Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 4. mars 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Terje Johansen (V): Jeg vil stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

Avisoppslag nylig viser at barnehageeiere river ned lekeapparater som ikke tilfredsstiller nye forskrifter. Mye tyder på at dette skjer overilt, og at reglene tolkes for firkantet.

Vil statsråden ta initiativ til å stanse denne rivingen inntil det er sett nærmere på hva som er reelle trusler mot barnas sikkerhet, og hva som er utslag av overbeskyttelsestrang?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Spenning og utfordringar er naudsynt for å skapa eit stimulerande miljø for born. Derimot kan veike materialar eller dårlege konstruksjonar av leikeplassutstyr, dårleg plassering eller manglande vedlikehald føra til alvorlege skadar og skapa utrygge forhold.

Kvart år må om lag 6.500 born få legehjelp for skadar dei har fått på leikeplassen. Dei fleste ulukkene skjer ved bruk av husker, klatrestativ og sklier. Hovudet er den kroppsdelen som oftast blir skadd. Fall mot hardt underlag gjev dei fleste og alvorlegaste skadane. Born har også blitt kvelte ved at dei har sete fast i opninga, blitt hengande fast på delar som stikk ut, eller ved at snorer på kleda har kilt seg fast i utstyret.

Formålet med forskrift om tryggleik ved leikeplassutstyr er nettopp å redusera slike alvorlege ulukker ved å tilby born ein tryggare leikeplass. Forskrifta tek ikkje sikte på å laga ein leikepass der born aldri skadar seg. Skrubbsår og mindre alvorlege skadar er det umogleg å sikra seg mot, og det er heller ikkje meininga.

Forskrift om leikeplassutstyr har sett tryggleiken til born på dagsordenen. Noreg har sterke tradisjonar med omsyn til vern av det fysiske arbeidsmiljøet til arbeidstakarar. Forskrift om leikeplassutstyr gjev ei presisering av krav til leikemiljøet til born, som må vurderast som like viktig. Born skal ikkje bli alvorleg skadelidne på grunn av manglar ved leikemiljøet som vaksne tilbyr dei.

Ei rekkje barnehagar, skular, bustadlag, velforeiningar o.l har, som fylgje av krava i forskrifta, sett i verk ein kritisk gjennomgang av leikeplassutstyret som dei eig. Dette har i mange høve ført til at utstyr har blitt fjerna fordi det er uforsvarleg å ha det ståande. Fleire av verksemdene har fylgt tilrådinga frå Barne- og familiedepartementet og Produkt- og Elektrisitetstilsynet om å nytta overgangsperioden på tre år til å gjera ei risikovurdering av leikeplassutstyret. Ei risikovurdering skal seia noko om kva for type hending som kan skje, kor sannsynleg det er at denne hendinga skal skje, samt om konsekvensar av ei slik hending. På bakgrunn av resultata har dei utarbeidd planar for korleis utstyret kan bli reparert, og har fyrst og fremst sett inn tiltak der behovet for oppgradering er størst.

Eg er likevel merksam på at enkelte barnehageeigarar, velforeiningar m.v dessverre har tolka forskrifta slik at alt utstyr som ikkje tilfredsstiller krava i forskrifta, må fjernast umiddelbart. Mange kastar òg leikeplassutstyr og kjøper nytt, utan å vurdera om utstyret kan bli reparert. Ein god del av utstyret kan truleg bli oppgradert for ein rimeleg penge.

Det er ikkje opp til meg å stansa riving av utstyr, slik representanten Johansen ber om. Det er den enkelte kommune eller barnehageeigar som må gjera det. Eg trur heller ikkje det nødvendigvis er forskrifta det er noko gale med, men det er heilt klart naudsynt med yttarlegare informasjon om forskrift om leikeplassutstyr, slik at kunnskapsnivået til eigarar av leikeplassutstyr blir betre. Produkt- og Elektrisitetstilsynet har teke konsekvensen av dette og har laga ein brosjyre som har som mål å setta eigarar og andre som har ansvar for leikeplassar, betre i stand til å vurdera risikoen ved leikeplassutstyr. -

Presidenten: Taletiden er omme.

Terje Johansen (V): Jeg får vel gi statsråden anledning til å komme med resten av svaret sitt. Men når jeg hører beskrivelsen av hvor uhyggelig det kan være ute i barnehagene, må jeg si jeg er glad for at det ikke var barnehager på den tid jeg vokste opp.

Så til det som har vært mitt poeng i denne saken: Jeg har undersøkt om disse forskriftene har vært laget slik at de kan tolkes til å være for rigide, og det har jeg fått visse indikasjoner på. Mitt spørsmål gikk derfor på om statsråden hadde sett på disse forskriftene, slik at vi kan føle oss trygge på at lekeapparater ikke rives unødig. Jeg er for så vidt kjent med at det som har vært revet i Oslo, burde rives, og at kritikken der rett og slett gikk på at Oslo kommune ikke ville stille opp og bygge nytt. Og det er en helt annen sak.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg synest faktisk Terje Johansen i sitt oppfylgingsspørsmål til meg var litt flåset i forhold til kva som verkeleg kan skje med born i barnehage. Dersom ein har sett på nært hald sånne skadar, trur eg ein legg litt meir alvor i det når ein ynskjer forskrifter som skal vera gode, for å hindra ulykker. Ulykker skjer, og born kan faktisk bli kvelte fordi dei heng seg fast, kanskje i ein spikar som ikkje skulle vera der. Eg må derfor som ansvarleg statsråd sjølvsagt gjera kva eg kan for å hindra dette. Om representanten Johansen hadde hatt godt av å gå i barnehage då han var barn eller ikkje, skal eg la ligga.

Poenget mitt er eigentleg at det no blir laga informasjonsbrosjyrar som skal ut til kommunane og til barnehageeigarane, slik at ein kan klårgjera korleis desse forskriftene skal fungera. Eg kan som sagt ikkje stoppa rivinga, men eg oppfordrar barnehageeigarane og leikeplasseigarane til å bruka sunn fornuft. Det er mykje som kan gjerast med det utstyret ein har, ein treng ikkje å kjøpa nytt. Ein har òg ein overgangsperiode på tre år, og vi er førebels berre halvvegs i den overgangsperioden. Så om ein får god informasjon, trur eg faktisk at det blir til beste for borna.

Presidenten: Selv om barna er utrolig viktige, vil presidenten minne om at vi har en taletid, og den må følges.

: