Stortinget - Møte onsdag den 29. januar 1997
Spørsmål 2
Morten Lund (Sp): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kommunal- og arbeidsministeren:
Motstanden mot Regjeringens planer for kommunesammenslåinger viste seg å være massiv da Christiansen-utvalgets innstilling og St.meld.nr.32 (1994-1995) var til behandling. Til tross for omfattende utredninger om fordelene ved sammenslåinger ble planene avvist også av Stortinget. Ifølge media ønsker nå statsråden å bruke enda mer penger på å utrede de samme spørsmål.
Er det ikke nå på tide å gi kommunene arbeidsro til å utvikle det frivillige samarbeidet slik Stortinget har bedt om?
Statsråd Kjell Opseth: Det er ikkje overraskande at mine utspel i den siste tida har skapt debatt, men eg hadde ikkje venta at engasjementet med sikte på å redusere kommunane sine interesser for å drøfte kva kommunestruktur som ville vere best for innbyggjarane i framtida, ville bli hovudtemaet.
Mitt initiativ no har ikkje noko med å skape uro i kommunane. Tvert imot vil eg gje dei kommunane som ser at utviklinga teknologisk og i høve til kommunikasjonane m.m. har ført til nye rammeføresetnader for å drive kommunane effektivt, høve til å drøfte samanslutningar som eit alternativ til samarbeid. Og som eg har sagt mange gonger, er dette basert på at dei kommunane som ønskjer å få vurdert samanslutning som eit alternativ til andre samarbeidsordningar, skal få høve til det. Det er faktisk i tråd med det Stortinget har bede om; det er nemleg i tråd med Stortinget sitt vedtak om at kommunane sjølve skal styre slike utgreiingar og trekkje dei konklusjonane dei finn best, når resultata føreligg. Det er difor feil at departementet skal styre desse utgreiingane, slik representanten Morten Lund ser ut til å tru i Aftenposten av 27. januar. Senterpartiet sa sjølv i innstillinga til stortingsmeldinga om kommune- og fylkesinndelinga at staten bør gje økonomisk stønad til slike utgreiingar der det ligg føre felles søknad frå alle kommunane i det aktuelle området.
Senterpartiet sa vidare i den nemnde innstillinga at dei var samde i at utviklinga av mange lokalsamfunn m.a. på bakgrunn av nye kommunikasjonsmønster har skapt behov for ei justering av kommunegrenser og i nokre høve også samanslutning av kommunar, men at det ikkje var trong for ein omfattande reformprosess. Kva skal vi då gjere for å leggje til rette for endringar i kommuneinndelinga i dei områda der også Senterpartiet er samd i at det er trong for dette? Eg trur at mitt initiativ kan vere eit både rett og viktig bidrag til dette.
Eg må trekkje den konklusjonen at Senterpartiet har det syn at kommunegrensene er viktigare enn kva tenestetilbod innbyggjarane i ein region får.
Morten Lund (Sp): Jeg må ut fra svaret her bare fortelle statsråden at Stortinget ikke har bedt departementet ta initiativ til nye utredninger, det er det motsatte Stortinget har gjort. Og jeg fastholder at detå sette i gang utredninger nå etter seks-sju års utredninger med samme tema, er å sløse med penger, og det skaper utrygghet og ødelegger for det frivillige samarbeid mellom kommunene.
For Oslo-området er det satt i gang en utredning om kommunegrensene. Kommunene hadde ikke noe imot det, men når utredningen nærmer seg slutten, sier ordførerne at de vet hva innbyggerne vil, de vil ikke ha noen sammenslåing, og kommer det forslag om det, går de imot det. De sier imidlertid at det er behov for å samarbeide mer. Her har fylkesmenn og departementet viktige oppgaver over hele landet. Her kunne de ta initiativ og samtidig følge Stortingets vedtak. Jeg vil da spørre statsråden om følgende: Hvor langt er departementet kommet med å utrede det som Stortinget vedtok: å fjerne lovbestemmelser som hindrer samarbeid mellom kommunene?
Statsråd Kjell Opseth: Det er nok mogleg at det har vore gjort mange utgreiingar tidlegare, men det er heilt opplagt at det er behov for det initiativet som eg har teke i denne samanhengen. Anten Morten Lund likar det eller ikkje - det har faktisk kome skriv til meg der det går fram at ein gjerne ønskjer å vere med på ei slik utgreiing. Så dette vil nok bli gjennomført - i kor stort omfang, får tida vise. Men eg er nokså overtydd om at det engasjementet som kjem frå Senterpartiet si side i denne saka, inspirerer meg meir til å gå vidare med dette, for det kan ikkje vere noko anna som ligg til grunn for det enn at Senterpartiet er redd for å få dokumentert det mange av oss trur, at ein kan gje eit betre tenestetilbod enn i dag til innbyggjarane i ein region ved å slå kommunar saman.
Morten Lund (Sp): Da Stortinget behandlet saken for et halvt år siden, kom det ingen henvendelser til Stortinget om at noen ønsket å få vurdert sammenslåing av sin kommune. Jeg synes det er merkelig at det skal ha kommet så mange til departementet nå. Men det er ingen tvil om at departementet og statsråden ønsker å fortsette tvangslinja, og Gunnar Berges sammenslåingskart er hengt opp på statsrådens kontor på nytt.
Det har vært en årelang dialog, som jeg har sett nevnt, med Kommune-Norge om kommunesammenslåinger, og det resultatet gir statsråden blaffen i. Det synes jeg er et dramatisk budskap. Man ønsker dialog med folk, men vil bare ta hensyn til resultatet hvis samtalepartnerne er nikkere, og det er ikke norske kommuner.
Statsråden antydet at kommunene ikke tenker på tjenestetilbudet til innbyggerne. Det er det de først og fremst gjør, det er jeg helt sikker på, ikke minst de små kommunene som departementet i første rekkeønsker å få bort, der avstanden mellom folket og de som styrer, er kortest mulig. Folk i de små kommunene er mer fornøyd og har mer tillit til sine folkevalgte enn folk i de store kommunene.
Jeg vil da stille følgende tilleggsspørsmål: Hvorfor vil ikke statsråden godta resultatet av den store dialogen som kom i kjølvannet av Christiansen-utvalgets innstilling?
Statsråd Kjell Opseth: Representanten Morten Lund prøver å gjere dette til noko anna enn det det er. Dette er ikkje noka tvangslinje. Kommunane får tilbod om å vere med på dette, og dei avgjer sjølve om dei vil det. Når denne utgreiinga, eller analysen, er gjennomført, får dei også avgjere om dei vil slå seg saman eller ikkje, så dette finst det ikkje tvang i. Når Morten Lund er så engasjert, må det jo vere fordi han er redd for at det faktisk skal gå i retning av at somme kommunar finn det føremålstenleg å slå seg saman.
Og det er ikkje slik at eg har sagt at kommunane ikkje tenkjer på velferdstilbodet. Men eg har sagt at eg faktisk trur at Senterpartiet ser kommunegrensene som viktigare enn tenestetilbodet, og det er noko heilt anna. No får representanten Morten Lund og eg sjå kva resultatet blir. Eg veit så mykje i dag at det iallfall er somme område der vi kjem til å få tilslutning til å gjennomføre desse analysane.