Stortinget - Møte onsdag den 22. april 1998
Spørsmål 18
Rolf Reikvam (SV): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Norsk Studentunion mener i en uttalelse at studiekvaliteten med dagens lave PC-dekningsgrad ikke er tilfredsstillende. Som eksempel vises til at ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet må 18.000 studenter dele 350 datamaskiner. Samlet for norske universiteter mener Norsk Studentunion at PC-dekningen er dårligere enn i grunnskolen og i videregående skole.
Er statsråden enig i denne beskrivelsen, er situasjonen et resultat av feilprioriteringer fra universitetenes side, og hva vil statsråden foreta seg?
Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg presisere at undersøkinga som representanten Reikvam refererer til, er ei undersøking av talet på PC-ar som er allment tilgjengelege for studentane ved institusjonane. Dette vil m.a seie at maskinar som er tilgjengelege berre for hovudfagsstudentar eller studentar på særskilde fag, ikkje inngår i tala. Når alle studentmaskinane vert inkluderte i reknestykket, aukar tilbodet av tilgjengelege PC-ar til studentane ved NTNU frå dei 350 representanten Reikvam refererer til, til meir enn 1000.
Ved fleire av universiteta er det sett av midlar til å auke talet på studentmaskinar i 1998. Ved universiteta er det òg nyleg gjennomført utgreiing av - eller oppretta utval som skal greie ut - sentrale spørsmål ved institusjonane sine IT-strategiar, som t.d studentbruken av PC, tilbodet studentane får ved institusjonen, og i kor stor grad IT vert brukt som verkty i undervisninga.
Midlane til nye maskinar vil føre til ei gledeleg forbetring av tilbodet til studentane, men eg vil like fullt understreke at talet på PC-ar ikkje gjev eit dekkjande bilete av tilbodet universiteta gjev studentane på dette området. I universiteta sine IT-satsingar har det dei siste åra vore lagt vekt på å byggje ut kapasitet og kvalitet på andre tenester enn åleine å skaffe studentane fleire maskinar. Universiteta har stilt eit område på PC-nettet til disposisjon for kvar student, slik at studentane kan nytte elektronisk post, nett-tenester m.m som ein del av det samla IT-tilbodet dei mottek frå universitetet. Det finst òg ordningar der universiteta stiller lisensar for programvare til disposisjon for studentane. Ei undersøking utført av Statistisk sentralbyrå i 1995 synte at meir enn 60 % av studentane hadde tilgang til PC heime - og merk at dette er tal frå 1995 - medan web-teknologien enno var noko for særs interesserte. Det er grunn til å tru at tala har endra seg sidan den tida, med ei langt større PC-dekning no, så universiteta tilbyr her ei teneste som treffer mange studentar.
Universiteta gjev fleire tilbod om oppkopling frå eigne maskinar, og i Trondheim er det òg lagt til rette for oppkopling mot universitetet sin nett-tenar frå studentsamskipnadshyblane. Slike tilbod gjev auka fleksibilitet i studiesituasjonen for alle dei som nyttar tilbodet via sin heime-PC, og det vil lette tilgangen til universiteta sine maskinar for dei studentane som ikkje har eigen PC.
I samsvar med prinsippa om rammebudsjettering er det opp til universiteta sjølve å avgjere både omfanget av og innhaldet i satsinga på IT. Departementet fylgjer likevel utviklinga på nært hald. Eg er nøgd med at både NTNU og andre universitet har prioritert ein auke i talet på PC-ar som kan nyttast av studentane, og at universiteta greier ut det generelle IT-tilbodet som studentane ved institusjonen får. Det er òg spennande å sjå korleis universiteta, som jo representerer ein spisskompetanse på dette området, har klart både å tenkje ut og å realisere nye løysingar som verkar kostnadseffektive, og som for einskilde grupper av studentar vil betre kvaliteten og fleksibiliteten i studietilbodet som institusjonane gjev.
Rolf Reikvam (SV): Jeg takker for svaret. Jeg er vel fortsatt litt usikker på hvordan en skal tolke dette svaret, om statsråden er tilfreds med situasjon. Jeg tror nok jeg vil tolke det slik at han er rimelig tilfreds med den situasjonen som er på universitetene våre når det gjelder antall PC-er. Jeg er for så vidt enig med ham i at å forenkle dette til å telle PC-er, kan være en for lettvint måte å gjøre det på. Men det er et uomtvistelig faktum at Norsk Studentunions tall - selv om statsråden opererte med andre tall her, velger jeg å holde meg til de tallene som Norsk Studentunion opererer med - viser at dekningsgraden er lav. Dette kan skyldes flere forhold. Jeg følte at statsråden ikke helt svarte på spørsmålet mitt, om han mener at universitetene har prioritert dette for lavt. Mitt spørsmål blir derfor: Mener statsråden at en bør oppfordre universitetene til å bruke mer av rammebevilgningene til PC-utstyr, eller må det skje et løft gjennom en ekstraordinær bevilgning fra Stortinget?
Asmund Kristoffersen hadde her overtatt presidentplassen.
Statsråd Jon Lilletun: Eg seier meg lei for det dersom eg ikkje svarte på spørsmålet. For å vere meir konkret: Eg prøvde å gje utfyllande opplysningar. Det er ei viktig undersøking som Studentunionen har laga, men den dekkjer ikkje heile biletet, og eg er glad for at representanten Reikvam òg erkjenner det. Det er klart at eg ikkje er nøgd med den totale dekninga, det må eg berre innrømme. Men eg er einig med universiteta når dei på ein måte fyrst og fremst har prioritert dei høgste gradane, og at dei har prioritert tilgang til nett og til fellestenester. for det er jo ganske mange som har maskin sjølve.
Eg har undersøkt ein del internasjonalt. Det er faktisk veldig uvanleg at universiteta stiller med nok PC-ar. Det er meir og meir vanleg at studentane må halde det sjølve. Det vil vere eit kostnadsspørsmål som igjen vil ha med studiefinansiering å gjere, og det blir dei svakaste som i så fall får for dårleg tilbod. Det må vel bli, slik eg ser det, eit både - og, men universiteta står, som eg sa, fritt i forhold til sine prioriteringar. Men det å prioritere fellestenester synest eg er klokt.