Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 20. mai 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 21

Jan Johnsen (H): Jeg har følgende spørsmål til sosialministeren:

En datter i Sandnes ønsket å flytte sin far som satt isolert og alene i Oslo etter at konen var havnet på sykehjem, til familien på Sandnes. Datteren syntes det da også var riktig å få sin sterkt pleietrengende 80 år gamle senile mor flyttet over til Sandnes. I denne saken er det oppstått usikkerhet om rekkevidden av kommunehelsetjenesteloven

Vil statsråden se om det er behov for å endre lovteksten slik at det ikke er noen tvil om hvordan kommunene skal behandle slike saker?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Problemstillinga i saka frå Sandnes var om regelverket gjer det vanskeleg for personar som er avhengige av omfattande pleie- og omsorgstenester, å flytta.

I kommunehelsetenestelova § 2-1 heiter det:

Enhver har rett til nødvendig helsehjelp i den kommune der han eller hun bor eller midlertidig oppholder seg.

Problemstillinga oppstår i dei tilfella der den som treng tenester, søkjer om dette før vedkommande buset seg eller tar opphald i kommunen.

Nokre personar er avhengige av å motta pleie- og omsorgstenester heile tida, slik at dei ikkje kan flytta utan at eit tenestetilbod står klart i den kommunen dei ynskjer å flytta til. For at desse skal kunna flytta på ein forsvarleg måte, er det ein føresetnad at tilflyttingskommunen handsamar søknader og gjer vedtak om tenester før dei reint faktisk flyttar eller tar opphald i kommunen.

I praksis handsamar mange kommunar slike søknader på førehand. Saka i Sandnes, som etter det eg har forstått, har funne si løysing, og utsegner frå statlege organ i liknande saker tyder på at regelverket blir praktisert ulikt på dette området.

Eg ser at det herskar uvisse om rettstilstanden på området. Eg vil derfor sjå nærare på korleis dette spørsmålet kan løysast. Det inneber ikkje at eg i dag vil forskottera om det trengst ei endring i lovverket, eller om nødvendig smidigheit kan presiserast på anna vis. Utgangspunktet mitt er at også personar som er avhengige av pleie- og omsorgstenester, skal ha høve til å busetja seg i ein annan kommune.

Jan Johnsen (H): Jeg takker statsråden for svaret, og jeg synes det var et positivt svar.

Jeg oppfattet det slik at statsråden var enig i at det er ulike behandlingsformer i kommunene, og at statsråden vil gå inn og se på muligheten for eventuelt å forenkle dette eller iallfall få lagt en praksis som gjør at de som er pleietrengende, ikke blir de som ikke kan flyttes rundt i dette landet. Ut fra det er jeg fornøyd med det svaret som statsråden så langt har gitt, men jeg vil bare ha en bekreftelse av statsråden på at jeg har oppfattet dette riktig.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg ynskjer å stadfesta at representanten Johnsen har forstått meg rett når han oppfatta det slik at eg vil sjå nærare både på lovverket slik som det er i dag, og på på kva måte vi, enten ved å endra regelverket eller på anna vis, kan presisera ein praksis som gjer at også personar som er avhengige av pleie- og omsorgstenester, skal ha høve til å busetja seg i ein annan kommune enn der dei akkurat då bur.

Lat meg leggja til at det nok er ulike grunnar i dei enkelte kommunane for forskjellig praksis, bl.a talet på institusjonsplassar. I tillegg til eventuell endring i regelverk eller anna presisering, lat oss òg håpa at den eldresatsinga som no skjer i kommunane, vil medverka til ein snarleg endra praksis.

Jan Johnsen (H): Jeg takker for at jeg har oppfattet statsråden riktig.

Jeg er enig med statsråden i at det er nødvendig å bygge ut institusjonsplasser i kommuner som ikke har god nok dekning. Men det som er selve hovedkjernen i dette, er at i og med at de bor en annen plass enn der foreldrene bor, og det er samfunnsmessig riktig for alle parter at de bor nærmere hverandre, er denne familien kommet opp i dette uføret fordi en kommune har oppfattet denne loven som ikke så langtrekkende som den i realiteten er. Men jeg takker statsråden for det svaret som er gitt, og går ut fra at dette var et tilfelle som skjedde denne gangen, og at det ikke vil skje i fremtiden.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: I dei aller fleste kommunane i heile landet skjer det ei brei opprusting på området eldreomsorg etter det felles vedtaket som vart gjort i Stortinget i fjor, og som no blir fylgt opp. Eg kan ikkje gje nokon garanti for at det ikkje er familiar som i den næraste framtida kan koma opp i ein liknande situasjon som desse frå Sandnes og Oslo, men den konkrete saka er løyst. Det at det no er fokusert på problemet, gjer i seg sjølv at faren er redusert. Likeins at representanten Johnsen har stilt dette spørsmålet, og at sosialministeren no har lovt å sjå nærare på dette, skulle sikra at det i alle fall ikkje kan vera mange som vil oppleva ein liknande situasjon som denne.

: