Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 14. desember 1994

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Kari Meløy (SV): Det er et spørsmål til samferdselsministeren:

Televerket foreslår å legge ned alle telebutikkene i Nord-Norge. Dette er hovedsakelig kvinnearbeidsplasser.

Vil statsråden gripe inn overfor Televerket i denne saken?

Statsråd Kjell Opseth: Telebutikkane, eller telesentra som er den vanlege nemninga, var tidlegare ein viktig kanal for kontakt og kommunikasjon mellom Televerket og kundane. Mange kundar tinga her abonnement og kjøpte mellom anna telefonapparat. Telesentra har òg fleire stader vore den einaste plassen ein kunne kjøpe slikt utstyr.

Situasjonen i dag er ein annan. Mindre enn 10 pst. av tingingane på abonnement kjem via telesentra. Stadig fleire kontaktar heller Televerket AS direkte over telefon. Telefonapparat og anna teleutstyr kan ein no kjøpe i forretningar som sel anna forbrukarelektronikk. Ein reknar difor med at ein no kan kjøpe slikt utstyr på meir enn 1.000 stader rundt omkring i landet. Telesentra representerer ein årleg kostnad for Televerket AS på ca. 30 millioner kr.

Endringar i marknadstilhøva og behov for kostnadsreduksjon er såleis bakgrunnen for at Televerket AS ønskjer å leggje ned telesentra i løpet av neste år. Dette gjeld for heile landet og ikkje berre for Nord-Noreg. Televerket AS satsar på å få i stand ei sterk butikkjede basert på dagens TBK Telehuset. I dag er slike i drift på 26 stader rundt i landet. I 1995 vil Televerket AS etablere 14 nye butikkar av denne typen. Styret for Televerket AS har føresett at kvalifisert personell frå telesentra skal ha førerett til dei ca. 30 stillingane som kjem til dei nye butikkane. Arbeidstakarar som ikkje får ny tilsetting i den nye butikkjeda, vil bli omplasserte på anna vis.

Televerket AS har som mål at bedrifta skal vere representert på fleire stader enn i dag ved utgangen av 1995, anten ved eigen butikk eller ved samarbeidsavtale med lokale forhandlarar om mottak av tingingar og sal til privatpersonar.

Sidan spørsmålet frå representanten Johansen spesielt gjeld Nord-Noreg, vil eg nemne at Televerket AS vil vere representert med eigen butikk på følgjande stader i Nord-Noreg: Bodø, Harstad, Mo i Rana, Narvik og Tromsø. I tillegg tar Televerket AS sikte på å inngå avtalar med forhandlarar på følgjande stader: Alta, Fauske, Finnsnes, Hammerfest, Kirkenes, Leknes, Mosjøen, Sandnessjøen, Sortland og Vadsø.

Televerket AS si primæroppgåve er å yte abonnentane gode og rimelege teletenester over heile landet og til like vilkår. Eg finn difor ikkje grunnlag for å halde generalforsamling i denne saka.

Kari Meløy (SV): Jeg takker statsråden for svaret.

Fra ansatte i Televerket hevdes det at dersom telebutikkene hadde fått utvidet produktspekteret, ville de sannsynligvis kunne drevet lønnsomt. Det som skjer, er at arbeidsplasser for kvinner legges ned. Statsråden sier at de ansatte vil bli tilbudt nye jobber. Mange har imidlertid problemer med å flytte.

Et hovedpoeng her: Vi ser i dag en klar tendens til at stadig flere nye oppgaver overføres til privat næringsliv. Bit for bit forsvinner oppgavene, enheter legges ned og ansatte mister jobben. Vi kan også vise til vaktoppgavene som overføres til Securitas A/S. De siste årene har de ansatte i Televerket i sannhet fått leve med omorganisering, eller skal vi heller si nedlegging av arbeidsplasser, og flere omlegginger vil sikkert komme. Jeg vil kalle dette for snikprivatisering. Strategien synes å være å presentere omleggingen litt etter litt. Det er en god måte å slite ut folk på. Ansatte i Televerket er slitne. Jeg venter ikke at statsråden skal være enig i at dette er snikprivatisering, men følgende spørsmål må kunne besvares med et klart ja eller nei: Har statsråden ingen motforestilling til det som foregår, i det minste bekymring over tempoet i omorganiseringen, som er svært belastende for de ansatte i Televerket?

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil streke under at Televerkets primæroppgåve er å skaffe teletenester på like vilkår og til så rimelege prisar som råd er, og på dei fire siste åra har teletakstane gått ned med nær 5 milliardar kr. Det er ikkje tvil om at dette er langt viktigare for sysselsetjinga i Distrikts-Noreg enn talet på arbeidsplassar som ein nødvendigvis må rasjonalisere bort i ei verksemd som Televerket. Ein kan mislike at slikt skjer, men om ein skal nå Televerkets primæroppgåve, må ein vere villig til det - då kan ikkje alt vere statisk og som før.

: