Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 31. januar 1996

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 27

Laila Kaland (A): Eg vil stille fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Tildelingane til dei statlege høgskulane syner svært ulik fordeling målt i budsjettbeløp per student. Dette gjeld også høgskular som er samanliknbare både når det gjeld studietilbod, organisering og lokalisering. Taloversikt viser at utslaga er spesielt negative for høgskulane i Volda og Molde.

Kva vil statsråden gjere for å endre dette?

Statsråd Reidar Sandal: Dei statlege høgskulane er sidan 1990 blitt tildelte mange nye studieplassar. Ved tildeling av midlar til desse studieplassane har departementet brukt differensierte satsar ut frå kva for studium plassane er gjevne til. Det følgjer av dette at eit studium som er vurdert å ha relativt store kostnader, vil bli tildelt fleire ressursar enn eit studium som er vurdert å gje relativt låge kostnader. Tildelt budsjettbeløp pr. student ved ulike statlege høgskular viser derfor, som representanten Kaland gjer merksam på i spørsmålet, forskjellar basert på studietilbod.

Tildelinga til statlege høgskular baserer seg vidare på historiske tal. I desse tala er det bl.a. teke omsyn til geografiske forhold, studietilbod og organisering. Departementet er klar over at det likevel framleis kan eksistere historisk ulikskap mellom dei statlege høgskulane som ikkje er grunna på slike forhold.

Departementet arbeider kontinuerleg med å kartleggje ulikskap som eventuelt eksisterer i høgskulesektoren, og ønskjer å skape mest mogleg like vilkår. På statsbudsjettet for 1994 og 1995 blei det i samband med omorganiseringa av sektoren bl.a. lagt inn midlar som skulle dekkje kostnader knytte til den nye organiseringa. Desse midlane er førte vidare i 1996. Vidare er det lagt inn særskilde midlar på statsbudsjettet for 1994 og 1995 ut frå distriktsomsyn. Desse midlane er òg førte vidare i 1996.

Departementet vil òg leggje større vekt på å tildele høgskulane ressursar i høve til oppnådde resultat.

Departementet vil halde fram arbeidet med å kartleggje ulikskap i høgskulesektoren. Dette er eit omfattande arbeid der mange kriterium må takast omsyn til. Når det er grunn for det, vil departementet leggje opp til å utlikne forskjellar mellom ulike institusjonar i framtidige budsjett.

Når det gjeld dei to høgskulane som representanten Kaland nemner, er ikkje departementet kjent med grunnlaget for dei tala som det blir vist til. Slike utrekningar kan tolkast på mange vis, og krev grundig analyse før det kan konkluderast. Eg ber derfor om forståing for at eg ikkje kan kommentere dei to skulane som særskilt er nemnde her.

Laila Kaland (A): Eg vil takke statsråden for svaret. Eg er nøgd med at statsråden vil arbeide for å få til ei meir rettvis fordeling mellom høgskulane, og dette arbeidet hastar det med.

Av dei 26 høgskulane som vi har her i landet, kjem skulane i Volda og Molde klart dårlegast ut i høve til statlege overføringar pr. student. Denne problemstillinga er ikkje ny, og skulane har tatt opp denne saka både muntleg og skriftleg overfor KUF. Det er blitt gitt lovnader frå KUF i fleire år om at denne situasjonen skal vurderast og rettast opp, utan at noko har skjedd. Situasjonen når det gjeld 1996-budsjettet er verre enn nokon gong etter dei samtalene eg har hatt med skulane.

Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen tok opp spørsmålet om skeivfordelinga mellom høgskulane i si innstilling før jul i 1994, men lite har hendt etter dette. Skulen i Volda driv kostnadskrevjande studieretningar, og dette blir det heller ikkje tatt omsyn til. Ein har også hatt heiltidsstudentar i Kristiansund, som er eit desentralisert skuletilbod.

Mitt tilleggsspørsmål er: Vil statsråden ta initiativ til ein grundig gjennomgong av tildelingane til høgskulane med sikte på å få fram årsakene til ulike kostnadstal pr. student?

Statsråd Reidar Sandal: Det er i gang eit viktig arbeid i departementet med sikte på å få eit best mogleg grunnlag for ei rettvis tildeling av ressursar til høgskulane, slik representanten Kaland har ytra ønske om. Som eg gjorde greie for i det første svaret mitt, er dette eit komplisert arbeid, og det er ikkje mogleg å gi noko svar i dag. Men eg vil få lov å minne om at det i budsjettet òg for inneverande år er teke omsyn til distriktsforhold, til dei geografiske forhold, og til studietilbod og organisering.

Vi arbeider bevisst for å få fram eit betre grunnlag. Så snart dette arbeidet er sluttført, vil vi kunne konkludere meir konkret òg med tanke på dei skulane representanten Kaland har vore særleg oppteken av.

Laila Kaland (A): Eg har klare tal som viser skilnaden mellom dei ulike høgskulane. Det er spesielt to høgskular som ein kan samanlikne med t.d. skulane i Volda og Molde når det gjeld studietilbod, organisering og geografi, og det er skulane i Nord-Trøndelag og - eit fylke som statsråden kjenner til - Sogn og Fjordane. Desse kjem langt betre ut enn dei to høgskulane i Møre og Romsdal.

I den vidare handsaming vil eg innstendig be statsråden sjå på desse tala. Det gjeld ikkje berre ressurstilgang. Det gjeld også kor mange elevar det er pr. tilsett, og det gjeld arealtilskot for elevane. Det er, som statsråden peika på, fleire omsyn og kriterium som må leggjast inn i desse vurderingane. Men det som eg meiner gjer at det hastar, er at sjølv om desse skulane har god fagleg kvalitet og gir elevane eit godt tilbod, er det grenser for kor lenge ein kan drive berre av idealisme, utan at ein også får tilført ressursar.

Statsråd Reidar Sandal: Eg har gjort greie for at departementet arbeider aktivt for å få fram det talmaterialet som er nødvendig å ha på bordet før vi konkluderer. Eg kan love representanten Kaland at eg sjølvsagt skal orientere meg skikkeleg om tildelinga for dei ulike høgskulane, også dei som representanten Kaland tok opp, når eg har eit tilstrekkeleg materiale til å kunne konkludere.

Presidenten: Vi går så tilbake til spørsmål 3.

: