Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 27. januar 1999 kl. 10

Dato:
President: Hans J. Røsjorde
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 37

Gunhild Øyangen (A): Jeg vil stille følgende spørsmål til sosialministeren:

«I Dagsavisen 20. januar 1999 presenteres rystende rapporter fra fylkeslegen i Oslo om tilstanden ved 15 av byens 55 sykehjem. Tilsynsrapportene dokumenterer 35 brudd på gjeldende lover og forskrifter, blant annet som en følge av lav bemanning og for mange ufaglærte. Jagland-regjeringen la fram «Handlingsplan for helse- og omsorgspersonell», som den sittende regjering kuttet om lag 20 mill. kroner i da den overtok.

Vil statsråden redegjøre for framdriften i arbeidet med handlingsplanen?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Rapporten frå fylkeslegen i Oslo gir all grunn til uro. Eg har òg forstått at Oslo kommune tar denne rapporten på alvor og fylgjer opp.

Regjeringa vil føra vidare og auka innsatsen for å betra tilgangen på kvalifisert personell i helse- og omsorgssektoren. Dagens situasjon er eit resultat av tidlegare års forsømingar når det m.a. gjeld utdanningskapasiteten, og særleg gjeld dette på universitets- og høgskulenivå. Det manglar òg planar i mange kommunar for korleis ein skal dekkja framtidige behov for helse- og sosialpersonell. For å få best mogleg oversikt har departementet bedt kommunane klargjera personellbehovet sitt dei nærmaste åra. Staten sine regionalrepresentantar i fylka vil i resten av handlingsplanperioden 1999-2001 samarbeida med kommunane, med fylkeskommunane og med høgskulane om konkrete kvalifiserings- og rekrutteringstiltak i det einskilde fylke. Ein vil særleg prioritera kvalifisering av ufaglærte, m.a. ved å stimulera flest mogleg til å gå opp til fagprøve i omsorgsarbeidarfaget, og til etter- og vidareutdanning av hjelpepleiarar og andre med helse- og sosialfag frå vidaregåande opplæring.

Det er rett som representanten Øyangen viser til, at Jagland-regjeringa la fram Handlingsplan for helse- og omsorgspersonell i 1997, med ei økonomisk ramme på 110 mill. kr i budsjettforslaget for 1998. Forslaget vart ført vidare i sentrumsregjeringa sitt budsjettforslag for 1998, men vart redusert med 19 mill. kr ved Stortingets behandling.

I budsjettet for 1999 har Regjeringa laga ei samla framstilling av løyvingar til personell- og kompetanseføremål i heile helse- og sosialsektoren. Dette gjeld både dei nye tiltaka som kom med handlingsplanen i høve til 1998-budsjettet, og andre tiltak på Sosial- og helsedepartementet sitt budsjett. Oversikta viser at departementet løyvde om lag 286 mill. kr til personell- og kompetanseføremål i 1998. Regjeringa gjorde framlegg om å auka denne ramma til om lag 324 mill. kr i 1999, og fekk Stortinget sin tilslutnad til det. Auken vil særleg koma i samband med opptrappingsplanen for psykisk helse og førebuingane til fastlegeordninga.

I tillegg til desse midlane vil kommunane òg kunne bruka av skjønnsmidlane innanfor eldresatsinga og av løyvingane til psykisk helsevern til kvalifisering av personell. Den samla satsinga frå departementet for å styrkja tilgangen på kvalifisert personell er såleis, med Stortinget si støtte, monaleg auka, og ytterlegare auke i opptaket til helse- og sosialfagstudia ved universitet og høgskular vil bli vurdert.

La meg til slutt understreka at personellsituasjonen i sjukeheimane er ikkje berre avhengig av tilgang på fagpersonell. Arbeidsmiljøet har òg mykje å seia for om personellet trivst og blir verande i denne sektoren. Eg veit at Oslo kommune i sitt arbeid no, og òg andre kommunar, er opptekne av det. Sjølve følgjer vi opp i departementet med sikte på kartlegging av faktorar som skapar eit godt og stabilt arbeidsmiljø i sjukeheimane. Personell som trivst i arbeidet sitt, er avgjerande viktig for kvaliteten i eldreomsorga.

Gunhild Øyangen (A): Jeg takker statsråden for svaret.

Situasjonen var at det var litt vanskelig å forstå denne oppstillingen ved årets budsjett og sammenligne med den opprinnelige handlingsplanen. Det var mye av begrunnelsen for mitt spørsmål, fordi veldig mange tiltak av ulike slag var satt sammen. Realiteten var jo at regjeringen Bondevik foretok et betydelige kutt i første omgang, og jeg ville gjerne vite hvordan vi skulle forholde oss til det som var lagt fram, for å få et bedre sammenligningsgrunnlag.

Nå har jeg fått en redegjørelse. Jeg skjønner at sosialministeren også er opptatt av disse meget viktig sakene. Jeg har lyst til å spørre om sosialministeren mener at de tiltak som Regjeringen har lagt opp til, er tilstrekkelig for å sikre en verdig eldreomsorg for framtiden i samsvar med lover og forskrifter. Og til slutt: Når vil Stortinget få seg forelagt en evaluering av den opprinnelige handlingsplanen?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg er glad for at representanten Øyangen rettar søkjelyset mot ei sak som gjeld svært mange, nemleg ei meir verdig eldreomsorg.

Eg kan nok ikkje svara på eit så omfattande og vanskeleg spørsmål som representanten Øyangen her stiller, på eitt minutt. Eg trur eg skal avgrensa meg til å seia at eg er veldig fornøgd med at vi har fått gjennomslag for vår satsing så langt. Men det er ingen garanti for framtida. Det er tvert imot slik at vi er nøydde til å følgja nøye med i både korleis handlingsplanen for ei betre eldreomsorg og handlingsplanen for eit betre helsepersonell blir ivaretatt i kommunane, og kva tilsynsrapportane seier. Vi har òg sett i gang eit arbeid i departementet for å sikra aldersdemente sine rettar betre enn i dag.

: