Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 11. februar 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 27

Arne Lyngstad (KrF): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Mange grendeskoler blir lagt ned. Under behandlingen av skolestart for seksåringene ble dette ekstra barnekullet brukt som argument for at nedleggelsen av grendeskolene ville avta, men dette synes ikke å ha skjedd.

Hva vil statsråden gjøre for å opprettholde grendeskolene?

Statsråd Jon Lilletun: Grendeskulane har mykje å seie for trygge og gode oppvekstmiljø. Dei har spela ei aktiv rolle i utforminga av bygdene og er no i mange høve einaste gjenverande senter etter at andre oppgåver og tenester er sentraliserte. Grendeskulane har derfor verdi både for elevane og nærmiljøet.

Når det gjeld oppretting eller nedlegging av skular, viser eg til at det er ei kommunal sak etter grunnskulelova. Hovudregelen om dette står i grunnskulelova § 3 nr. 2, som lyder:

Kommunen fastset krinsskipnaden, krinsgrensene, skolestader og namn på skolar, og kan og gjere vedtak om å sløyfe krinsgrensene i heile kommunen eller i delar av han.

I grunnskulelova § 37 nr. 1 og nr. 2 heiter det vidare:

Kvar kommune har ansvar for at alle barn og all ungdom får høveleg opplæring, og pliktar å syta for at grunnskolen er skipa og blir driven i samsvar med denne lova.

Kommunen ber utgiftene til grunnskolen etter reglane i lova.

Som det går fram av dette, har kommunen ansvaret for at alle barn får den opplæringa dei har krav på etter grunnskulelova. Kommunen kan sjølv fastsetje kvar skulane skal liggje, eventuelt fjerne krinsgrensene heilt eller delvis.

Dei kommunale utgiftene til grunnskulen vert finansierte gjennom rammetilskottet til kommunane. Rammetilskottet vert fordelt til den einskilde kommunen etter ein kostnadsnøkkel. Kostnadsnøkkelen for grunnskulen skal ta omsyn til skilnader i kommunane sitt utgiftsbehov på grunnskuleområdet, men tilbakemeldingar frå ein del distriktskommunar kan tyde på at den ikkje fungerer godt nok. I Voksenåsen-dokumentet har Regjeringa varsla gjennomgang av inntektssystemet. Dette vil bli fylgt opp ved å utvikle nye kriterium for busetjingsmønsteret i kommunane og fylkeskommunane, slik at dei på ein betre måte skal ta omsyn til spreidd busetjingsmønster. Kommunal- og regionaldepartementet tek sikte på å leggje fram endringar i kostnadsnøkkelen i kommuneøkonomiproposisjonen for 1999, som vil bli lagd fram våren 1998.

Det kan vere ulike grunnar til at småskular blir nedlagde. Kvar kommune må ta ei samla vurdering der ein m.a. tek omsyn til pedagogikk, trafikksikring og økonomi. Skulane spelar ei viktig rolle i mange nærmiljø. Det bør derfor ikkje verte slik at økonomien er einaste argument for nedlegging eller samanslåing. Eg vil fylgje denne utviklinga nøye framover og kome attende til Stortinget med ein statusrapport i samband med statsbudsjettet for 1999.

Arne Lyngstad (KrF): Jeg vil takke statsråden for et positivt svar.

Jeg er enig med statsråden når han gjør kommuneøkonomien til et viktig spørsmål for skolestrukturen og for mulighetene for å opprettholde grendeskolene. Jeg er også glad for at Regjeringen nå arbeider med inntektssystemet for å se på hvordan dette påvirker kommunenes vurderinger.

Som statsråden var inne på, er det også andre forhold som er viktig for å styrke grendeskolenes stilling. De pedagogiske rammevilkårene er én ting, men også foreldrenes mulighet til å spille en aktiv rolle i debatten om skolestrukturen er viktig. Aktive og engasjerte foreldre er en stor ressurs for grendeskolene. Dermed må vi være villige til å se på hvordan berørte foreldres synspunkter blir ivaretatt i beslutningsprosessene. Er statsråden enig i at det er ønskelig å styrke foreldrenes mulighet for å hevde sine synspunkter i spørsmål som angår grendeskoler og skolestruktur?

Statsråd Jon Lilletun: I det noverande lovverket, etter at vi fekk ny kommunelov, er det ikkje slik at foreldre eller skulestyre har ein lovfesta rett til å uttale seg. Det er heilt opplagt at det ikkje er med på å styrkje den opplevinga det er for foreldre å vere deltakarar i noko av det som er viktigast for dei, nemleg barna sin situasjon i skulen.

Når denne regjeringa legg fram forslag til ny opplæringslov, er vi innstilte på - det må vere heilt klart - at før ein kan gå til slike tiltak som nedlegging, skal samarbeidsutvalet og skulestyret, eller andre organ som har same myndigheit som skulestyret, få høve til å uttale seg. Så på det punktet er statsråden heilt innstilt på å kome spørjaren sine intensjonar i møte.

: