Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 4. februar 1998

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 30

Laila Kaland (A): Eg vil få stille følgjande spørsmål til sosialministeren:

Mammografiundersøkingar skal no utvidast og etablerast i fleire fylke i Sør-Noreg og i Troms. Dette vil gje tilbod til 2/3 av kvinnene mellom 50 og 69 år. Møre og Romsdal fylke er ikkje kome med i nyetableringa av dette viktige førebyggjande tiltaket. Det betyr at kvinnene i vår landsdel står utan dette tilbodet.

Er dette i tråd med St.meld.nr.50 (1993-1994) om likeverdig helsetilbod for alle, og kva er begrunninga frå statsråden for at Møre og Romsdal ikkje kan få etablere eit tilbod om mammografi i fylket?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Sosial- og helsedepartementet starta i 1994 opp med eit seksårig prøveprosjekt med masseundersøkingar for brystkreft ved mammografi i fylka Akershus, Rogaland og Hordaland. I tillegg er screeningprogrammet til Oslo kommune knytt til prøveprosjektet. Ei førebels evaluering av prøveprosjektet starta opp i 1997, samtidig som den andre screeningrunden starta. Evalueringa er planlagd ferdigstilt innan utgangen av 1998.

I samband med budsjetthandsaminga for 1988 vedtok Stortinget å styrkja prøveprosjektet med 20 mill. kr og utvida det med fire fylke. I eit brev av 17. desember 1997 bad Sosial- og helsedepartementet styringsgruppa for prøveprosjektet om å utarbeida eit forslag til kriterium og val av nye fylke innan 15. januar 1998. Styringsgruppa har etter ei samla vurdering føreslått desse fire fylka: Telemark, Aust- og Vest-Agder og Troms. I tillegg blir det føreslått at Finnmark blir integrert i screeninga i Troms fylke.

Helseministeren har ikkje teke endeleg stilling til kva for nye fylke prøveprosjektet skal omfatta. Styringsgruppa har i sitt arbeid lagt desse kriteria til grunn for forslaget:

  • fylkeskommunal semje om at fylka er villige til å gå inn i prosjektet
  • tilgang på lokale som eignar seg for mammografisenter knytte opp mot regionsjukehus/sentralsjukehus
  • høve til nært samarbeid med kommunale styresmakter/helseteneste ved bruk av informasjonskampanjar og mobile einingar
  • rimeleg tilgang på kvalifiserte fagfolk innan radiologi, patologi og kirurgi - det vil bl.a seia erfaring med mammapoliklinikk og trippeldiagnostikk
  • behandlingskapasitet for eit vesentleg tal kvinner med tidleg brystkreft

Møre og Romsdal oppfyller alle krava, men er av styringsgruppa prioritert sist av desse fylka. Trøndelagsfylka har sendt inn sine søknader etter fristen. Styringsgruppa vurderer det slik at dei oppfyller krava, men ynskjer ikkje å endra prioriteringa. Søknad frå Østfold er òg venta i løpet av dei nærmaste dagane.

Framdriftsplan for ei vidare utviding med sikte på eit eventuelt nasjonalt screeningprogram vil bli vurdert når evalueringa ligg føre. Sentrale problemstillingar vil bl.a vera organisatoriske løysingar og tilgang på nødvendig personell - radiologar, patologar og radiografar. Dette vil bli nærmare omtalt i samband med proposisjonen som skal leggjast fram for Stortinget om oppfølging av Norsk kreftplan.

Laila Kaland (A): Eg vil takke statsråden for svaret. Vi kan vel ikkje leggje skjul på at fylkespolitikarane og folk i Møre og Romsdal var veldig skuffa då vi ikkje kom med i tildelinga av mammografiundersøkinga. Når no statsråden seier at Møre og Romsdal oppfyller alle krava, meiner eg dette er ei veldig skeiv geografisk fordeling. Vi føler at vi blir tilsidesette, og at det no er austlandsområdet og områda nordover som blir prioriterte. Eg meiner at Midt-Noreg blir ståande utan mammografi i offentleg regi, og det er ikkje eit likeverdig tilbod til alle kvinnene i landet. Eg vil be sosialministeren - som eg veit er oppteken av slike saker - medverke til at Regjeringa tek avgjerd om at Møre og Romsdal skal få dette tilbodet når dette blir behandla i Regjeringa. Eg trur at noko anna rett og slett ikkje vil bli forstått.

Så er det eit spørsmål til som eg kunne tenkje meg at sosialministeren fører vidare, og det er at denne masseundersøkinga også må gjelde kvinner mellom 40 og 50 år, for dei er i dag ei risikogruppe.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg kjem sjølv frå Rogaland, eit av dei fylka som fekk vera med i dette seksårige prøveprosjektet frå starten, og eg veit kor mykje dette har hatt å seia for mange kvinner i Rogaland og for pasientane der. Eg skjøner òg derfor veldig godt representanten Kalands interesse her, å få det same tilbodet i Møre og Romsdal. Eg vil ta med synspunktet hennar til helseministeren, både det ho legg vekt på når det gjeld geografiske omsyn når tilbodet skal utvidast, og likeins det ho her framfører om å utvida prosjektet når det gjeld alder.

Laila Kaland (A): Eg reknar med at sosialministeren kjenner til det eg seier no, men eg meiner det må vere ei målsetjing at brystkreftundersøkingar snart kjem i alle fylka. Vi veit no at brystkreft har vore sterkt aukande i dei siste åra, faktisk med 65 % frå 1981 til 1993. Det er snakk om midlar på ca 80-100 mill. kr for å få ei landsomfattande masseundersøking. Men eg meiner det er vel brukte pengar om ein kan unngå at fleire døyr tidleg av kreft i brysta. Vi veit at brystkreft er veldig farleg. Eg vil vona at sosialministeren tek dette med seg tilbake, at det hastar med å kome i gang med undersøkingar i alle fylka, og då håpar eg sjølvsagt at Midt-Noreg blir prioritert.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: I samband med behandlinga av budsjettet for 1998 streka sosialkomiteen under nettopp dei positive erfaringane med dette prosjektet så langt, og dei meinte at ordninga burde utvidast til å omfatta fleire fylke. Det danna grunnlaget for løyvinga på 20 mill. kr som gjer det mogleg å utvida prosjektet for 1998.

Elles er eg einig i representanten Kaland sine vurderingar når det gjeld kor viktig saka er, og eg viser til at det vil bli høve til å koma tilbake til dette spørsmålet i samband med behandlinga av Norsk kreftplan.

: