Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 14. februar 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 31

Laila Kaland (A): Eg vil stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

I enkelte fylke er det vanskar med å skaffe tilstrekkeleg med lærlingplassar. Reform 94 er avhengig av talet på læreplassar i offentleg sektor, spesielt gjeld det nye fag som omsorgsarbeid og barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Kva tiltak meiner statsråden må gjerast overfor kommunar/fylke for å få fleire praksisplassar?

Statsråd Reidar Sandal: Det er fylkeskommunen som gjennom lov er tillagt ansvaret for å gje tilbod om vidaregåande opplæring. I dette ligg også eit ansvar for å skaffe tilstrekkeleg lærlingplassar. Det siste skjer i nært samarbeid med partane i arbeidslivet. Reform 94 har som mål at om lag ein tredel av ungdomskullet skal få fagopplæring.

Tal som er innhenta frå fylkeskommunane, viser at det pr. 1. januar 1996 er teikna intensjonsavtaler og gjeve førehandsløfte om ca 15 200 lærlingplassar i fylka. Måltalet er ca 17.000 plassar. Dette er ein vesentleg auke sidan rapporteringa i september 1995. Tala viser at det er vanskeleg å gje noko eintydig bilete av situasjonen på landsplan, fordi det er forskjell mellom fylka når det gjeld kor langt dei er komne i arbeidet med å teikne intensjonsavtaler for dei ulike faga. I nokre fag er det for få lærlingplassar, i nokre fag er det for få elevar.

Innafor barne- og ungdomsarbeidarfaga og omsorgsfaga er det førebels mangel på lærlingplassar i dei fleste fylka. Rapporteringa viser at sju fylke er så godt som i hamn, medan det i tolv fylke førebels manglar ein god del lærlingplassar i desse faga. Det er i barne- og ungdomsarbeidarfaget at forskjellen mellom elevar og lærlingplassar er størst. Her manglar ein på landsplan ca 900 plassar etter dei tala som er innhenta frå fylkeskommunane.

Så langt eg kan sjå, er økonomiske og andre rammevilkår lagde godt til rette for å ta inn lærlingar i bedriftene. Eg følgjer nøye med i det arbeidet som blir gjort i fylkeskommunane, og har bedt om rapportering annankvar månad framover. Eg veit òg at Kommunenes Sentralforbund arbeider intenst for å nå måltalet på 5.000 lærlingar i kommunal og fylkeskommunal sektor i inneverande år. Eg reknar med at dei når dei måltala dei har sett seg, og at det blir framskaffa nok lærlingplassar også innafor omsorgsarbeidar- og barne- og ungdomsarbeidarfaga. I tida framover vil eg halde særleg god kontakt med Kommunenes Sentralforbund om dette.

Laila Kaland (A): Eg vil takke statsråden for svaret.

Eg er klar over at det er fylkeskommunen som har ansvaret for å gi tilbod til elevane om vidaregåande opplæring. Men samtidig er dette ei ny reform, så det må vere eit fellesansvar mellom stat og fylke at dette skal verke etter intensjonen. Eg trur kommunane er positive til å ta inn lærlingar. Dei ser også med velvilje på Reform 94, men mangel på erfaring med lærlingar og ein forholdsvis stram kommuneøkonomi gjer at enkelte kommunar er reserverte. Det fører til, som statsråden peika på, at vi manglar ca 900 praksisplassar innafor desse viktige faga. Mitt spørsmål til statsråden er: Vil statsråden ta initiativ til at det kan innførast ei form for økonomisk støtte som motivasjon for å auke talet på lærlingplassar i kommunane for dette første kullet, som eg meiner er veldig viktig, f.eks. betale lærlinglønn for kvar tredje lærling i utsette fag i tillegg til dei offentlege tilskota som ligg i Reform 94? Dette er kanskje eit litt vanskeleg spørsmål, men eg ville gjerne få svar på det.

Statsråd Reidar Sandal: Eg peika i svaret mitt på at det er fylkeskommunane som har ansvaret for å gje tilbod om vidaregåande opplæring, og at det òg inneber at fylkeskommunane har ansvaret for å skaffe tilstrekkeleg lærlingplassar, gjerne i nært samarbeid med partane i arbeidslivet.

Når representanten Kaland peika på at det må vere eit felles ansvar mellom stat og fylkeskommune, prøver nok representanten å gje ei ansvarsfordeling som ikkje er heimla i dei gjeldande føresegnene. Når det gjeld det konkrete spørsmålet som representanten Kaland stilte, om staten er villig til å gå inn med økonomisk støtte i samband med det første kullet, er svaret mitt at departementet legg til grunn det ansvarsforholdet og den økonomiske støtteordninga som gjeld, og at det ikkje er aktuelt å leggje opp til ei spesiell ordning i samband med dette første kullet av lærlingar.

Laila Kaland (A): Eg synest denne saka er litt vanskeleg, fordi Stortinget har vedtatt Reform 94, og noko av det som er veldig viktig, er jo at dei som no tar ei yrkesutdanning, skal få lærlingplassar. Eg meiner at det er eit fellesansvar for styresmaktene og fylkeskommunane å gi desse elevane eit reelt tilbod. Eg veit også at fagopplæringsnemndene rundt om i dei ulike fylka har eit stort meirarbeid med å gi motivasjon og informasjon overfor kommunane som er litt tilbakehaldne. Eg vil derfor be statsråden følgje opp det arbeidet, ikkje berre overfor KS, men også overfor fylkesopplæringsnemndene, som har fått eit stort meirarbeid, og prøve å hjelpe dei så godt som mogleg slik at intensjonen med Reform 94 kan bli oppfylt. Det er noko vi alle ønskjer.

Statsråd Reidar Sandal: Representanten Kaland ber om at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet følgjer opp så godt som ein kan for at talet på lærlingar skal bli høgst mogleg. Det er eit arbeid som Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet bruker mykje tid og krefter på. Eg peika i hovudsvaret mitt på at vi no har kravd rapportering annankvar månad. Eg vil òg få lov å rose både fylkeskommunane og partane i arbeidslivet for den store innsatsen som blir gjord nettopp for å få talet på lærlingar høgst mogleg, og eg trur faktisk det er gode sjansar for at vi kan nå det måltalet som er sett for 1996, nemleg 17.000.

Eg vil berre svare ja til det ønsket representanten Kaland gav uttrykk for, at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet framleis vil ha sterk fokus på denne saka, og vi samarbeider veldig tett med dei som er aktuelle aktørar for å oppnå eit best mogleg resultat.

: