Stortinget - Møte onsdag den 29. november 1995
Spørsmål 20
Valgerd Svarstad Haugland (KrF): Eg tillet meg å stilla fylgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:
Lærarskulestudentar som alt har mellomfag i kristendomskunnskap (30 vekttal) har fått avslag på søknad om fritak for eksamen i kristendomskunnskap tilsvarande 5 vekttal.
Vil statsråden ta initiativ slik at studentar kan unngå å måtta ta ny eksamen i fag dei alt har oppnådd kompetanse i?
Statsråd Gudmund Hernes: Kristendomskunnskap med livssynsorientering er eit obligatorisk fag i allmennlærarutdanninga, og unntak kan berre gjerast for studentar som søkjer fritak for faget av overtydingsgrunnar. Faget er organisert som tre studieeiningar som byggjer på kvarandre, og som til saman utgjer eitt års studium, eller 20 vekttal. Kristendomskunnskap med livssynsorientering 1, tilsvarande 5 vekttal, er obligatorisk, medan dei to neste er valfrie.
Undervisninga i kristendomskunnskap må følgje den rammeplanen for faget kristendomskunnskap med livssynsorientering som gjeld for allmennlærarutdanninga. Studentar som har faget kristendomskunnskap som grunnfag eller mellomfag frå før, kan søkje om å få godkjent tidlegare eksamenar som del av allmennlærarutdanninga. Den aktuelle høgskolen må i kvart tilfelle vurdere den planen desse studentane har følgt, opp mot rammeplan for kristendomskunnskap med livssynsorientering i allmennlærarutdanninga. Dersom det er stor grad av overlapping mellom desse planane, vil studentane kunne få fritak for delar av faget. Om dei vil måtte gå opp til eksamen i faget eller ikkje, vil avhenge av graden av samsvar mellom dei to planane.
Etter retningslinjene for fritak og innpassing av utdanninga frå andre institusjonar skal studium og eksamenar som er avlagde i samsvar med rammeplan for allmennlærarutdanninga, automatisk gi fritak ved flytting frå ein høgskole som gir allmennlærarutdanning, til ein annan. Andre fritak vert i utgangspunktet ikkje gitt for dei obligatoriske faga i allmennlærarutdanninga. I den valfrie delen av utdanninga kan fritak for andre fag som er relevante for undervisninga i grunnskulen, godkjennast, t.d. kristendomskunnskap og fag innan det pedagogiske arbeidsområdet.
Den obligatoriske 5-vekttalseininga skal kvalifisere for undervisning i det obligatoriske faget i grunnskulen, medan dei valfrie påbyggingsstudia vil styrkje det faglege grunnlaget for slik undervisning. Den obligatoriske delen er såleis nært knytt til stoffet i grunnskulen sine fagplanar og til arbeidet med grunnskolen sitt verdigrunnlag og oppdragaransvar. Heilt sentralt i det obligatoriske studiet står òg fagdidaktiske problemstillingar med utspring i konkrete undervisningsoppgåver innafor dei einskilde hovudemna.
Dette gjeld alle dei obligatoriske faga i allmennlærarutdanninga. Det som særpregar fag i lærarutdanninga, er at praksis og fagdidaktikk er ein integrert del av faget. Det heiter t.d. i rammeplan for kristendomskunnskap med livssynsorientering:
Praksis er en sentral del av faget. Slik praksis forutsetter et nært samarbeid mellom øvingslærer, faglærer og pedagogikklærer. Studentene skal lage framlegg til undervisningsopplegg over bestemte tema som så drøftes og vurderes av medstudenter og lærere.
Det heiter vidare at mønsterplan for grunnskulen og lokale læreplanar må vere utgangspunktet for val av tema for undervisningsopplegga. Vanlegvis vil kristendomsfaget t.d. frå universitet ikkje innehalde desse elementa, og dermed ikkje gi same kompetanse for å undervise i grunnskulen som det faget som det blir undervist i innafor allmennlærarutdanninga.
Etter mi vurdering er det ikkje aktuelt å gå bort frå kravet om praksis og fagdidaktikk som integrert del av dei obligatoriske faga i allmennlærarutdanninga. Når det gjeld det kristendomsfaglege, har mellomfagsstudentar klart ei større fordjuping. Når det gjeld førebuing for lærargjerninga i grunnskulen, kan dette vere ein del av t.d. den valfrie delen av eit mellomfagsstudium. Der dei didaktiske omsyna er stetta som del av eit mellomfag, bør det gje grunnlag for fritak.
Valgerd Svarstad Haugland (KrF): Eg takkar statsråden for svaret, spesielt den siste delen, der statsråden peikar på at det er visse ting som bør gjelda for fritak. Den konkrete saka som eg har hengt meg opp i, gjeld fem unge studentar ved Høgskolen i Oslo som har søkt om fritak. Dei har kristendom mellomfag, som fyller allmennlærarutdanningas krav til didaktisk og pedagogisk kompetanse. Likevel fekk dei avslag på søknaden om fritak då skulen søkte.
Samstundes veit vi at høgskulen i Trøndelag har gitt studentar i tilsvarande situasjon fritak på same grunnlag. Eg vonar at statsråden tar opp igjen denne saka og gir eit positivt svar til Høgskolen i Oslo, slik at desse fem studentane som eg kjenner til, kan bruka tida si til noko meir fornuftig enn å ta opp att ein del av den lærdomen som dei har fått før, og som dei kanskje har praktisert vel så mykje og har vel så god kunnskap i som medstudentane som skal ta sine 5 vekttal.
Statsråd Gudmund Hernes: Med det politiske utgangspunkt som representanten Svarstad Haugland har, går jeg ikke ut fra at hun forutsetter at skriften bør leses bare en gang. Når det gjelder de krav som reises her, skal jeg gjerne ta det opp med Høgskolen i Oslo. Det er ellers en spesiell norsk idrettsgren å påpeke at der hvor man behandler folk ulikt, bør man se til å få en felles ordning for alle. Som jeg sier: Der hvor kravene som allmennlærerutdanningen stiller, er oppfylt på annen måte, bør det ikke være nødvendig å ta noe opp igjen. Men når det gjelder skriften, er det kanskje et annet syn som kan gjøres gjeldende.