Stortinget - Møte onsdag den 27. mai 1998
Spørsmål 15
Siri Frost Sterri (H): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Det vises til Innst.S.nr.101 (1993-1994) hvor et flertall bestående av Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti ber om at det utarbeides en plan for å bedre studentpresttjenesten.
Hvordan er dette fulgt opp av departementet?
Statsråd Jon Lilletun: Representanten Siri Frost Sterri viser til ein fleirtalsmerknad i komitéinnstillinga om studiefinansiering og studentvelferd som vart handsama av Stortinget i 1994. Representanten spør korleis departementet har følgt opp komitéfleirtalet si oppmoding om at det vert utarbeidd ein plan for å betre studentpresttenesta.
Vi har no elleve studentprestar. Dette er vanlege prestestillingar, men med eit særskilt ansvar for prestetenesta blant studentar. Behovet for studentpreststillingar må difor på vanleg måte vurderast i høve til behovet for prestestillingar og kyrkjelege stillingar elles i landet. I fordelinga av nye prestestillingar legg departementet stor vekt på tilråding frå kyrkjelege organ, og då særleg Kyrkjerådet, som har eit heilskapskyrkjeleg ansvar for å prioritere nye stillingar og nye innsatsområde.
I komitéfleirtalet sin merknad i Innst.S.nr.101 (1993-1994), som representanten viser til, er det vist til Kyrkjerådet si rolle i bemanningsspørsmål.
I komitéinnstillinga heiter det såleis at ein plan for å betre studentpresttenesta « bør skje i et samarbeid mellom universitetene og Kirkerådet ». Etter det eg kjenner til, har ikkje Kyrkjerådet utarbeidd ein særskild plan for studentpresttenesta, men eg er kjend med at Kyrkjerådet arbeider aktivt i høve til studentprestane, m.a ved regelbunde å samle studentprestane for drøfting av det kyrkjelege arbeidet ved universitet og høgskular og ved at behovet for nye stillingar på dette området kvart år vert vurdert av Kyrkjerådet i høve til behovet for andre prestestillingar.
Eg vil til denne saka elles nemne at Kyrkjerådet av departementet i fjor haust vart oppmoda om å medverke i eit systematisk dokumentasjonsarbeid omkring bemanninga i Kyrkja. Prestetenesta blant studentar vil naturleg verte vurdert i denne samanhengen.
Siri Frost Sterri (H): Jeg takker statsråden for svaret. Det var i det minste et ærlig svar, ved at han konstaterte at vi har elleve prestestillinger for studentene.
Vi har vel mellom 170.000 og 180.000 studenter, og vi konstaterer at de 11 studentprestene er fordelt slik at det meste av Nord-Norge er uten, med unntak av Tromsø, og at det meste av Vestlandet også mangler studentprester, med unntak av Bergen, og en halv stilling i Kristiansand, så det er åpenbart at her er det store behov.
Statsråden nevnte også det som er et problem i dette tilfellet, nemlig at studentene på mange måter må konkurrere med menigheter når det gjelder deres behov for prester. I og med at statsråden også indirekte innrømmet at de to tidligere statsrådene som burde ha ansvar for dette, ikke har fulgt det opp, er mitt spørsmål til statsråden om han vil ta et initiativ til å gjøre noe med denne saken.
Statsråd Jon Lilletun: Eg set pris på at representanten Frost Sterri fylgjer opp det Stortinget har sagt og gjort i forhold til både kyrkje og utdanning, ikkje berre vedtak, men òg merknader, på ein systematisk måte. Det gjev tryggleik for at ein ikkje skal gløyme noko undervegs.
Eg skal stadfeste det siste representanten Frost Sterri tok opp. Noko av det fyrste eg gjorde etter at eg hadde teke over, var å be Kyrkjerådet om å fylgje opp Stortingets vedtak i forhold til den totale kyrkjelege tenestesituasjonen, fyrst og fremst blant prestar, og eg reknar med at dei der kjem til å lage ei systematisk framstilling og behovsanalyse òg for studentpresttenesta. Men for å vere på den trygge sida vil eg oppfylle representantens ynske ved å be om at dei kjem med ei spesiell omtale og analyse av denne tenesta og forslag til tiltak på dette området.
Siri Frost Sterri (H): Jeg takker for det positive svaret fra statsråden, som gir signaler om et engasjement også fra hans side.
Etter at flertallet i kirke-, utdannings- og forskningskomiteen kom med sin uttalelse i mars 1994, har vi også behandlet universitets- og høyskoleloven. Der slås det klart fast at institusjonene har et hovedansvar for et godt læringsmiljø ved institusjonene. Derfor tror jeg det vil være nyttig at man får i stand et samarbeid, at det kanskje nå i disse dager er riktigere å trekke inn universitets- og høyskoleråd - høyskolerådet var vel knapt nok organisert på det tidspunktet, i mars 1994 - også fordi institusjonene i en slik opptrappingsplan vil kunne bidra med, om ikke annet, driftsmidler og, selvfølgelig, fristasjon.