmet. Samstundes skal innsatsen mot vald og mobbing, rus og rasisme styrkast. Lokal mobilisering er eit viktig stikkord for satsinga, og det er dei lokale ideane og initiativa som skal vera grunnlaget og utgangspunktet for det arbeidet som skal gjerast. Førebels er ti kommunar med på denne satsinga.
Heilt til slutt: Valdskriminaliteten i Noreg steig med nærare 5 pst. i dei tre fyrste kvartala i fjor. Vi har elles hatt ei svak stiging på heile 1990-talet. Dette viser, slik eg ser det, at valdsauke er eit generelt samfunnsproblem, men som enno ikkje er større enn at målretta innsats kan gi gode resultat.
Både eg og resten av Regjeringa vil prioritera arbeidet mot vald og kriminalitet blant born og unge i tida framover.
Ågot Valle (SV): Jeg takker for svaret, som jeg syns var bra og utfyllende. Jeg deler statsrådens mening om at her må vi bygge på systematisk forskning og ikke på synsing. Men det er jo sånn at mange av de tiltakene som statsråden gjør rede for, vil lide både under dårligere kommuneøkonomi og fordi en del av disse tiltakene faktisk har vært salderingsposter i budsjettarbeidet sammen med Høyre og Fremskrittspartiet. Advokater som har forsvart de som har begått lovbrudd, er ganske samstemt i at barnevernet, sammen med resten av hjelpeapparatet, må gå raskt inn og gi rask hjelp og grensesetting, og at barnevernet må styrkes. Vi i SV har gjentatte ganger etterlyst en handlingsplan, en systematisk handlingsplan for den kompetanseutviklinga vi alle veit trengs i barnevernet, spesielt kompetanse på hvordan det er å møte foreldre og barn med flerkulturell bakgrunn som blir ofre for diskriminering og utstøting i samfunnet … (presidenten klubber).
Helt på tampen vil jeg gjerne spørre om når statsråden vil komme med en slik handlingsplan, og om statsråden nå vil ta initiativ til en skikkelig økning, en styrking av barnevernet, i revidert nasjonalbudsjett (presidenten klubber).
Presidenten: Presidenten vil gjere merksam på at tolmodet hans no begynner å bli noko tynnslitt.
Ågot Valle (SV): Det er et viktig tema, president.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg trur statsministeren i spontanspørjetimen i dag gjorde greie for at når det gjeld satsinga på akkurat dette området, er det ikkje der vi har skore ned. Vi har verna området «tiltak for born og unge» i budsjettet; jamvel om vi måtte ha eit stramt budsjett, har vi klart det. At vi kan trenga fleire midlar og ta ein heil diskusjon i forhold til kommuneøkonomien, er interessant nok, men eg trur ikkje eg skal gjera det – i denne omgangen iallfall. Det som eg kan gjera greie for i tillegg til det eg sa i svaret mitt, er at Regjeringa har behandla og gitt godkjenning for at vi skal ha ei norsk offentleg utgreiing, NOU, om barnevernet og fosterheimsproblematikken. Vi har ikkje oppretta dette utvalet enno, men det vil skje i nær framtid, og då vil dei sjølvsagt gå gjennom alle desse problematiske spørsmåla som representanten er opptatt av. Eg vonar vi ut frå det òg vil ha endå betre tiltak å setta i verk i framtida.