Stortinget - Møte onsdag den 16. desember 1998 kl. 10
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Spørsmål 4
Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Karita Bekkemellem Orheim til barne- og familieministeren, vil bli tatt opp av representanten Grethe G. Fossum.
Grethe G. Fossum (A): Jeg vil få lov til å stille barne- og familieministeren følgende spørsmål:
«Voldsproblematikken blant barn og unge er et alvorlig og stadig voksende problem. Forskning viser at hvis forebyggende tiltak skal virke, så må disse settes inn mot små barn, og spesielt rettet inn mot gutter, siden dette er et særlig gutteproblem. Barnehagers innflytelse vil være viktig, her har en utdannet personale som er kvalifisert til å ivareta denne typen problemer. Kvalitet og tilgjengelighet blir viktig.
Hvordan vurderer statsråden muligheten for å styrke tiltakene mot disse gruppene?»
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Regjeringa er bekymra for valdsutviklinga blant born og unge og legg opp til ein styrkt innsats med omsyn til denne utfordringa, m.a. gjennom innsats i barnehagar, gjennom programmet for foreldrerettleiing, gjennom innsats i barnevernet, gjennom tilskot til ungdomstiltak i større bysamfunn og gjennom Utviklingsprogram for styrking av oppvekstmiljøet. Regjeringa vil stimulera til ei brei mobilisering for å skapa eit betre oppvekstmiljø for born og ungdom – i samarbeid med dei unge sjølve, foreldra, frivillige organisasjonar, skulen, barnehagen og lokale styresmakter.
Vegen til den asosiale åtferda startar ofte tidleg, gjerne i heimen i 4-9-årsalderen. Hos nokre born er slik åtferd òg synleg tidlegare enn dette. Den førebyggjande innsatsen har størst effekt når han blir sett inn tidleg. Tiltaka kan dreia seg om å utvikla og styrka det aggressive barnet sin kompetanse til sjølvkontroll, tilpassing og problemløysing for å redusera den asosiale måten å vera på.
Utagering og vald er problem som mange familiar slit med, og som foreldre ofte ber om hjelp til å handtera. Regjeringa vil satsa vidare på det nasjonale programmet for foreldrerettleiing, der målet er å støtta foreldra i omsorga for og oppdraginga av borna. Programmet legg vekt på at kompetente fagfolk og foreldra saman skal kunna medverka til å førebyggja psykososiale vanskar og fastlåste mønster for samhandling. Derfor vil ein halda fram med å skapa gode møteplassar som ikkje minst gir foreldra høve til å utveksla røynsler og drøfta oppdraging av eigne born og ungdomar. Som eit ledd i dette arbeidet vil det bli gitt kontinuerleg skolering av fagfolk. Det vil òg bli utvikla relevant materiell for foreldre og fagfolk. Det er eit mål at alle foreldre som har born og ungdom med problemåtferd, skal få eit tilbod om foreldrerettleiing tilpassa den alderen borna har.
Eg er einig med representanten i at barnehagane har ei viktig rolle når det gjeld å førebygga vald. Som representanten er kjend med, er målsettinga at alle foreldre som ynskjer det, skal få barnehageplass til borna sine i år 2000. I barnehagane kan borna læra å vera saman og løysa konfliktar utan å nytta vald. Samstundes kan dei få oppleva korleis ein kan takla sterke kjensler og aggresjon. Rammeplanen for barnehagen legg sterk vekt på at borna skal utvikla basiskompetanse, som m.a. tyder at borna skal kunna ta og halda ved lag kontakt med andre, og kunna ta andres rolle og sjå ei sak frå fleire synsvinklar. Ein legg òg sterk vekt på at borna skal få bruka kroppane sine aktivt. Dette kan òg hjelpa til med å meistra aggresjonen og gi han uttrykk som er aksepterte. Eg trur òg at fleire menn i barnehagane vil vera gode vaksenmodellar for gutane. I foreldrerettleiingsprogrammet er det utarbeidd materiell tilpassa barnehagen. Men det er òg viktig at dei som ikkje går i barnehage, får denne rettleiinga. Her vil helsestasjonane kunna gjera ein innsats.
Eg er kjend med at Forskingsrådet sitt spesialpedagogiske program har eit prosjekt som gjeld utvikling av sosial kompetanse i barnehagen. Gjennom dette programmet har ein særleg sett lyset på korleis personalet kan medverka til at borna utviklar positive mønster for samhandling. Eg trur resultatet frå dette prosjektet kan vera til hjelp for barnehagepersonalet.
Eg meiner at vi stadig må følgja med i denne problematikken og sjå om vi kan finna nye tiltak eller endra på dei vi har. Dette må vi gjera i nært samarbeid med kommunane, som skal legga til rette for eit godt oppvekstmiljø for born og ungdom.
Grethe G. Fossum (A): Jeg vil få lov til å stille et tilleggsspørsmål til statsråden. Dette er ikke en ny debatt om verken kontantstøtte eller barnehage, men gjelder et alvorlig problem som vold.
Forskerne hevder at skal man få en endret atferd i forhold til vold, må man starte tidlig. De hevder til og med at aggressive toåringer som ikke får hjelp til å regulere følelsene sine, blir avvist av andre barn. Dermed vil de søke seg inn i en ond sirkel med andre aggressive og avvikende, f.eks. gutter. Da er det ganske viktig at man griper fatt i dem når de er så små som to år. I forbindelse med kontantstøtten vil foreldrene kanskje ta disse guttene ut av barnehagene. Har statsråden en strategi utover det med foreldreveiledning? Det er ganske vanskelig å få foreldrene i tale når barna er to år og utagerende. De ser på en måte ikke problemene ennå. Så jeg vil vite om statsråden har noen strategi for hvordan man skal få disse foreldrene og barna i tale.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Representanten sa at dette ikkje var ein debatt om kontantstøtte eller barnehagar, men ein debatt om vald. Det er eg einig i, men ho klarte likevel å koma inn på det, og det var heller ikkje uventa.
For det fyrste vil det i alle fall ikkje vera snakk om at ein skal innføra tvang for alle born til å gå i barnehage. Dersom ein skal kunna ha alle born under oppsyn, må ein ha barnehageplikt her i landet, og det ynskjer ikkje denne Regjeringa å gå inn for.
Det som er viktig, er at vi, både gjennom foreldrerettleiingsprogrammet, som eg sa ein del om i svaret, og ikkje minst på helsestasjonane har eit ope auga på dette i samtale med foreldra. Som sikkert representanten veit, er det vedtatt planar om å styrkja helsestasjonane med ganske mange stillingar i dei neste åra framover. Det er opplagt at den samtalen som dei som jobbar på helsestasjonane, har med foreldra, vil vera viktig for å avdekka om det er nokon som treng hjelp. Eg trur at det er eit av dei gode tiltaka vi har. Ved sida av alle dei som vel å bruka barnehage – dei får sjølvsagt òg ei oppfylging gjennom barnehagane – trur eg at foreldra sjølve oppfattar ting og kan be om hjelp dersom dei treng det.