Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 1997
Spørsmål 33
Jan Simonsen (Frp): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
I Innst.S.nr.227 (1996-1997) blir Regjeringen bedt om å fremme forslag om endringer i lovverket for videregående skole slik at hørselshemmet ungdom får lovfestet rett til å velge videregående opplæring på tegnspråk.
Vil tolketjenesten for hørselshemmede og døvblinde som i dag eksisterer ved landets hjelpemiddelsentraler, bli utvidet til også å omfatte tilbud om skoletolketjenester, og vil Regjeringen sørge for å etablere et tilbud om skoletolketjenester for alle som har behov, fra skoleåret 1998/99?
Statsråd Jon Lilletun: Det er i dag kommunane sitt ansvar å syte for tolketenester for døve elevar i grunnskulen og fylkeskommunane sitt ansvar i vidaregåande opplæring. Mellom anna har hjelpemiddelsentralen i Sør-Trøndelag gjennomført eit svært interessant prosjekt som har gått over tre år, der hjelpemiddelsentralen har koordinert og administrert alle typar tolking i fylket.
Med bakgrunn i erfaringane med dette prosjektet har Sosial- og helsedepartementet nedsett ei arbeidsgruppe for å sjå nærare på korleis undervisningstolkinga for døve bør organiserast. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er representert i arbeidsgruppa ved Styret for landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesentra. Gruppa skal etter planen leggje fram sluttrapporten før jul. Å utvide hjelpemiddelsentralane sitt ansvar er ei av fleire moglege løysingar som vert vurdert.
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet vurdere dei ulike alternativa når det gjeld organiseringa av undervisningstolkinga som arbeidsgruppa legg fram. Erfaringane frå prosjektet i Sør-Trøndelag vil som nemnt verte vurderte spesielt i denne prosessen. Her vil vi arbeide raskt med tanke på omtale i statsbudsjettet for 1999.
I samsvar med Innst.S.nr.275 (1996-1997) har departementet omtalt tolketenesta i St.prp.nr.1 (1997-1998) . Eg ynskjer her å nemne at det synest vanskeleg å rekruttere nok studentar til toårig døvetolkutdanning. I hovudsak kjem dette av at søkjarane manglar kommunikativ øving i teiknspråk. Departementet er kjent med at Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo, som har tilbod om døvetolkutdanning, har nedsett ei arbeidsgruppe for å vurdere oppretting av eit grunnfag i teiknspråk for høyrande studentar for m.a. å styrkje rekrutteringsgrunnlaget til tolkeutdanninga. Den andre utdanningsstaden er Høgskulen i Sør-Trøndelag. Departementet vil saman med høgskulen vurdere tiltak for å styrkje rekrutteringa. Eit viktig tiltak vil vere å opprette eit eittårig studium i praktisk teiknspråk for høyrande studentar. I tillegg vil departementet stille øyremerkte midlar til rådvelde for å vidareføre ordninga med modulkurs for tolkar.
For å oppsummere: Statens bidrag vil vere å gå inn og vurdere på kva måte ein kan få ei høveleg organisering av undersvisningstolkinga for døve, m.a. med bakgrunn i erfaringar frå Sør-Trøndelag. Samtidig vil vi, både på kort og lang sikt, arbeide for å betre rekrutteringa til yrket.
Jan Simonsen (Frp): Det har i mange år vært et problem at det har manglet ferdig utdannede døvetolker. I så måte går det an å forstå at det er vanskelig å etablere et tilbud om skoletolketjeneste for alle som har behov for det, før man har tilstrekkelig med ferdig utdannet personell. Derfor er jeg glad for at denne regjeringen nå setter i gang tiltak for å styrke utdanningen. Den forrige regjeringen gjorde svært lite. Jeg syns svaret fra statsråden var svært positivt og tyder på en helt annen offensiv enn vi har hatt tidligere.