Stortinget - Møte onsdag den 22. april 1998
Spørsmål 4
Ågot Valle (SV): Jeg har følgende spørsmål til barne- og familieministeren:
Barne- og familiedepartementet sendte 10. mars 1998 ut et brev til alle kommuner, fylkeskommuner og fylkesmenn. Det blir i brevet presisert at retningslinjer for godkjenning av fosterhjem også skal benyttes ved godkjenning av besøks- og avlastningshjem. Det blir presisert at homofile par som hovedregel ikke kan godkjennes som verken fosterhjem eller besøks- og avlastningshjem.
Hvordan kan statsråden forsvare at en hel gruppe mennesker skal kunne avvises som ressurspersoner kun på grunn av seksuell legning?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det er den tidlegare regjeringa som har laga dei eksisterande vedtaka og retningslinjene som ligg til grunn for å velja ut og godkjenna fosterheimar. Departementets fråsegner og vurderingar i saker om anten å bli foster- eller besøks- og avlastingsheim er såleis i tråd med tidlegare retningslinjer og praksis. Eg har ikkje gjort endringar frå tidlegare praktisering. På grunn av ei sak som kom opp i Sarpsborg, om å bruke homofile som avlastingsheim, og der mora ikkje ynskte å nytta dette tilbodet, fann departementet grunn til å presisera gjeldande regelverk og praksis.
For godkjenning av fosterheim heiter det i departementets retningslinjer av 23. november 1993:
Fosterhjemmet bør i utgangspunktet danne en tradisjonell familieenhet som ikke skiller seg for mye fra hva som ellers er vanlig i samfunnet. For å sikre barnet en stabil og god omsorgssituasjon, bør barneverntjenesten velge fosterhjem der barnet kan få både fostermor og fosterfar, men det er i utgangspunktet ikke nødvendig å stille krav om at fosterforeldrene er gift.
Vidare lyder det:
Ut fra kravet om tradisjonell familieenhet, vil generelt heller ikke homofile være aktuelle som fosterforeldre. Men det kan tenkes unntak også fra en slik hovedregel etter en konkret vurdering i situasjoner der barnet har en særlig tilknytning til vedkommende. Barnets egen og foreldrenes holdning bør tillegges vekt når det gjelder spørsmål om eventuelt fosterhjemsplassering hos enslige eller homofile.
Det er grunn til å presisere at når det offentlege tar på seg å yta hjelpe- eller omsorgstiltak til utsette born og unge, er det naudsynt å visa stor varsemd i forhold til kvar borna blir plasserte, anten det er for kortare eller lengre tid. Av omsyn til barnet har det vore praksis ved godkjenning av besøks- og avlastingsheim for born under omsorg å fylgja reglane for godkjenning av fosterheim.
Eg ser at det kan vera gode grunnar til å skilja mellom born som er under omsorg av barnevernstenesta, og born som bur fast hos dei biologiske foreldra sine og nyttar f.eks avlastingsheim som eit frivillig hjelpetiltak. Når besøks- og avlastingsheimen blir nytta som eit frivillig tiltak, og barnevernstenesta og foreldra er samde om val av personar, kan ein diskutera kor mykje staten skal blanda seg inn i det. Eg er open for, dersom både barnevernstenesta og foreldra er samde, at òg einslege eller homofile kan bli brukte dersom dei elles tilfredsstiller dei krava som bør stillast til tiltaket ut frå bornas behov. Dette vil eg sjå nærare på.
Eg har òg lyst til å minna om at det er ingen menneskerett korkje å bli besøks- eller fosterheim. Tvert imot bygger barnevernslova sine vedtak på at slike heimar skal vurderast individuelt og innfri heilt særlege vilkår, og at det er barnets beste som må vera utgangspunktet.
Ågot Valle (SV): Jeg takker for svaret.
Jeg registrerer at statsråden sier at brevet til bl.a kommunene ikke innebærer en innskjerping. Etter min mening gjemmer hun seg bak retningslinjene gitt av Arbeiderpartiet. Til det er å si at statsråden har et sjølstendig ansvar for de signalene hun sender ut.
Retningslinjene fra 1993 gjelder godkjenning av fosterhjem og ikke avlastnings- og besøkshjem. Undersøkelser som er gjort i barnevernet, viser at det ikke har vært ens praksis ved godkjenning av besøks- og avlastningshjem. Brevet med de nye retningslinjene betyr derfor en klar innstramming, og det blir oppfattet slik også i Sarpsborg kommune.
Alle er vi opptatt av barnas beste, og det er til barnas beste at ressurspersoner som kan gi avlastning, varme og omsorg, ikke skal utelukkes på grunn av samlivsform eller seksuell legning. Mitt spørsmål går på hovedregelen - det er den vi må ta utgangspunkt i, selv om statsråden gir signaler om unntak. Mitt spørsmål blir da: Vil statsråden trekke tilbake brevet med de nye retningslinjene, eller må barnevernet og kommunene vente til (presidenten klubber) et stortingsflertall eventuelt vedtar nye retningslinjer for godkjenning av besøks- og avlastningshjem som innebærer at man ikke skal utelukkes på grunn av seksuell legning eller samlivsform? Jeg beklager at jeg overskred taletiden, president.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg har lyst til å understreka endå ein gong at dette ikkje er nye retningslinjer. Det er dei gamle retningslinjene som er sende ut på nytt på grunn av ei sak i Sarpsborg der ei mor fekk tildelt eit homofilt par som ho ikkje ynskte å bruka.
Eg har òg sagt at dersom foreldra og barnevernet ynskjer å bruka andre enn familiar med mor og far, har ikkje eg tenkt å seia nei til det. Det brevet understreka, er det som departementet faktisk har lagt til grunn for retningslinjene som er blitt utforma. Det har ikkje skjedd nokon endringar sidan eg vart statsråd. Sarpsborg-saka var ei av dei fyrste sakene eg fekk på bordet. Sjølvsagt måtte eg gjera meg kjend med lover og retningslinjer, og det gjorde eg. Etter det vart det sendt eit brev til kommunane. At kommunane oppfattar det som ei innskjerping, det får så vera. Men det har ikkje vore intensjonen. Intensjonen har rett og slett vore å klargjera kva som er retningslinjene. Derfor finn eg ikkje nokon grunn til å trekka tilbake det brevet som er sendt ut frå departementet si side.
Ågot Valle (SV): Jeg registrerer at statsråden nok en gang sier at det ikke foreligger en innstramming. Men det er helt klart at de retningslinjene som ble godkjent i 1993, ikke gjelder besøks- og avlastningshjem. Jeg har også registrert at statsråden i aviser har uttalt at homofile er uegnet som bl.a reserveforeldre. Da går jeg ut fra at hun også tar med besøks- og avlastningshjem.
Det er hovedregelen vi må snakke om her, og om signaler om hvem som skal betraktes som ressurspersoner i barnevernet. Jeg kan ikke tolke statsrådens svar annerledes enn at hun ikke vil trekke tilbake brevet, altså at hovedregelen skal være at en ikke vil godkjenne ressurspersoner, som barnevernet skriker etter, på grunn av at de er homofile, eller at de har en samlivsform som ikke er A4.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Då må eg igjen understreka at når det gjeld fosterheimar, avlastingsheimar og besøksheimar, trur eg det er viktig at vi held fast ved det som er hovudregelen i dag, nemleg at desse borna skal få tilbod om ein heim med mor og far. Det står òg i forskrifta at ein ikkje treng å vera gift, men at det skal vera stabile heimar med mor og far. Det trur eg faktisk det er viktig å ha som ein hovudregel.
Så har eg altså ikkje sagt at vi ikkje har bruk for alle desse som kan tenkja seg å gjera ein jobb i form av å vera avlastingsheim og besøksheim. Eg understrekar igjen at dersom dei som treng avlasting, og barnevernstenesta finn ut at dei ynskjer å bruka einslege, uavhengig av seksuell legning, så har ikkje eg tenkt å legga meg opp i det. Det er inga innskjerping i forhold til det som har blitt lagt til grunn før.
Eg vart kanskje meir forbausa enn representanten vart då eg opna Dagbladet på laurdag og såg kva eg skulle ha sagt. For det har eg faktisk ikkje sagt. Eg ynskjer å halda på den praksisen vi har, med den moglegheita som er i lovverket til å fråvika hovudregelen når det er ynskeleg. Det har òg departementet tenkt å gjera i framtida.