Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 15. februar 1995

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg vil få stille følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

Frå Telenor Media ligg det føre ei innstilling om å legge ned opplysningssentralen i Seljord.

Meiner statsråden at dette i så fall er i tråd med St.meld.nr.67 (1991-1992) og Stortingets vedtak om ein distriktsmessig profil i juni 1994, og kva kan statsråden gjere for å hindre ei eventuell nedlegging i Seljord?

Statsråd Kjell Opseth: Telenor AS sine planar om effektivisering av opplysningstenesta blir gjennomført i samsvar med målet om geografisk spreiing av bedrifta sine aktivitetar og med ein distriktsmessig profil. Opplysningssentralane er lokaliserte til stader i distrikta og spreidde utover heile landet. Ein mogleg reduksjon frå 18 til 11 stader endrar i seg sjølv ikkje biletet av ei spreidd teneste.

Utvalet som skal gi Telenor råd i lokaliseringsspørsmål, vil venteleg behandle saka denne månaden. Saka vil så bli drøfta i styret.

På spørsmål frå representanten Einar Olav Skogholt i spørjetimen førre veka gav eg opplysningar om handsaminga av saka i Telenor. Eg må igjen vise til at sidan saka er under handsaming i Telenor, finn eg det ikkje naturleg å kommentere situasjonen for ein av opplysningssentralane spesielt.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret.

Opplysningssentralen i Seljord blei etablert for om lag 20 månader sidan. Etableringa blei av dei tilsette oppfatta som ein kompensasjon for tapte arbeidsplassar i samband med omorganiseringa for halvtanna år sidan. Dei tilsette føler stor uro og frustrasjon over alle nye framlegg og omorganiseringsplanar i den siste tida. Eg har registrert at administrerende direktør i Telenor, Tormod Hermansen, uttaler i Vest-Telemark Blad og NRK Telemark at Telenor vil ta ansvaret for Seljord. Vidare seier han at dersom sentralen blir lagd ned, skal det kompenserast med like mange nye arbeidsplassar. I Telemark blir det nå spekulert på om dette eventuelt skal skje ved å overføre kundeservice frå Skien til Seljord.

Samferdselskomiteens medlemer frå Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti uttala i Innst.S.nr.163 (1993-1994) følgjande:

Disse medlemmene vil understreke at et heleid, statlig aksjeselskap ikke innebærer privatisering av Televerket, og at aksjeselskapsformen vil muliggjøre politisk styring av telesektoren.

(Presidenten klubbar.) Eg reknar dermed med at statsråden etter at lokaliseringsutvalet og styret i Telenor Media har hatt sitt møte, vil vurdere tilrådinga politisk før handsaminga i Telenors styre.

Eg tillèt meg å stille følgjande tilleggsspørsmål til statsråden: Vil statsråden gjennom generalforsamlinga syte for at det ikkje blir overført arbeidsplassar frå Skien til Seljord som ein kompensasjon for eventuelt tapte arbeidsplassar i Seljord?

Presidenten: Presidenten må få lov å minne om at taletida ved tilleggsspørsmål er 1 minutt.

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil gjerne få lov å understreke at den effektiviseringa som no er under arbeid i Telenor, ikkje har noko med omdanninga til aksjeselskap å gjere. Dette er noko som Televerket og no Telenor har hatt fullmakt til å gjennomføre innafor dei retningslinjene som er trekte opp av regjering og storting, og dei vil sjølvsagt selskapet følgje i dette arbeidet og i andre omorganiseringssaker som vil kome.

Eg vil gjerne få lov å understreke at Telenor er ei bedrift som er til for telebrukarane, og som skal yte effektive og så billige tenester for heile landet som råd er. Då er ein nøydd til å sørgje for at verksemda blir driven effektivt og rasjonelt.

: