Stortinget - Møte onsdag den 4. februar 1998
Spørsmål 24
Gunnar Kvassheim (V): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til statsråden:
En rekke verdifulle historiske funn fra hele landet finnes i dag i historiske samlinger knyttet til universitetene i Oslo og Bergen. Samtidig finnes betydelig arkeologisk og konservatorisk kompetanse andre steder, f.eks ved Arkeologisk museum i Stavanger.
Bør det ikke være slik at historiske funn i større grad enn i dag gjøres tilgjengelig for publikum i museer som ligger nærmest funnstedene, så sant forholdene er tilfredsstillende når det gjelder sikkerhet og bevaring av gjenstandene?
Eldbjørg Løwer: Kulturminne skal vernast fordi dei inneheld verdifull kunnskap. Stadig fleire innser at behova for å føle identitet og samanheng i omgjevnaden har mykje å seie for velferda og trivselen til den enkelte.
Tilgang til historiske funn i museum som ligg nær funnstadene, er med på å dekkje behov i lokalsamfunn og grupper for å kjenne eiga historie. Hovudtyngda av verksemda i det desentraliserte museumsmangfaldet er formidlingsarbeid, i første rekkje utstillingar. Eg er samd med spørjaren i at plassering av gjenstandsmateriale i desse musea vil gje kort veg til eit samansett publikum.
Utstillingar og samlingar ved universitetsmusea vil i ein del tilfelle ikkje ha den same lokale tilknytinga til funnstader. Dette må vegast mot universitetsmusea sine heilt spesielle posisjonar som vitskaplege institusjonar og ansvarsmuseum. Nasjonen som heilskap må ta vare på eit utval kulturminne som kan gje eit mest mogleg samla bilete av ulike epokar og steg i landets utvikling og historie. Kulturminne er derfor viktig og til dels uerstattelege kjelder for forsking om vår historie.
Universitetsmusea skal både drive brei forskingsaktivitet, gje undervisning på høgt vitskapleg nivå og drive forskingsbasert formidling. Noreg har, i motsetnad til ei rekkje andre land, ikkje eit nasjonalmuseum, og når det gjeld dei arkeologiske musea spesielt, er dei primært å finne innafor universitetsstrukturen. Unntaket frå dette er nettopp Arkeologisk museum i Stavanger, som i likskap med universitetsmusea har status som ansvarsmuseum og derfor også skal utføre forvaltingsoppgåver i høve til kulturminne.
Forskarane opplever det som eit problem om samlingar vert delte opp etter kor i landet dei ulike funna er gjorde. Universitetsmusea må likevel vege omsynet til forsking opp mot ønsket om formidling gjennom m.a langsiktige deponeringsavtalar og velvillig handsaming av spørsmål om utlån av gjenstandar til dei lokale musea.
Eg vil ta initiativ til å få vurdert nærare eventuelle endringar i ansvars- og oppgåvefordelinga mellom dei fem ansvarsmusea for arkeologisk materiale og dei andre musea, særleg med omsyn til spørsmålet om formidlings- og konserveringsoppgåver kan verte utførte på ein føremålstenleg måte. Det bør i denne samanhengen visast til at det i NOU 1996:7, MUSEUM - Mangfald, minne, møtestad, er lagt fram forslag som tek sikte på ei spreiing av naturhistoriske museumstilbod.
Når det gjeld det konkret nemnde forholdet til Arkeologisk museum i Stavanger, er eg kjend med at det er ein dialog med Bergen Museum om initiativ overfor dei andre statlege musea og museum med større samlingar for å greie ut spørsmåla knytte til permanent tilbakeføring av museumsmateriale. Resultatet av desse drøftingane vil departementet handsame som ei fagleg tilråding om retningsliner for framtidig handtering av slike spørsmål.
Generelt er eg i utgangspunktet samd med representanten Gunnar Kvassheim i at historiske funn i større grad enn i dag bør kunne gjerast tilgjengelege for publikum i museum som ligg nærare funnstadene. Føresetnaden må sjølvsagt vere at dei tekniske forholda er tilfredsstillande. Eg vil likevel streke under at dette og tilsvarande spørsmål for dei kulturhistoriske musea må vurderast nærare i samband med arbeidet med stortingsmeldinga om musea som Regjeringa vil leggje fram.
Gunnar Kvassheim (V): Jeg vil takke for det som jeg oppfatter som et positivt svar. Jeg er enig med statsråden i at når det gjelder dette spørsmålet, er det tale om en viktig balansegang, slik det ble beskrevet i svaret.
Det er likevel klart, som statsråden sier, at historiske funn i større grad bør gjøres tilgjengelig i museum nær funnstedene. Det er positivt at dette utgangspunktet skal legges til grunn når en nå skal gå gjennom ansvars- og oppgavefordelingen med sikte på å få til endringer. Jeg håper statsråden kan bekrefte at dette er en oppgave som en ser på som viktig, og som vil bli prioritert i departementet.
Kirsti Kolle Grøndahl hadde her gjeninntatt presidentplassen.
Statsråd Eldbjørg Løwer: Det ville antakelig være feil av meg her nå å prioritere på vegne av statsråd Lilletun. Men jeg kan forsikre representanten om at hans ønske om at dette skal prioriteres høyt vil bli formidlet videre til statsråden. Så får vi se hva han gjør med det.