Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Interpellasjon frå representanten Ranveig Frøiland til olje- og energiministeren:
«Borregaard Industries Ltd., Glomma Papp A/S, Hafslund ASA og Globe Norge AS Hafslund Metall i Sarpsborg saman med dei tillitsvalde, har laga eit samarbeidsprosjekt, «Energi- og Miljøprosjektet rundt Sarpsfossen». Overordna mål for prosjektet er gode løysingar både for energiforsyning, miljøutslepp og sysselsetjing i regionen. Dersom ein skal oppnå ein «vinn-vinn-situasjon» for bedriftene, regionen og samfunnet, er dei avhengige av kraft til ein pris som kan gjera dette prosjektet lønsamt. Det er bedriftene si plassering i høve til kvarandre som gjer prosjektet så unikt med omsyn til optimal utnytting av energien, der ein blant anna kan få til eit energigjenvinningsanlegg som kan redusera bruk av olje. Dette er eit godt energi- og miljøprosjekt som det hastar med å få til.
Ser statsråden noka mulegheit for å få dette prosjektet realisert medan ein ventar på eit nytt system for den kraftintensive industrien?»