Stortinget - Møte onsdag den 18. mars 1998
Spørsmål 4
Ågot Valle (SV): Jeg har følgende spørsmål til barne- og familieministeren:
Barnevernet i Tromsø må i stor grad leie inn private konsulenter for å få oppfylt plikten om undersøkelse og utredning etter barnevernsloven. Det er ikke første gang barnevernet i Tromsø har varslet om problemer, og det er en generell mangel på kyndig personell og ressurser i barnevernet. Dette går ut over de barnevernet skal ivareta, nemlig barna.
Hva vil Regjeringa gjøre for å styrke kapasiteten i barnevernet?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: I dei siste åra har det vore auka fokusering på barnevernet sine oppgåver. Vi er alle samde om at arbeidet i barnevernstenesta er viktig, vanskeleg og veldig krevjande. Difor er òg utviklinga i tenesta fylgd nøye både av departementet og fylkesmennene, som har ei særleg viktig rolle overfor kommunane gjennom sitt generelle tilsynsansvar og i si rettleiing av barnevernstenesta.
I dei tilfelle der ein kommune ikkje maktar å halda fristane etter lova eller på annan måte ikkje maktar oppgåver dei er pålagde etter lova, har fylkesmannen ulike verkemiddel. Det mest alvorlege er å gje kommunane bøter for at dei ikkje held fristane. Meir vanleg er det å hjelpa med råd og rettleiing, som lova seier skal prøvast fyrst. I dei fleste høve har det òg vore tilstrekkeleg hjelp for å løysa problema i enkelte kommunar. Fylkesmannen kan òg i særlege høve gje ekstra statlege midlar til ein kommune for at oppgåvene skal kunna løysast.
Ein meiner òg at politikarane i kommunane har eit særleg stort ansvar når dei skal sjå til at barnevernstenesta får dei ressursane dei treng for å løysa oppgåvene etter barnevernslova. Representanten Valle seier det er ein generell mangel på kyndig personale og ressursar i barnevernet. Gjennom statlege øyremerkte midlar til barnevernstenesta tidleg på 1990-talet gjorde staten det mogleg å auka talet på tilsette til det dobbelte - i dag ca 5.000 i kommunar og fylkeskommunar. Talet på tilsette i barnevernet har hatt ein svak auke kvart år sidan 1993. Knapt ein halv milliard kr vart innlemma i rammetilskottet til kommunar og fylkeskommunar frå 1994.
I hovudsak overheld kommunane fristane i barnevernslova, og det har i løpet av det siste året vore ei forbetring på landsbasis, frå 11 % til 8 % for undersøking og utgreiing, og frå 5 % til 3 % for meldingar. Når ein kommune ikkje maktar å halda fristane eller gjera eit godt arbeid, er årsakene ulike. Lite ressursar og manglande rekruttering av fagpersonell er ein, gjennomtrekk, sjukdom og organisering av arbeidet kan vera andre. Kommunane vel sjølve korleis dei skal løysa dette, og fylkesmannen vil ofte vera ein god rådgjevar.
Ei løysing ved mangel på personale kan vera å leiga inn ekstra personale, anten på engasjement eller gjennom private firma som har den naudsynte kompetansen. Dei vil då formelt og fagleg vera ein del av barnevernstenesta i kommunen og underlagde dei same reglane om t.d teieplikta som andre tilsette. Eg synest det er positivt at kommunane nyttar ekstra personale, også gjennom kvalifiserte private firma, for å løysa oppgåvene når dei blir for omfattande eller fristane ikkje blir haldne. Men private og kortsiktige løysingar er oftast dyre, difor bør kommunane syta for å tilsetta personale på meir permanent basis. (Presidenten klubbar.) Eg treng litt meir tid, president.
Presidenten: Presidenten vil med Stortingets godkjenning gje statsråden høve til å fortsette, og håpar det ikkje tek for lang tid.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg takkar presidenten for det!
Fylkesmannen i Troms har over tid fylgt situasjonen i barnevernstenesta i Tromsø. Gjennom denne kontakten har kommunen no lagt fram eit utviklingsprogram for tenesta. Blant anna vil ein tilføra ekstra midlar og sjå på den interne ressursfordelinga i kommunen. Fylkesmannen vil fylgja utviklinga nøye.
Reint generelt vil eg minna om at det er naudsynt at alle offentlege tenester og private organisasjonar samarbeider med foreldra om å skapa ein best mogleg barndom og oppvekst for borna våre. Det er ei viktig utfordring å auka innsatsen på førebuingsområdet, slik at vi kan handsama utfordringane i nabolaga våre og unngå at borna får alvorlege vanskar. Difor håpar eg at etterspurnaden etter tenester frå barnevernet minkar.
Ågot Valle (SV): Jeg takker statsråden for et fyldig svar.
Sjølsagt deler jeg det synet at barnevernet bør drive med forebyggende arbeid så etterspørselen minker, men det som bekymrer meg, er signalene fra mange steder om at barnevernet ikke har kapasitet til å drive med det. Det er også rett at barnevernet har fått økt kapasitet, men samtidig er det mange av de mest erfarne som går ut av barnevernet, og det skal vi diskutere senere.
Men tilbake til barnevernet i Tromsø. De leier nå inn private konsulenter for å avhjelpe krisen. Krisen stammer fra i fjor høst, da pengesekken ble strammet til slik at barnevernet bare kunne ta seg av de alvorligste tilfellene. Og at det er en sammenheng mellom høstens krise og det at mange har sluttet, slik at de er nødt til å leie inn private konsulenter - som jeg mener er en dyr og dårlig løsning - må være åpenbart. (Presidenten klubber.) Jeg ber om presidentens tillatelse til å komme med spørsmålet mitt.
Presidenten: Det må vere svært kort.
Ågot Valle (SV): Ja. Etter det jeg veit, er det ikke bare barnevernet i Tromsø som har store problem, det gjelder også mange andre steder. Jeg vil utfordre og spørre statsråden om hun vil ta initiativ til å få styrket barnevernet i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett.
Presidenten: Presidenten vil gjere merksam på at i forretningsordenen står det at svaret frå statsråden bør vere innanfor tre minutt, medan tilleggsspørsmålet frå representantane skal vere innanfor eitt minutt - så det er gjort klart.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Det er hyggeleg at vi som sit på regjeringsbenken, har visse privilegium.
Når det gjeld utfordringa frå Ågot Valle i samband med revidert budsjett, veit sjølvsagt representanten at eg ikkje kjem til å svara på det spørsmålet, det er noko ein får svar på når revidert kjem. Men eg kan fortelja representanten at dette er noko som bekymrar meg. Samtidig synest eg at Tromsø kommune har gripe fatt i eit problem og vist at dei ynskjer å løysa det. Men det er ei dyr løysing, det er eg einig i.
Når det gjeld ressurstilgangen og behovet for auka fagleg kapasitet i dei ulike kommunane, veit vi at det er mange grunnar til at folk sluttar innafor denne sektoren, og det skal vi òg sjå meir på. Dette er eit område som har høg prioritet, og så får vi koma tilbake til midlane seinare. Men eg har lyst til å gi Tromsø kommune honnør for at dei då dei såg at problemetvar blitt så stort, gjorde det dei kunnefor å få redusert ventelistene og få sakene unna.