Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 14. februar 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Jorunn Ringstad (Sp): Eg skal få stille fylgjande spørsmål til justisministeren:

Enkelte som har vore part i sivile saker som har vore oppe for domstolane, har opplevt avgrensingar i private partar sin rett til å bruke teknisk bistand. Diskusjonane har kome i saker der det ut frå sakene sin karakter skulle vere naturleg med teknisk bistand, men der retten er sett med sakkunnige.

Meiner justisministeren at tvistemålslova på ein tilfredsstillande måte ivaretek private partar sine legitime interesser på dette punktet?

Statsråd Grete Faremo: Eg forstår Jorunn Ringstad sitt spørsmål slik at ho ynskjer å få klårlagt i kor stor grad utgifter som ein part har hatt til teknisk sakkunnig hjelp i ei sak, kan bli godtgjorde i form av tilkjende sakskostnader.

Utgangspunktet etter tvistemålslova § 176 er at berre « nødvendige » « omkostninger » skal erstattast. I tillegg er det eit vilkår at kostnadene knyter seg til sjølve saka. Tvistemålslova gjev ingen ytterlegare retningsliner i spørsmålet om kva som er « nødvendig ».

Ein kan leggje til grunn at kostnader til teknisk sakkunnig hjelp er ei utgift som kan bli erstatta i samband med ei sak. Spørsmålet blir altså om den sakkunnige hjelpa har vore « nødvendig ». I dette ligg det eit visst skjønn, og det er dommaren som avgjer kva for kostnader som skal erstattast. Ein part kan bringe inn for ein høgare domstol ei avgjerd om sakskostnader når det skjer saman med hovudsaka. Godtek han avgjerda i hovudsaka, kan han likevel påkjære avgjerda om sakskostnader, men berre om ho strir mot lova. Avgjerda byggjer på det partane har kravd.

Det er ein tradisjon i norsk rett at mykje er overlate til dommaren si vurdering. I og med at lova opnar for å dekkje ei lang rekkje utgifter som sakskostnader, meiner eg ho tek tilstrekkeleg omsyn til partane sine interesser. Eg finn på grunnlag av dette at det ville vere vanskeleg å foreslå ein regel som kjem med særlege pålegg overfor dommaren i spørsmål om utrekning av erstatning for utgifter til sakkunnig hjelp.

Jorunn Ringstad (Sp): Eg takkar for svaret. Men no er det slik at sjølv om retten er sett med sakkunnige, eller at retten sine medlemmer skal vere kunnige i dei spørsmåla som skal vurderast, kan det vere bruk for teknisk bistand t.d. i ekspropriasjonssaker, og ekspropriaten kan ha nytte av slik bistand. Det er av fleire grunnar. For det fyrste kan det vere nyttig for den saksøkte å ha teknisk bistand når han skal setje fram krav og grunngje desse. Men det er òg viktig å gje retten faktiske opplysningar for å vurdere samanhengen mellom inngrep og verknad.No har eg merka meg at det i ein del rettsbøker blir lagt spesiell vekt på kva nytte retten har av slik teknisk bistand.

Eg har lyst til å spørje justisministeren om ho deler den vurderinga at det er fleire moment som må trekkjast inn i ei vurdering av om slik sakkunnig bistand er nødvendig.

Statsråd Grete Faremo: Hovudspørsmålet galdt tvistemålslova, men etter no å ha høyrt representanten Ringstad, har eg lyst til å leggje til at utrekninga av sakskostnader i såkalla oreigningssaker blir regulert etter skjønnslova. Og etter skjønnslova er det i utgangspunktet saksøkjaren som skal erstatte den saksøkte sine kostnader i samband med saka. Kostnadene som skal dekkjast, omfattar m.a. utgifter til teknisk sakkunnig hjelp.

Skjønnslova § 54 andre ledd tilseier likevel at fleire saksøkte bør nytte den same juridiske og tekniske sakkunnige hjelpa for ivaretaking av likearta interesser som ikkje står i strid. Men der dei har ulike interesser, kan dei knyte til seg eiga hjelp. Berre der ein har nytta eiga hjelp utan tilstrekkeleg grunn, er det grunnlag for å redusere kravet på erstatning.

Avslutningsvis vil eg nemne at eit utval har lagt fram utkast til ny skjønnsprosesslov i NOU 1993:35. Denne er no til handsaming i departementet. I denne samanhengen vil òg reglane om utrekning av sakskostnader i skjønnslova § 54 bli vurderte. Departementet vil vere merksam på spørsmålet som er tatt opp i dag, i det vidare arbeidet med Skjønnslovutvalet si utgreiing.

Jorunn Ringstad (Sp): Eg takkar for det siste svaret.

Eg er klår over at her er det ulike lover som kjem inn alt etter kva slags saksområde vi snakkar om. Men generelt blir det av enkelte hevda at retten av og til er for forsiktig og kanskje litt for lett konkluderer med at bistanden er unødvendig. Har justisministeren høyrt slike påstandar, og kva er i tilfelle justisministeren sine vurderingar av desse påstandane?

Statsråd Grete Faremo: Konkrete påstandar av denne typen og meir generelt har eg ikkje høyrt. Det kan vere merknader i tilknyting til konkrete saker, og då på ein slik måte at det ikkje vil vere naturleg av justisministeren å gå inn og kommentere dei avgjerder som er komne i slike enkeltsaker.

Men meir generelt viser eg til det arbeidet som pågår med ny skjønnslov, og vonar at vi med dette kan fange opp dei relevante problemstillingar, for så å få ei regulering på dette området som speglar dei ulike interessemotsetningane og også tek vare på den økonomiske sida i saka.

: