Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 6. mai 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 13

Rune E Kristiansen (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Oslo er nå i en prekær mangel på faglærte lærere i grunnskolen.

Vil statsråden aktivt gå inn i samarbeid med Oslo kommune for å finne løsninger på dette problemet?

Statsråd Jon Lilletun: Grunnskulestatistikken viser at om lag 9 % av lærarårsverka i grunnskulen i Oslo blir utførte av lærarar utan godkjend lærarutdanning. Ved 50 av skulane er den delen som manglar godkjend lærarutdanning, høgare enn gjennomsnittet for kommunen. Ved ni skular utgjer lærarårsverka utan godkjend utdanning over 20 %, medan det ved 23 skular ikkje er nokon lærar utan godkjend utdanning. På landsplan utgjer den delen av årsverka som er utførte av lærarar utan godkjend utdanning, i underkant av 5 %. Samanlikna med dei andre fylka er Oslo no det fylket som har den høgste prosentdelen lærarårsverk utan godkjend lærarutdanning.

I Oslo er denne delen av lærarårsverka blitt meir enn dobla det siste året. Det har vore ei tredobling i talet på lærarar utan godkjend lærarutdanning - frå 170 til 430. Men Oslo er ikkje aleine om denne utviklinga. Om lag 50 andre små og enkelte store kommunar har det siste året hatt ein større auke enn Oslo - målt i prosentpoeng - i talet på lærarårsverk utan godkjend utdanning. Drammen er mellom desse kommunane, der denne delen av lærarårsverka har auka frå under 4 % førre skuleåret til nær 14 % i år. Ei av årsakene til dette er gjennomføringa av Reform 97.

Behovet for å få undervisningspersonell med godkjend lærarutdanning er altså ikkje eit eineståande problem for Oslo. Eg er sjølvsagt ikkje tilfreds med denne situasjonen, verken i Oslo eller i andre kommunar, der det no er eit aukande problem å få kvalifiserte søkjarar til lærarstillingane i grunnskulen. Situasjonen i Oslo er ny og alvorleg, men gjev etter mi vurdering ikkje grunnlag for å meine at « Oslo er nå i en prekær mangel på faglærte lærere i grunnskolen ». Men eg vil fylgje utviklinga nøye.

Etter at lærarsituasjonen i Oslo vart kjend gjennom den årlege innhentinga til departementet sin grunnskulestatistikk, har Statens Utdanningskontor i Oslo og Akershus drøfta lærarsituasjonen med kommunen. Kommunen har oppgitt at det mellom lærarane utan godkjend lærarutdanning er svært få som berre har treårig vidaregåande utdanning. Dei aller fleste har, eller er i ferd med å fullføre, ei høgare utdanning - cand.mag. eller liknande - men dei manglar praktisk-pedagogisk seminar for å ha ei godkjend utdanning. Det inntrykket ein kan få gjennom media, er at folk blir henta rett inn frå gata for å undervise, og det inntrykket er med andre ord lite dekkjande for Oslo.

Det er ein klart utilfredsstillande situasjon at mange skular i Oslo har ein høg del lærarar utan godkjend utdanning, men etter det eg har fått opplyst, har kommunen sett i verk tiltak for å betre situasjonen. Kommunen gjev kurs til ufaglærte lærarar og har sett inn ekstra ressursar til rettleiing ved skular med tre eller fleire ufaglærte lærarar. Eg er òg kjend med at kommunen har sett ned eit eige utval som skal kome med forslag til korleis kommunen kan bøte på situasjonen.

Det er ei prioritert oppgåve for Regjeringa å leggje til rette for at alle elevane i grunnskulen skal få opplæring av kvalifiserte lærarar. Når det gjeld spørsmålet om kva for omfang lærarutdanninga i Noreg bør ha for å sikre god lærardekning i åra framover, vil eg gjenta det eg har sagt tidlegare i eit svar på ein interpellasjon frå representanten Sigvald Oppebøen Hansen tidlegare i vår (presidenten klubber) - orsak, president, eg har tre liner igjen - at dette vil Regjeringa kome attende til i ei stortingsmelding om dimensjoneringa av ulike studium innanfor høgre utdanning. Den vil bli lagd fram for Stortinget 15. mai, og i dei handlingsplanar som Stortinget bad om, vil eg òg kome attende til dette spørsmålet.

Presidenten: Presidenten vil minne om at selv om hun var slepphendt akkurat nå, så gjelder reglene om taletiden både for Jørgen hattemaker og kong Salomo.

Rune E Kristiansen (A): Jeg takker statsråden for et svært fyldig svar, men jeg føler vel at den situasjonen Oslo er oppe i, og den utviklingen vi ser framover med økende elevtall og økende krav til faglærte lærere, ikke minst også i forhold til Oslos store andel av flerkulturelle miljøer, krever en mer aktiv holdning fra statsråden enn det han gav uttrykk for i sitt svar.

Jeg er selvfølgelig kjent med at Oslo har mye ressurser selv, og at Oslo som kommune må være den drivende kraft. I morgen skal vi bl.a ha en diskusjon om bruk av virkemidler i distriktspolitikken, og det er slik at de sentrale strøk er pressområder når det gjelder mange ting, men på dette området slår det ofte den motsatte vei, nemlig at lærere finner det bedre å søke seg ut av sentrale strøk og ut i distriktene fordi virkemiddelbruken kan slå negativt ut. Det er det jeg håper statsråden er oppmerksom på, i tillegg til det han selv har nevnt.

Statsråd Jon Lilletun: Eg merka meg at representanten Kristiansen hadde funne svaret - til liks med statsråden sjølv - fyldig. Men eg synest det er grunn til å spørje kvifor det har vorte slik. Då kunne det vere freistande å seie at ein innførde ei reform utan at ein i tilstrekkeleg grad hadde planlagt kva lærarbehovet ville vere. Men reforma er vedteken, og det må vi gjere det beste ut av.

Eg registrerer at representanten Kristiansen meiner at eg burde vere meir aktiv. Ja, no er det altså kommunen sitt ansvar, men allereie med ein gong det var klart tok min representant i Oslo og Akershus, utdanningsdirektøren, kontakt for å sjå om Oslo hadde eit grep om dette.

Eg har registrert at bl.a representanten Lønning har lansert eit forslag om høgare løn i Oslo. No seier representanten Kristiansen at vi må sjå det i forhold til distriktsordningane. Alle desse tinga må vi vurdere, men eg har ikkje eit ferdig svar i dag.

: