Stortinget - Møte onsdag den 11. mars 1998
Spørsmål 23
Jan Johnsen (H): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Solide kunnskaper i fag det skal undervises i, er en nødvendig forutsetning for å bli en god lærer, sier departementet i felleskapitlet 1.4 om lærerutdanning. I dag skal alle ha engelsk fra 1. klasse, men det kreves ikke at læreren har faget i sin utdanning.
Hva kan utdanningsministeren gjøre for å få samsvar i praksis med det som felleskapitlet 1.4 om lærerutdanning sier?
Statsråd Jon Lilletun: Representanten Jan Johnsen viser til høyringsutkast til rammeplan for allmennlærarutdanning, der det vert sagt at « solide kunnskaper i fag og i fag- eller yrkesdidaktikk er nødvendige forutsetninger for å bli en god lærer ». Dette er etter mi meining både rett og viktig.
Allmennlærarutdanninga skal femne mange oppgåver. Utdanninga skal kvalifisere for arbeid på alle stega i grunnskulen og for vaksenopplæring i grunnskulens fag. I tillegg må det i utdanninga takast omsyn til allmennlæraren si rolle som klassestyrar, med den faglege og pedagogiske breidda dette føreset.
I Innst.S.nr.285 (1996-1997) om lærarutdanning såg eit fleirtal i komiteen det som viktig at det ikkje vart bunde meir enn 60 vekttal til obligatoriske fag, for at ikkje studentane sin valfridom skulle verte for sterkt redusert. Av denne grunnen fann ikkje fleirtalet plass til engelsk innanfor dei obligatoriske faga i allmennlærarutdanninga.
I ny studiemodell for allmennlærarutdanninga har Stortinget vedteke at den valfrie delen på 20 vekttal kan ha to alternativ for studentane. Dei kan anten ta eit 20-vekttalstudium, eller dei kan ta 10 vekttal fritt val og 10 vekttal styrt til engelsk.
I overkant av 20 % av allmennlærarstudentane vel i dag engelsk som påbygging. 16 av 18 høgskular som tilbyr allmennlærarutdanning, har tilbod om studieeining både på 10 vekttal og 20 vekttal i engelsk. På mellomsteget og ungdomssteget er det også faglærarar som underviser i engelskfaget. Dei har sin utdanningsbakgrunn frå høgskule eller universitet. Av dette sluttar eg at tilbodet i høgskulesektoren er godt utbygd, og at vi med eit styrt val innanfor den nye utdanningsmodellen for allmennlærarstudiet nok vil rekruttere endå fleire lærarar med fordjuping i engelskfaget.
Gjennom etterutdanning ynskjer departementet å kvalifisere fleire lærarar for undervisning i engelskfaget. Vi er no i ferd med å avslutte arbeidet med planen for etterutdanning i faget. Den skal vere utgangspunkt for konkrete etterutdanningstilbod i regi av universitet, høgskular og andre fagmiljø, og skal leggjast til grunn for opplegg som er koordinerte av utdanningskontora eller av kommunane sjølve.
Når det gjeld situasjonen i grunnskulen, er det i St.meld.nr.48 (1996-1997) , Om lærarutdanning, uttalt at skuleeigar
må sjå til at den som skal tilsetjast i undervisningsstilling har relevant fagleg kompetanse i forhold til gjeldande kompetansekrav og er den best kvalifiserte for stillinga
Det står vidare:
Skoleeigar må vidare sørgje for at lærarkollegiets kompetanse er slik samansett at dei faglege og pedagogiske oppgåvene blir ivaretatt på den beste måten.
På barnesteget er det naturleg at læraren har klassen i dei fleste faga, mens det på mellom- og ungdomssteget er meir vanleg å nytte faglærar i einskilde fag.
Hausten 1998 vil Statens lærarkurs gjennomføre ei kartlegging på landsbasis av grunnskulelærarane sin kompetanseprofil i dei faga dei underviser i. Dette er ei oppfylging av dei kartleggingane som dei utførte i 1984 og i 1994.
Ursula Evje hadde her overtatt presidentplassen.
Jan Johnsen (H): Jeg takker for svaret. Jeg registrerer faktisk at det ikke er helt samsvar mellom det som står i felleskapitlet, og det som i dag blir praktisert. Mitt tilleggsspørsmål til ministeren blir da: Vil departementet gå ut med klare retningslinjer til kommunene om å tilstrebe å bruke lærere med faglige kvalifikasjoner i de ulike fag i grunnskolen?
Statsråd Jon Lilletun: Ja, det kan eg stadfeste. Det er akkurat det som låg i det eg siterte frå denne meldinga, og det vil vi sjølvsagt fylgje opp, nemleg at skuleeigar må syte for at lærarkollegiets kompetanse er slik samansett at dei faglege og pedagogiske oppgåvene vert tekne vare på på den beste måten. I dei fleste skulane er det eit samansett lærarkorps, og kommune og skuleeigar har ansvar for å få ei samansetjing som gjev grunnlag for god undervisning i alle fag.
Det er nok ikkje berre engelskfaget som er i denne situasjonen. Eg kunne nemne ein del andre fag der skuleeigaren er nøydd til å ta det same omsynet. Ein har heile tida ein balansesituasjon i forhold til kor mykje ein kan styre det obligatoriske, og den suppleringa ein må ha frå faglærarane.
Eg vil til slutt seie at departementet ser at fleire lærarar no vel engelskfaget i si utdanning. Etterutdanninga vil lyfte kompetansen til mange av dei lærarane som allereie er ferdigutdanna. På sikt trur eg dette vil gje skuleeigar eit godt kvalifisert personale til å gjennomføre engelskundervisning for alle elevane.