Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 1. april 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Ansgar Gabrielsen (H): Jeg registrerer at rette vedkommende er utdanningsministeren. Nå trodde jeg det var blitt enighet i Regjeringen om at handels- og næringsministeren var IT-minister, og dette gjelder jo en del av den IT-planen han selv har lagt fram, og som han redegjorde stort for i et foredrag i går. Så jeg stiller meg litt undrende til at det er oversendt, men la nå gå! Det må jo bero på en misforståelse at Stortinget ikke har fått opplysning ...(Presidenten klubber.)

Presidenten: Representanten må komme til spørsmålet.

Ansgar Gabrielsen (H): Det skal jeg komme til, president.

Næringsministeren lover i sin næringsrettede IT-plan å vurdere opprettelsen av 500 nye IT-studieplasser. Med et slikt tilbud vil det imidlertid ta fire-fem år før studentene er klare for arbeidsmarkedet. Rektor Emil Spjøtvoll ved NTNU har foreslått en ettårig IT-utdannelse for folk med realfagskompetanse. Et slikt påbyggingsår vil bidra til å dekke det akutte behovet for IT-utdannet arbeidskraft.

Vil næringsministeren ta initiativ til at et slikt tilbud blir etablert?

Statsråd Jon Lilletun: Innleiingsvis vil eg understreke at det enno ikkje ligg føre noko forslag frå Noregs teknisk-vitskaplege universitet om eit eittårig studium for personar med realfagsutdanning. Departementet er orientert om at NTNU har under etablering ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe som skal greie ut korleis eit slikt studium kan byggjast opp. Opptaksgrunnlaget for ei slik IT-påbygging skal, så langt eg veit, vere ei avslutta realfagsutdanning. Her vil det vere tale om å skipe eit studium som er tilpassa personar med ulik bakgrunnskunnskap. Dette vil i seg sjølv vere ei ekstra utfordring. Eit studium som skal vere ei påbygging på ei avslutta utdanning, må òg sjåast i samband med gradsstrukturen og kva kompetanse studiet skal gje innafor denne strukturen.

Så snart den nemnde arbeidsgruppa har levert frå seg ei utgreiing og denne er handsama i NTNU sine formelle styringsorgan, reknar eg med at saka vil verte oversend departementet.

Mangelen på IT-personell gjer at ein må tenkje nytt og vurdere nye, konstruktive løysingar. I så måte ser eg positivt på at det er teke initiativ internt ved NTNU til å vurdere ein ny utdanningsmodell. NTNU har signalisert at etablering av eit eittårig IT-studium òg vil ha ei kostnadsside, og dette vil eg vere nøydd til å kome tilbake til på eit seinare tidspunkt når utgreiinga frå NTNU ligg føre.

Oppsummert: Både IT-ministeren og utdanningsministeren ser svært positivt på at ein tek slike initiativ, og her vil vi få sjå om dette vil vere ei praktisk løysing. Eg vil òg tru at det vil vere aktuelt med andre korte straksløysinger, som vi har ein dialog om med andre høgskular og industrimiljøet om det er mogleg å få i gang. Men ein må vite kva ein må gjere, og når vi veit korleis det kan gjerast, er vi innstilte på å gjere det.

Ansgar Gabrielsen (H): Jeg tror det er veldig bra det initiativet som NTNU har tatt, som for så vidt også statsråden var enig i.

Aftenposten har etter mitt skjønn rett når den på lederplass i dag sier at det er en IT-krise hva angår utdanning. Det er etter mitt skjønn også rett det sparket som næringsministeren i sitt foredrag på en konferanse i går gav Arbeiderpartiet når det gjelder planleggingen på dette området da de var i regjeringsposisjon, for det er veldig merkelig at dette nærmest kommer som julekvelden på kjerringa, og at vi ikke har fått satt i gang nødvendige tiltak.

På NTNU er allerede nå ca 20 % av undervisningsstillingene ledige innenfor den kapasiteten de pr. i dag har. Dette ble opplyst i går på den nevnte konferansen. Og hvis man skal utvide kapasiteten, blir det selvfølgelig ikke bedre. Er statsråden villig til å vurdere lønnsdifferensiering her, slik at professorer på områder hvor det er rift etter arbeidskraften også i næringslivet, kanskje får litt mer i lønn, mens professorer på områder hvor det er et lite marked, kanskje får litt mindre i lønn?

Statsråd Jon Lilletun: Eg registrerer at sjølv om representanten Gabrielsen ikkje var særleg nøgd med kva for ein statsråd som skulle svare, så var han rimeleg nøgd med svaret. Det er jo det viktigaste.

Når det gjeld leiaren i Aftenposten i dag, er det mykje klokt i den. Det er likevel grunn til å seie at det er ein del gale tal, for det er faktisk gjort eit lyft. Der er berre med tal som gjeld hovudfag, universitet og vitskaplege høgskular, og ikkje tal for dei andre. Det er difor ein del meir nyansert.

Noko av det fyrste denne regjeringa begynte å arbeide med, var ein IT-plan som skal kunne betre dette. Og Representanten Gabrielsen peiker på det som er det vanskelegaste, nemleg lærarpersonell. Men industrien som dette gjeld, har lovt utdanningsministeren og handels- og næringsministeren at den skal stille opp i veldig stor grad i forhold til professor II-stillingar og undervisningsstillingar.

Når det gjeld det med løn, er det allereie i dag moglegheiter for eit monaleg lønsspenn. Men problemet er at sjølv om ein utnyttar det, vil ein ikkje kunne konkurrere med industrien. Eg trur difor vi er avhengige av at industrien ser behovet og er villig til å stille opp.

: