Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 22. april 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 20

Astrid Marie Nistad (A): Eg tillet meg å stille følgjande spørsmål til utdannings- og forskingsministeren:

Finanskomiteens leiar, Lars Gunnar Lie, med fleire har kravt at ingeniørutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, filial Førde, skal førast vidare, trass i dårleg søknad frå studentar. Statsråden har med bakgrunn i dette kravet gitt beskjed til høgskulen om at denne utdanninga skal fortsette.

Korleis vil statsråden sikre økonomien ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i høve til andre eksisterande godt søkte studieretningar og til nye studieretningar i krav med den teknologiske utviklinga?

Statsråd Jon Lilletun: Som representanten Astrid Marie Nistad heilt rett påpeikar, kom eg etter ei samla vurdering til at det var rett å halde fram med teknologisk utdanning i Sogn og Fjordane. Det var òg det rådet eg fekk frå stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane då dei tok kontakt med meg i denne saka. Eg skuldar her å leggje til at representanten Nistad ikkje var til stades - det var vararepresentanten som var inne for henne. Like eins var det stor pågang frå store delar av næringslivet i Sogn og Fjordane, som var urolege for å miste dette tilbodet.

Rekruttering av studentar til Høgskulen i Sogn og Fjordane vil vere ei utfordring i tida framover, ikkje berre når det gjeld ingeniørutdanninga. Høgskulen har òg andre studium som ikkje rekrutterer nok studentar. Berre å auke den økonomiske ramma til høgskulen er derfor ikkje ei løysing aleine.

Departementet er no inne i ein god dialog med leiinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eg har allereie hatt eit møte med rektor og direktør og studentrepresentant ved høgskulen, og vi har avtalt eit nytt møte med det aller fyrste. Gjennom desse samtalene håpar eg at høgskulen i samarbeid med departementet skal finne eit grunnlag for ei god løysing på dei utfordringane som institusjonen no står overfor.

Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar for svaret. Eg merka meg at statsråden ikkje svarte på hovudspørsmålet mitt, om korleis han vil sikre økonomien til høgskulen, men viste til at han er inne i ein god dialog og samtale med leiinga ved skulen.

Tal frå Høgskulerådet syner at Høgskulen i Sogn og Fjordane kjem dårlegast ut når det gjeld overføringar pr student, med om lag 1.800 kr, eller 3,7 % under landsgjennomsnittet, noko som går ut over forsking og utvikling ved høgskulen, og når statsråden samtidig pålegg den dyraste og minst søkte utdanninga, veit vi at dette vil forverre den økonomiske stoda ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det vil måtte gå ut over dei godt søkte linjene som naturfag, akvakultur og lærarutdanninga. Også basisutdanninga ved høgskulen vil måtte verte skadelidande.

Mitt spørsmål er på nytt: Korleis vil statsråden føre høgskulen opp på eit tilskottsgjennomsnitt pr student sett i forhold til dei kompetansekrava som ein høgskule bør ha for at den skal vere ein god arbeidsplass både for studentane og for dei som skal drive undervisninga?

Statsråd Jon Lilletun: Eg har forståing for at representanten Nistad meiner eg ikkje svarte på hovudspørsmålet, men samstundes håpar eg at ho respekterer at det å saksbehandle frå Stortingets talarstol i forhold til ein dialog som er på gang, er vanskeleg.

Det er heilt rett det representanten Nistad seier. Om ikkje høgskulen i Sogn og Fjordane kjem dårlegast ut - det gjer den nok ikkje - så er den ein av dei som ligg aller lågast når det gjeld tilskott pr student. Det er jo ein historisk situasjon, som ein forsiktig begynte å endre ved framlegget til budsjett i fjor. Eg er innstilt på å gå vidare på den vegen og likne ut for å få meir rettferd i desse tildelingane.

Like eins er eg innstilt på å sjå både på utgiftene - bl.a husleige - i samband med ingeniørutdanninga i Førde og på andre tiltak, slik at Høgskulen i Sogn og Fjordane, etter denne runden vi har no, totalt sett kjem styrkt ut.

Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar igjen statsråden for svaret. Eg vil gjerne korrigere litt og seie at eg er vel kjend med at statsråd Sandal var med på å endre nivået når det gjeld uttelling i forhold til dei høgskulane som låg lågast. Og at statsråd Lilletun no følgjer opp, er eg glad for.

Samtidig seier han at han vil gå inn og sjå på husleiga i Førde. Husleiga i Førde har ikkje vore inkludert i dei økonomiske rammene som eg elles har peikt på, så det er ikkje noko svar å gi. Men eg vil gjerne stille eit tilleggsspørsmål: Vil statsråden lytte meir og desentralisere meir av avgjerslene til Høgskulestyret enn tidlegare, i tråd med det Stortinget har sagt? Og kjem statsråden til å overprøve høgskulestyret sitt vedtak i forhold til den påtenkte IT-utdanninga som dei vil legge til Høgskulen i Sogndal?

Statsråd Jon Lilletun: Det er nok heilt rett som representanten Nistad seier, at husleiga ikkje er inne i budsjettet til Høgskulen i Sogn og Fjordane, men den er inne i budsjettet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, og vi får frigjort midlar dersom vi klarar å få husleiga på eit anna nivå. Det føler eg det er tilbod om nye forhandlingar om. Derfor er det vesentleg for Høgskulen i Sogn og Fjordane å få frigjort midlar der.

Vidare er det slik at det er høgskulestyra som i dei aller fleste tilfella har det avgjerande ordet. Men det er òg slik - etter Stortinget sitt vedtak - at Regjeringa har ein styringsrett dei gongene dei finn det heilt turvande. Og som eg sa: Det har kome massive førespurnader frå næringslivet i Sogn og Fjordane, og ein samla stortingsbenk frå Sogn og Fjordane - med unnatak av representanten Nistad - gav ein sterk og tung argumentasjon som gjorde at vi denne gongen overkøyrde. Det kjem ikkje til å vere den generelle situasjonen.

Når det gjeld IT-studiet, må vi først leite og prøve det vi kan for å få fleire studieplassar innan IT til høgskulane, og så skal vi nok òg bli einige med styret i Sogn og Fjordane om kor dei skal plasserast.

: