Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 16. desember 1998 kl. 10

Dato:
President: Kirsti Kolle Grøndahl
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 27

Annelise Høegh (H): «Stortinget har bedt om at A/S Vinmonopolet revurderer sin planlagte avanseomlegging fra 1. januar 1999, slik at særlig de billigste vinene ikke blir dyrere. Hvis ikke oppheves effekten av vedtaket om lavere alkoholavgifter for å redusere grensehandelen. Statsråden har akseptert A/S Vinmonopolets styrevedtak om først å vurdere eventuelle endringer 1. mai 1999.

Hvorfor har ikke statsråden etterkommet Stortingets klare intensjon om ikke å gjennomføre avanseomleggingen fra 1. januar 1999?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eit fleirtal i Stortinget ber i ein merknad i Innst. S nr. 40 for 1998-99 om at den planlagde avanseomlegginga hjå A/S Vinmonopolet blir revurdert.

I mitt brev til Stortinget av 8. desember har eg gjort greie for mi sakshandsaming så langt. Styret i A/S Vinmonopolet har i sitt vedtak av 3. desember 1998 i realiteten peikt på at ei omlegging ikkje er mogleg å gjennomføra allereie frå 1. januar. Styret vil derimot vurdera kalkylemodellen med sikte på moglege endringar frå 1. mai 1999.

Etter mi meining inneber vedtaket ei rimeleg tidsramme. Eg har forståing for styret si handsaming av denne saka. Eg vil nytta høvet til å minna om at styret i A/S Vinmonopolet, som i andre selskap eigde av staten, har eit sjølvstendig ansvar for alle handelsavgjerder. Etter alkohollova skal A/S Vinmonopolet si innkjøpsverksemd – innanfor alkoholpolitiske rammevilkår – skje på vanlege handelsvilkår. Den skal tilpassast etterspurnad og sikra likehandsaming. Dette gjeld òg fastlegging av ein avansemodell. Det er òg gitt føresegner som skal sikra innsyn i A/S Vinmonopolet si prisfastsetting, og særleg likehandsaming av produkt og leverandørar. Styret kan såleis ikkje utan vidare laga ein kalkylemodell som inneber at særleg dei billigaste vinane ikkje blir dyrare. Effekten av vedtaket om lågare alkoholavgifter er elles avhengig av fleire faktorar, m.a. prisane frå grossistane og valutakursendringar.

Eg legg til grunn at Stortinget vil ha forståing for at styret i A/S Vinmonopolet i denne saka har eit sjølvstendig ansvar og må få høve til å føreta ei ny sakshandsaming innanfor ein framdriftsplan som det sjølv finn forsvarleg, og eg vil koma tilbake til Stortinget med ei orientering når eit nytt styrevedtak ligg føre.

Annelise Høegh (H): Jeg takker statsråden for svaret, men jeg må si at jeg er ganske overrasket over at statsråden setter seg så velbehagelig til rette og aksepterer styrets håndtering her.

Det er ikke en evaluering eller en vurdering stortingsflertallet har bedt om, det er en revurdering, og i parlamentarisk ordbruk tror jeg det er relativt enkelt å forstå at det betyr at stortingsflertallet ønsker at denne avanseomleggingen ikke blir gjennomført. Og det er, så vidt jeg vet, ikke riktig å si at Vinmonopolet ikke har anledning til å gjøre om dette vedtaket med virkning fra 1. januar. I 1996, da vi hadde det gamle salderingssystemet, fikk de avgiftsvedtak omtrent på denne tiden, så å si at de ikke har tid, er å bortforklare. Det er trenering, og jeg syns det er meget alvorlig dersom statsråden setter seg til rette og ser på og aksepterer at Vinmonopolet bevisst trenerer et uttrykt ønske fra Stortinget, et ønske som er uttrykt både gjennom Stortingets nye avgiftsvedtak og gjennom den flertallsmerknaden som statsråden selv viste til. Jeg vil derfor be henne på nytt om å revurdere dette, altså å få Vinmonopolet til å skjønne at vil de overleve, bør de opptre på en annen måte.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Etter mitt syn handlar dette spørsmålet om kva vilkår Vinmonopolets styre har for sitt arbeid, og det er gitt klare retningsliner for kva styret på eiga hand kan føreta av vurderingar. Avgiftene og endringar i dei er noko dei må forhalda seg til kvart år. Dei skal òg sjølve byggja opp eit forhold til sine grossistar, sine leverandørar, og det var det som skapte problema innanfor den tida som dei no hadde til disposisjon.

Elles gir stortingsfleirtalet vekslande meldingar om i kor stor grad det er ynskjeleg å gripa inn i styret si handelsverksemd. Eg viser til merkanden om vareutvalet, der Regjeringa fekk beskjed om ikkje å gripa inn, og likeins til merknaden om sjølvbetente pol, der Vinmonopolet sine eigne vurderingar skulle tilleggjast avgjerande vekt.

: