Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 25. mars 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 26

Petter Løvik (H): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Det såkalla TAF-prosjektet, eit samarbeidsprosjekt mellom skule og næringsliv i Hordaland, gir etter eit fireårig løp både fagbrev og spesiell studiekompetanse. Erfaringane så langt viser at både elevane og bedriftene som har gjennomført opplegget, er svært godt nøgde.

Vil statsråden opne for at tilsvarande opplegg kan settast i gang også i andre fylke?

Statsråd Jon Lilletun: TAF-prosjektet starta i Hordaland fylkeskommune ved Nordhordland vidaregåande skule i 1992. Stortinget bad om at prosjektet skulle vidareførast i Reform 94. Prosjektet vart avgrensa til inntak til grunnkurs i 1995, 1996 og 1997, men vart seinare utvida til også å gjelde inntaka i 1998 og 1999. Prosjektet er òg utvida med ein klasse på Stord yrkesskule og tekniske fagskule med inntak til grunnkurs i 1998 og 1999. På bakgrunn av ei evaluering som vart gjord i 1997, har eg bede fylkeskommunen om å gje ei oppsummering av erfaringane. Dette vil eg ta med i ei melding til Stortinget om Reform 94 våren 1999.

I tillegg til søknadene om utviding av prosjektet frå Hordaland fylkeskommune har det kome søknader frå Rogaland, Buskerud og Møre og Romsdal fylkeskommunar om å få delta i prosjektet. Alle søknadene er innvilga, men avgrensa til inntak til grunnkurs i 1998 og 1999. Departementet har òg fått forespørslar frå enkeltskular. Desse er formidla til dei aktuelle fylkeskommunane.

Eg finn det ikkje riktig å opne for ei vidare utviding av prosjektet no. Eg meiner at ei eventuell utviding må kome på bakgrunn av Stortingets behandling av saka neste vår.

Eg meiner at vi her har prøvd å finne ein kombinasjon av det representanten Løvik tidlegare har etterlyst. Samstundes som ein har blikket festa på ei større evaluering som skal leggje dei permanente planane, har eg, når noko som vert prøvd ut i skulen, fungerer så godt som dette prosjektet, opna for at dei som er ferdige til å setje i gang, har fått anledning til det i åra fram til vi får den totale evalueringa. Det har vore linja til departementet i denne saka.

Petter Løvik (H): Eg takkar statsråden for svaret. Prosjektet med eit fireårig løp i vidaregåande skule som gir både fagbrev og spesiell studiekompetanse, vart i 1994 forsøkt stoppa av dåverande statsråd. Stortingsfleirtalet meinte heldigvis noko anna, og dette opplegget har blitt ein stor suksess. Både bedriftene, elevane og lærarane har svært gode erfaringar, og eg synest det er positivt at statsråden no har opna litt på det vi tidlegare har diskutert i denne sal, nemleg om forbetringar innanfor Reform 94 skal vente til den store evalueringa.

Eg håper at dei nye prosjekta som er i gang, vil gi dei same positive resultata, og eg håper at statsråden meiner det same no som statsråd som han tidlegare meinte som stortingsrepresentant, at dette er eit prosjekt som vi bør satse på, der både næringslivet, bedriftene og elevane har gått inn svært motiverte i dette arbeidet.

Statsråd Jon Lilletun: Eg kan bekrefte at statsråden meiner det same no som han gjorde som stortingsrepresentant, og det er grunnen til dei opningane som er gjevne til nye skular.

Det er ikkje tvil om at erfaringane frå det fyrste prosjektet var svært vellukka både med tanke på at vi treng å styrkje yrkesfaga og at ein treng sterke yrkesfagelevar som òg kan få studiekompetanse, for å sikre tilgangen til ingeniørhøgskulane. Det var òg fleire gode erfaringar her.

Samstundes trur eg det er viktig at vi no får drege med oss utviklinga i dei nye prosjekta, om dette faktisk ser ut til å festne seg på fleire skular som ein god måte å gjere det på. Det vil, i den gjennomgangen som vi skal ha neste år, gje oss eit endå betre grunnlag til å etablere dette som ei permanent ordning.

Slik som eg ser det i dag, er det ingen grunn til at dette ikkje skal verte ei fast etablert ordning, men det får vi ta stilling til når saka vert forelagd Stortinget.

: