Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 13. mai 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 19

Dag Terje Andersen (A): Jeg skal da få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Prosten i Larvik har siden 1995 frasagt seg Tunsberg biskops tilsyn på grunn av biskopens syn på homofile. Han nekter å følge biskopen på visitas, og nekter å ha gudstjeneste- og nattverdsfellesskap med han, og bryter klart med sin tjenesteordning.

Når vil statsråden iverksette den midlertidige forføyningen mot prosten som er foreslått av biskopen?

Statsråd Jon Lilletun: Biskopen sitt tilsyn med kyrkjelydar og kyrkjeleg tilsette er eit berande element i Den norske kyrkja si ordning. Prosten skal vere biskopen sin næraste medhjelpar i utøvinga av dette tilsynet.

Eg har konstatert at prostetenesta i Larvik ikkje fungerer i samsvar med Kyrkja si ordning. Dette har eg også gjort prosten merksam på skriftleg. Vidare har eg i samsvar med råd frå biskopen i Tunsberg halde fram som ei løysing at ein annan prest i prostiet vert sett til å fungere som prost så lenge den såkalla tilsynsfråseiinga varer. Prosten har svart at han ynskjer at saka vert brakt inn for Den norske kyrkja si lærenemnd, og etter det eg kjenner til, førebur no biskopen læresak. Dette er eit moment som det bør takast omsyn til også i departementet si handsaming av denne saka som forvaltningssak. Det er difor ikkje mogeleg for meg i dag å seie kva for løysing ein vil få, eller kva tid ei løysing av denne saka vil liggje føre.

Utover dette syner eg til svaret eg gav representanten Inge Lønning i den munnlege spørjetimen sist veke.

Dag Terje Andersen (A): Statsråden har flere ganger understreket behovet for at når vi har en statskirkeordning med kirkestatsråden som den øverste ansvarlige, er det viktig å skille mellom ansvaret for de teologiske spørsmål og det vi kanskje kan kalle arbeidstaker/arbeidsgiverforholdene innenfor Kirken. Med det som bakgrunn synes jeg det er noe spesielt at behandlingen som skal foregå i Lærenemnda, blir brukt som et påskudd for ennå ikke å trekke den konklusjon som biskopen alt har tilrådd. Så langt jeg kan forstå, bygger biskopens tilråding ikke på et ønske om å kneble en teologisk debatt - prosten i Larvik må gjerne få lov til å mene det han vil i teologiske spørsmål. Spørsmålet er om prosten utøver tjenesteforsømmelse ved at han nekter å jobbe sammen med biskopen på de nevnte områder. Jeg må derfor spørre statsråden om det er mulig, når en skal holde teologiske vurderinger utenom, å komme til noen annen konklusjon enn det biskopen har tilrådd.

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg konstatere at representanten Andersen og eg er heilt samde på det punktet at det er klokt å skilje mellom teologiske tilhøve og arbeidsforhold i den utøvinga som departementet skal føreta. Eg vil nok seie at det hadde vore bra om andre i spørjaren sitt parti hadde vore like klare som han.

Når det gjeld realitetane i saka, har eg nær kontakt med biskopen. Det er, når begge har ynskt dette inn for Lærenemnda, grunn til å sjå på kva løysing ein skal velje i mellomtida. For det har kome inn eit nytt moment som ikkje låg i den førebelse tilrådinga frå biskopen. Men slik som elles vil eg i denne saka ha nær kontakt med den ansvarlege i Kyrkja, og eg vil ikkje føreskrive no kva løysinga vil verte. Det vil vere heilt feil i ei personalmessig sak.

Dag Terje Andersen (A): Det er altså sånn at det er gitt et klart råd fra biskopen i Tunsberg om hva som bør skje i forhold til den tjenesteforsømmelse som vi kan si finner sted - det er ikke en læreavhengig konklusjon, men i forhold til den jobben som skal utføres. Jeg regner med at Lærenemnda skal holde seg til de teologiske spørsmål, og kan sånn sett ikke se hvorfor statsråden skyver på avgjørelsen når biskopen meg bekjent har bedt om at den midlertidige, milde forføyning som er foreslått - det er ikke snakk om noen oppsigelse, det er snakk om en mild, midlertidig forføyning - iverksettes uavhengig av hva Lærenemnda kommer til i spørsmålet om den rette læren.

Jeg synes derfor det kan vitne noe om beslutningsvegring når statsråden, som tidligere har understreket at han ikke blander seg bort i teologiske spørsmål (presidenten klubber), skal vente til den teologiske avklaringen foreligger før han svarer på et etter mitt syn rent administrativt spørsmål, og setter biskopen i Tunsberg i en håpløs situasjon.

Presidenten: Presidenten vil be om at ein respekterer taletida.

Statsråd Jon Lilletun: Eg kan forsikre representanten om at eg har nær kontakt med biskopen i Tunsberg i saka, og at eg ikkje set han i ein umogleg situasjon. Men samstundes er det parallellar òg i Kyrkja akkurat no, der ein avventar Lærenemnda før ein gjer noko i forhold til eit tenesteforhold. Det er ikkje berre akkurat i denne saka det skjer.

Det er heilt rett at det er læremessige spørsmål som skal avklarast i nemnda, men det er klart at det i neste runde òg kan ha innverknad på tenesteforhold. Utan omsyn til om eg vert skulda for « beslutningsvegring », kjem eg derfor ikkje til å behandle denne saka frå Stortingets talarstol, men i nær kontakt med biskop og vedkomande prest. Det meiner eg er det mest forsvarlege.

: