Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 8. mai 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 31

Inga Kvalbukt (Sp): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Jeg er kjent med at Høgskolen i Nesna har søkt om å få opprette studentsamskipnad, som har vist seg å være en hensiktsmessig måte å ivareta studentvelferd på. Den som eier eller driver en utdanningsinstitusjon, har et lovpålagt ansvar for å legge forholdene til rette for å løse velferdsoppgaver for elevene/studentene.

Hva vil statsråden gjøre for å oppfylle loven på dette området, og imøtekomme Nesna-studentenes ønske om og behov for egen studentsamskipnad?

Statsråd Reidar Sandal: Eg vil ta utgangspunkt i St.meld.nr.14 (1993-1994) og den nyleg framlagde Ot.prp.nr.56 (1995-1996), der ein legg vekt på at utdanningsinstitusjonane skal ha eit overordna ansvar for studentvelferda.

I både meldinga og odelstingsproposisjonen legg ein til grunn at studentsamskipnadene framleis skal ha ansvaret for drifta av velferdstiltak for studentar. Det blir nedfelt som eit viktig prinsipp at alle høgre utdanningsinstitusjonar skal knytast til ein studentsamskipnad. Departementet gjekk i meldinga inn for at talet på studentsamskipnader ikkje skulle utvidast i høve til noverande struktur. Dette inneber at institusjonar som ikkje er tilslutta ein studentsamskipnad, normalt bør leggjast til ein eksisterande samskipnad.

Under behandlinga av meldinga gav Stortinget i Innst.S.nr.101 (1993-1994) uttrykk for at det er viktig å gje samskipnadene eit forsvarleg økonomisk grunnlag, og at departementet i det einskilde tilfellet skulle treffe vedtak om høgskulane si tilknyting til eksisterande samskipnader, og om nye samskipnader skal opprettast. Fleirtalet i stortingskomiteen viste til at i ei slik vurdering bør ein òg ta omsyn til studentane sitt syn. Etter dette har departementet i Ot.prp.nr.56 uttrykt at ein vil avgjere ein institusjon si tilknyting til studentsamskipnadene ut frå ei samla vurdering, der m.a. noverande samskipnadsstruktur og økonomiske og geografiske forhold kan takast omsyn til. I tillegg vil ein leggje vekt på vurderinga til institusjonane og studentane.

Høgskolen i Nesna er ikkje med i ein samskipnad. Høgskulen og studentane i Nesna har gått inn for å opprette ein eigen studentsamskipnad på staden. I vurderinga av denne saka har ein lagt vekt på at ein samskipnad må ha økonomisk tyngd for å kunne utvikle velferda på staden, noko som ofte ikkje vil vere tilfellet for samskipnader som berre organiserer velferda for studentar ved små institusjonar. Høgskolen i Nesna er med sine om lag 700 studentar ein etter måten liten institusjon. Ut frå dette har ein kome til at det er naturleg at høgskulen blir knytt til Studentsamskipnaden i Bodø. Denne samskipnaden vil kunne få eit godt grunnlag for i samarbeid med Høgskolen i Nesna å drive og utvikle studentvelferda i tråd med dei behov som vil måtte melde seg på staden. Eg legg vidare til grunn at samskipnaden vil organisere verksemda slik at ein tek vare på Nesna-studentane si særskilde stilling i forhold til samskipnaden.

Eg vil til slutt peike på at det er viktig at den velferdsorganiseringa som ein vel, er i stand til å gje eit godt tilbod til studentane. Situasjonen i Nesna vil eg følgje nøye. Om nødvendig kan det bli snakk om å øyremerke midlar t.d. til bustadformål.

Inga Kvalbukt (Sp): Jeg takker statsråden for svaret, og jeg er glad for at han vil ha spesiell oppmerksomhet rettet mot Nesna.

Departementet har, som statsråden sa, gått inn for ikke å utvide antall samskipnader som en hovedregel. Men som kjent er det ingen regel uten unntak, og i Ot.prp.nr.56 sies det også at departementet skal kunne fatte avgjørende vedtak om samskipnad skal kunne opprettes. Det tolker jeg sånn at det fremdeles er anledning til å opprette nye samskipnader.

Når departementet skal ta den endelige avgjørelsen i forhold til Nesnas søknad, håper jeg det blir tatt hensyn til de ulike utfordringer ved så forskjellige miljø som f.eks. i Bodø og Nesna, og at også avstand og kommunikasjonsmulighet blir vektlagt. Jeg vil minne om at Nesna ligger i Nordland fylke, som har en lengde lik avstanden Moss-Steinkjer. Det er en realitet som bør gjenspeiles i politiske vedtak og tilrettelegging på forskjellige samfunnsområder.

: