Stortinget - Møte onsdag den 11. desember 1996
Spørsmål 2
Ola T Lånke (KrF): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kommunal- og arbeidsministeren:
Ved revisjonen av plan- og bygningsloven våren 1995 vedtok Stortinget at det skal legges sterkere vekt på estetiske hensyn. Det er kjent at det i utkast til forskrifter til loven er gjort unntak fra dette når det gjelder bl.a. veganlegg, broer og støyskjermer.
Hva vil statsråden gjøre for å sikre at lovens intensjoner blir ivaretatt på unntaksområdene?
Statsråd Kjell Opseth: Forskrifta til plan- og bygningslova vil bli fastsett i løpet av kort tid. I forslaget er ein del tiltak unnatekne frå reglane om handsaming av byggesak etter plan- og bygningslova av di dei blir handsama etter andre reglar. Grunnen er at ein vil unngå dobbelthandsaming. Unntak frå søknadsplikt er også omhandla i Ot.prp.nr.39 (1993-1994), og låg difor til grunn for Stortinget si handsaming av lovendringane, jf. Innst.O.nr.37 (1994-1995).
Kommunen kan påverke utforminga av desse tiltaka gjennom planhandsaming.
Når det gjeld dei estetiske krava, har Samferdselsdepartementet lagt til grunn at plan- og bygningslova § 74 nr. 2, den såkalla « skjønnhetsparagrafen », skal gjelde for offentlege veg- og jernbanetekniske anlegg. I dette ligg det at tiltakshavar sjølv må følgje opp krava. Det skal ikkje fremjast byggjesøknad. Kommunane skal likevel føre tilsyn med at krava i plan- og bygningslova blir følgde.
Ein del tiltak er òg unnatekne frå dei materielle krava i plan- og bygningslova, t.d. krav til estetikk. Det gjeld vasskraftanlegg, elektriske anlegg og landbruksvegar, som blir handsama etter annalovverk. Unntaka er gjevne etter ei allmenn vurdering av reglane for desse tiltaka. I hovudsak tek desse reglane vare på dei same omsyna som plan- og bygningslovgjevinga skal ta i vare. Det er dermed tiltakshavar sjølv, den aktuelle styresmakta, som har ansvaret for å følgje dei reglane som gjeld for desse tiltaka.
Ola T Lånke (KrF): Jeg takker statsråden for svaret. Jeg synes også det er prisverdig at f.eks. Samferdselsdepartementet vil legge « skjønnhetsparagrafen » til grunn i sine planer.
Likevel føler jeg meg litt bekymret for at man i hovedsak lar den vanlige planleggingsprosessen i kommunene styre planene når det gjelder estetisk formgiving. Vi vet at det er umulig å tenke seg at de planene kan være så detaljert utformet at det vil være mulig å vurdere f.eks. støyskjermer, underganger og broer og slike ting, fordi de planene er mer generelle. Jeg forstår at statsråden mener at den estetiske kvalitetssikringen er god nok slik som den er i dag, men vil det ikke være riktig i en sånn situasjon å ta inn bestemmelser om estetisk kvalitetssikring også i særlovgivningen, slik at vi får sikret dette? Kan statsråden tenke seg å være med på det?
Statsråd Kjell Opseth: Det er faktisk slik at for dei unntaka som er gjorde på dette området, er det i mange tilfelle kommunen sjølv som er planmyndigheit. Rett nok er det mange av desse etatane som står for den praktiske utteikninga av planane, men det er kommunane som er planmyndigheit. Slik sett vil dei gjennom reguleringsplanhandsaming kunne ta omsyn til estetiske utformingar. Når det er sagt, er det føresetnaden at det i forskrifter på dei områda der det no blir gjort unntak, skal vere lovheimel for eller reglar som seier at estetiske omsyn skal vere tekne i vare på lik linje med dei som ein får gjennom ei byggjesakshandsaming.
Ola T Lånke (KrF): Jeg takker igjen statsråden for svaret.
Jeg konstaterer at statsråden og jeg ikke har samme bekymring når det gjelder den videre hensyntaken til estetisk kvalitetskontroll. Vi har jo en todeling i lovverket når det gjelder planlegging. Det ene er den generelle generalplanleggingen og reguleringsplanene, som blir mer overflatiske og generelle når det gjelder disse tingene, og så har vi de konkrete byggesakene. Jeg har en sterk følelse av at vi nå får en todeling også når det gjelder måten å se dette på, slik at vi får en dårligere kontroll. Det blir mer tilfeldig. Det blir mer opp til den enkelte etat og den enkelte byggherre eller planlegger om dette vil bli tatt til følge. Det er der min bekymring ligger, og jeg konstaterer at statsråden ikke har den samme bekymring.
Statsråd Kjell Opseth: Representanten Lånke har på ein viss måte rett i at vi ikkje har den same otten for om dette blir teke i vare eller ikkje. Det er slik at eg har tillit til at dei folkevalde på kommunalt nivå som skal godkjenne reguleringsplanar, gjennom det vil vere i stand til å ta dei estetiske omsyna som dei skal gjere. Vi har mange døme på i den tida som har gått med det regel- og lovverk vi har i dag, at det blir gjort. Det er eit så nært og tett samarbeid mellom kommunale styresmakter og dei etatane vi her snakkar om, at eg føler meg nokså sikker på at når vi får reglar om dette inn i dei forskriftene dette gjeld, der dei ikkje allereie er i dag, vil dette bli teke tilstrekkeleg omsyn til.