Stortinget - Møte onsdag den 11. februar 1998
Spørsmål 32
Marit Nybakk (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
I B.innst.S.nr.12 (1996-1997) ble Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet bedt om å utrede ulike sider ved forholdet mellom vertskommuner og høyere utdanningsinstitusjoner.
Hvor langt er statsråden kommet med dette arbeidet?
Statsråd Jon Lilletun: Dette arbeidet var ikkje påbegynt då eg kom til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Det kan ein ha forståing for, for det er ei samansett sak, som vil komme inn på arbeidsområda til fleire departement. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har så langt valt å sjå denne utgreiinga i samanheng med andre utgreiingar og forslag til endringar som òg gjeld studentane sin situasjon. Det mest nærliggjande var Skattedirektoratet sitt forslag til endring i folkeregisterforskrifta sitt punkt om bustadregistrering for studentar, og vedtaket om innføring av fastlegeordning frå år 2000. Ei eventuell endring i bustadregistreringa kan få store konsekvensar både for ansvaret for studentvelferda og for kommuneøkonomien. Finansdepartementet meiner at det vil vere behov for meir omfattande utgreiingar i den saka.
Når det gjeld fastlegeordninga, skal den gjelde for alle, òg for studentar. På kva måte studentane skal kome med i denne ordninga, er enno ikkje fastlagt. Helsetenesta ved Universitetet i Oslo har teke denne saka opp med oss for kort tid sidan.
Eg meiner vi må gjere vår utgreiing uavhengig av kva som vil skje med dei andre forslaga som er oppe til drøfting. Vi tek sikte på å starte opp utgreiingsarbeidet i vår og å presentere resultatet på ein konferanse om vertskommunane sitt ansvar i november. Vi tek ikkje sikte på å setje ned eit stort offentleg utval, men det er naturleg å involvere både andre departement og dei partane det gjeld, som studentane sine eigne organisasjonar, i arbeidet.
I B.innst.S.nr.12 (1996-1997) stod det òg:
Komiteen mener vertskommunene for høyere utdanningsinstitusjoner har et medansvar for å legge til rette for studentvelferd. Komiteen mener det er nødvendig med en del avklaringer i ansvarsforholdet mellom utdanningsinstitusjon, samskipnad og kommune. Folkeregistrering av studenter, ansvaret for velferdstiltak, rettighet til sosialhjelp, helsetjeneste og tilrettelegging for boliger og barnehager er av de områdene det er viktig å få en avklaring rundt.
- Det er det som dette utvalet kjem til å arbeide med.
Marit Nybakk (A): Jeg vil takke statsråden for et positivt svar, og er særlig glad for det siste, at departementet vil foreta en utredning uavhengig av de andre diskusjoner som har vært.
Bakgrunnen for innstillingen fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen i 1996 var et enstemmig landsmøtevedtak i Arbeiderpartiet etter forslag fra Oslo Arbeiderparti. Det var flere forhold som var lagt inn i premissene for dette, bl.a velferdstilbud, barnehager for studenter, studentboliger. Vi har jo hatt en del diskusjon her i Oslo. Det gjaldt slike ting som stemmerett for studenter ved kommunevalg og deltakelse i lokalpolitikk - bostedsregulering nevnte statsråden. Vi har også hatt problemer i forholdet mellom vertskommuner og universitet/høyskoler når det gjelder reguleringssaker og ansvarsfordeling i tomtespørsmål, vi husker bl.a universitetsbibliotekproblemene i Oslo. (Presidenten klubber.) Jeg vil bare oppfordre statsråden til å jobbe videre med denne saken, og er glad for det svaret han gav.
Kirsti Kolle Grøndahl hadde her gjeninntatt presidentplassen.
Statsråd Jon Lilletun: Dei tilhøva som representanten Nybakk nemnde, skal vi sjølvsagt ta med oss i dette arbeidet. Det er eit ganske innfløkt arbeid, men det betyr ikkje at vi ikkje skal setje i gang.
Eg er òg klar over opphavet til forslaget, kvar det kom frå. Det er eit nytt eksempel på at Kristeleg Folkeparti og dei noverande regjeringspartia gjerne tek gode forslag frå det tidlegare regjeringspartiet og er med på å greie ut og gjennomføre dei, og håpar sjølvsagt at Arbeidarpartiet er villig til det same.