Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 27. mai 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 17

Torbjørn Andersen (Frp): Jeg skal få lov å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Det er konstatert at en del skoler i Agder-fylkene både ut- og innvendig består av asbestholdige bygningsmaterialer. Under visse forutsetninger som for eksempel ved oppussingsarbeid, hærverk og manglende vedlikehold på skolebygningene kan dette farlige materialet spre seg rundt i skolebygningene. Dette er meget alvorlig da barn og unge lettere vil kunne skades av dette materialet enn voksne.

Hva mener statsråden må gjøres for å håndtere denne situasjonen på en fullt ut forsvarlig måte?

Statsråd Jon Lilletun: Eg legg til grunn at dersom det ved ein skule eksisterer omstende av ein slik karakter at det kan liggje føre helsefare, må problema løysast i samsvar med kommunehelsetenestelova med tilhøyrande forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular.

Det fylgjer av denne forskrifta § 7 at dei verksemdene ho omfattar, skal vere helsemessig tilfredsstillande. Det er kommunen som er ansvarleg for at krava i forskrifta er oppfylte. Etter kommunehelsetenestelova § 3-4 skal kommunen ha kommunelege, som har som ei av oppgåvene å gje medisinsk-faglege råd til kommunen. Tilrådingar og grunngjevingar frå kommunelegen skal alltid fylgje saka når kommunen behandlar saker om miljøretta helsevern. Skulle elevar og/eller foreldre finne det aktuelt å sette spørsmålsteikn ved dei helsemessige forholda ved skulen, har dei sjølvsagt fullt høve til å ta spørsmåla opp med leiinga ved skulen, men i tillegg må dei òg kunne vende seg til kommunelegen for å få ei vurdering av situasjonen.

Etter kommunehelsetenestelova § 6-3 er det Statens helsetilsyn som fører tilsyn med at kommunen fylgjer føresegnene i lova. Sidan Helsetilsynet sorterer under Sosial- og helsedepartementet, har eg sendt saka dit, slik at ein der kan vurdere om det i dette høvet er grunn til å gjere noko frå staten si side.

For å vere på den trygge sida vil eg også gjere merksam på at dersom dei tilsette ved skulen meiner at det fysiske arbeidsmiljøet ikkje er forsvarleg, vil dei sjølvsagt kunne ta forholdet opp med skuleleiinga og skuleeigar. Dei har også høve til å ta det opp med Arbeidstilsynet dersom det skulle vere nødvendig.

Torbjørn Andersen (Frp): Jeg takker for svaret, men jeg er ikke helt beroliget over det svaret jeg fikk. Jeg registrerer at det henvises til det kommunale ansvar, og at det er lagt opp til en vurdering fra statens side om hvorvidt det er et alvorlig problem. Jeg vil minne om at mellom 50 og 250 krefttilfeller årlig kan relateres tilbake til kontakt med asbest, og jeg vil benytte anledningen til å minne om at St.meld.nr.28 (1997-1998) , Om miljøhensyn i bolig- og byggsektoren, den såkalte HABITAT-meldingen, slår fast at miljøriktige bygningsmaterialer skal anvendes i boligene. Da burde staten og kommunene være seg bevisst sitt eget ansvar her. Men det det er snakk om, som jeg vil få lov til å stille spørsmål om, er hva som skjer dersom det viser seg at det er et alvorlig problem. En totalrenovering av asbest koster penger. Kommunene har ikke råd til å utbedre med de kostnadene som det medfører. Kan statsråden tenke seg at staten kan medvirke med midler?

Statsråd Jon Lilletun: Representanten Andersen er ikkje heilt nøgd med svaret, og det har eg i og for seg forståing for, for dette er samansett. Eg føler òg sjølv at det ikkje er heilt enkelt å vite korleis ein best kan gripe saka an, så eg er ganske audmjuk i forhold til det. Men eg har altså bede om ei eiga vurdering frå Helsetilsynet og Sosial- og Helsedepartementet i dette tilfellet for å sjå på kva staten eventuelt kan gå inn med i forhold til det lovverket og det ansvaret som vi har.

Når det gjeld spørsmålet frå representanten Andersen om kommuneøkonomien, er det klart at det ligg føre ei ansvarsfordeling mellom stat, fylke og kommune i høve til offentleg verksemd. Investeringar til bygg er kommunens ansvar, og det same gjeld vedlikehald. Når ein derimot gjennomfører reformer som Reform 97 i grunnskulen, stiller òg staten med midlar. Derfor ville ein på ein måte forskusle denne ansvarsfordelinga dersom staten no over natta sa at ein gjekk inn.

Torbjørn Andersen (Frp): Selvsagt skjønner jeg de forklaringer som statsråden gir. Men jeg vil minne om at asbest er et meget skadelig materiale som jeg kjenner godt til selv, og som er spesielt skadelig for barn og unge på grunn av deres utvikling og de mangler på forsvarsmekanismer de har overfor dette i hals og svelg.

Siden det er et alvorlig problem, håper jeg at jeg kan få et positivt svar, at sentrale myndigheter vil følge dette problemet videre og ha et meget årvåkent øye med tilstander som måtte dukke opp, og gripe sterkere tak i det dersom det viser seg å være behov for det.

Statsråd Jon Lilletun: Det er heilt rett som representanten Andersen seier, at asbest er eit frykteleg farleg stoff. Det er sikkert òg heilt rett at han frå sitt yrke kjenner godt til produktet.

Det som er ein tankekross i denne saka og liknande saker, er at det ein ser på som ei stor teknologisk og produktmessig nyvinning, slik asbest i si tid var, kan verte ein livsfarleg ting i staden. Det er òg noko som bør gjere oss audmjuke i forhold til det vi trur er ei nyvinning, dersom vi ikkje kontrollerer og kvalitetssikrar det skikkeleg.

Eg skal love representanten Andersen at vi skal ta dette på alvor. Eg vil nok tru at dette ikkje berre gjeld Agder-fylka, men ganske mange plassar. Eg skal love at vi skal sjå på korleis ein kan sikre generelt at dette ikkje skal få dei katastrofale fylgjene som representanten Andersen er redd for.

Eg takkar for at spørsmålet er teke opp, og skal gjere mitt beste.

: