Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 22. april 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

Ifølge Enestående Adoptanters forening har barne- og familieministeren gitt signaler om at enslige bare unntaksvis skal få innvilget en adopsjonssøknad.

Hvorfor vil statsråden ikke gå inn for at enslige på lik linje med andre skal ha mulighet til å adoptere dersom de oppfyller de krav en bør sette til adoptivforeldre?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Adoptivborn frå utlandet har ein spesiell bakgrunn og vil oftare enn andre born ha særskilde behov og krevja ekstra tid og overskot hos adoptivforeldra sine, som regel gjennom fleire år. Samstundes er det styresmaktene sitt ansvar å forvissa seg om, så langt det er mogleg, at utanlandske adoptivborn blir plasserte i familiar med dei beste føresetnadene for å fylgja dei opp. Det er neppe mogleg å koma forbi at eineforeldrefamiliar ofte har ein vesentleg meir krevjande familiesituasjon enn toforeldrefamiliar. Det er derfor neppe i samsvar med adopsjonsstyresmaktene sitt ansvar å opna for ein godkjenningspraksis som gir adoptivborn frå utlandet ein familie her i landet som, etter opplysningar frå einslege forsørgjarar sjølve, ofte slit meir i kvardagen enn familiar med to foreldre.

Slik eg ser det, handlar det til sjuande og sist om om vi skal la retten til einslege søkjarar til å få born gå framfor borna sin rett til å få to foreldre. Det er Regjeringa sitt syn at born har best av å veksa opp med både mor og far. Dette synet blir ikkje mindre viktig når det gjeld adoptivborn, som i utgangspunktet har mista foreldra sine og anna slekt, og som nettopp kan trenga den styrken som ligg i å få høyra til både eit foreldrepar og deira slekt på begge sider.

Når det er sagt, vil eg understreka at det framleis vil vera mogleg for einslege søkjarar å få godkjenning til adopsjon dersom vedkomande er knytt til barnet på førehand eller har spesiell kunnskap om og erfaring med born. For einslege søkjarar i sistnemnde kategori inneber det at dersom det ikkje er mogleg å finna to foreldre til eit bestemt barn og søkjaren framstår som særleg godt eigna omsorgsperson for akkurat dette barnet, vil vedkomande etter ei konkret vurdering kunna bli godkjend.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Andelen av enslige mødre og fedre med barn under 18 år er sterkt stigende og vil vokse sterkt fram mot år 2020. Den vil være på hele 19 %. For mange barn er familiesituasjonen blitt mer variert og omskiftelig. Ekteskapet er ikke lenger enerådende som samlivsform, og ny forskning viser også at det ikke er familiestrukturen i seg selv som bestemmer barnas tilpasning.

De fleste enslige som søker om å få adoptere barn, er kvinner med høy utdannelse, godt nettverk og god økonomi. De har et meget sterkt ønske om å adoptere barn og kunne gi dem en trygg oppvekst, selv om det mange ganger kan være strevsomt. Jeg vil spørre statsråden om hva hun er redd for hvis ressurssterke enslige får anledning til å adoptere. Bør vi ikke nå fokusere på barna, og ikke være defensive og holde på det som har vært? Ser statsråden endringen i familiestrukturen som en trussel mot barna i dag?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Når det gjeld endringar i familiestrukturen og om det er ein trussel for borna i dag, kunne eg hatt eit ganske langt foredrag om akkurat det. For eg trur at familiesituasjonen for veldig mange born på mange måtar er dårleg i dag. Den oppløysingstendensen vi har i samfunnet, er ikkje til det beste for borna.

Men når det er sagt, har eg òg lyst til å understreka at når det gjeld einslege forsørgjarar, har me mange av dei, og dei gjer ein svært god jobb. Men dei understrekar òg at dei har tunge dagar nettopp fordi dei er åleine. Det seier deira eigne organisasjonar, og det seier dei sjølve, og det er vi klare over. Eg veit òg at veldig mange av dei einslege som ynskjer å bli adoptivforeldre, er veldig ressurssterke kvinner, som representanten seier. Eg har ikkje tenkt å gå inn for eit forbod. Det ligg heller ikkje i lovverket. I desse dagar sender vi ut forskrifter på høyring, og eg vil sjølvsagt ta til meg det som kjem inn i desse høyringsutsegnene og sjå kva vi kan endra, men grunnlaget må vera at dersom ein kan oppnå to foreldre som òg er veldig godt vurderte, er det for dei aller, aller fleste det beste tilbodet vi kan gje.

: