Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 7. desember 1994

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Inge Myrvoll (SV): Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:

Regjeringas og Stortingets forutsetninger ved behandling av televirksomheten har vært at Televerket skal ha enerett på blant annet basistjenester som vanlig telefoni. Med bakgrunn i EU-møtet 17. november 1994 varslet samferdselsministeren i Aftenposten 19. november 1994 at alle monopoldeler vil bli oppheva innen 1998.

Opprettholder samferdselsministeren dette klare brudd på Stortingets forutsetninger når medlemskap ikke er aktuelt?

Statsråd Kjell Opseth: Både representanten Myrvoll og eg har som mål at det skal sikrast eit best mogleg teletilbod til heile landet til lågast mogleg pris. Av den grunn har Stortinget mellom anna slutta seg til eit prissystem for telefoni og visse andre tenester som inneber ei geografisk utjamning og ei subsidiering av teletilbodet i distrikta. Så langt har det òg vore oppslutning om å sikre dette tilbodet gjennom einerett for Televerket.

Norge vil i framtida berre ha ei teoretisk moglegheit til å halde fram med monopolet. Bakgrunnen for dette er den teknologiske og marknadsmessige utviklinga globalt. Det er til liten nytte for telebrukarane å halde fram med eit monopol som i liten grad vil vere mogleg å handheve. Då er det viktigare å sikre samfunnsmessige mål samstundes med at vi tar ut dei fordelar konkurransen gjev gjennom mellom anna auka effektivitet og tenesteutvikling. Målet må som sagt vere å sikre abonnentane i heile landet eit best mogleg teletilbod til lågast mogleg pris. Klarer vi ikkje å leggje til rette for ei slik utvikling, vil det undergrave moglegheitene for norsk næringsliv til å utnytte telekommunikasjonstilbodet, som er i rask utvikling. Næringslivet i distrikta blir hardast råka.

Det som alle teleministrane i EU vart samde om den 17. november, var at ein innan 1. januar 1998 skulle etablere dei naudsynte regulatoriske rammevilkår for å mogleggjere ei deregulering av tilbodet av teleinfrastruktur på dette tidspunkt. Eg støtta dette synet, som mellom anna hadde som følgje at delar av infrastrukturen ikkje vart deregulert på eit tidlegare tidspunkt. Kommisjonen og fleire større land meinte at dette burde gjerast allereie neste år. Denne saka er eit klart døme på at dei små land i EU-systemet har reell påverknadskraft, og at dei kan blokkere løysingar som dei ikkje er tente med.

Eg vil kome tilbake til Stortinget med denne saka i vårsesjonen, og ventar at Stortinget då vil drøfte kva som skal vere norsk politikk på dette området framover.

Inge Myrvoll (SV): I Aftenposten sier samferdselsministeren at

vedtaket stort sett er i samsvar med gjeldende norske regler og praksis

Jeg vil minne statsråden om hans egne ord tre år tilbake, i St.meld.nr.8 (1991-1992) Om televirksomheten i Norge:

« Med Norges geografi og befolkningsstørrelse samt bosettingsmønster ser Samferdselsdepartementet det pr. i dag som mest hensiktsmessig å realisere et slikt tilbud hvor en også ivaretar viktige distrikts- og sosialpolitiske mål, ved å opprettholde den enerett televerket har på selve nettene og den offentlige telefontjenesten.
... fortsatt monopol på nettet og telefontjenesten anses nødvendig for å kunne oppnå landsdekkende tjenestetilbud til lik pris » over hele landet - ikke lavest mulig, men lik pris.

Jeg går ut fra at geografien og befolkningsstørrelsen ikke har endret seg på de tre åra. Det som var nødvendig for tre år siden, anses ikke lenger nødvendig. Er det da de distrikts- og sosialpolitiske mål som ble endra nå i november, meget brått, da Opseth deltok på ministermøtet i EU? Eller ble han rett og slett tatt på senga og tvunget til å gjøre noe som ikke var ønska, når han sier at han har støtta det vedtaket?

Statsråd Kjell Opseth: Eg står ved alt eg sa for tre år tilbake. Det er ikkje dei distriktspolitiske målsettingane som har endra seg, men det er ein del andre vilkår som endrar seg. Så er det spørsmål om ein skal ta det inn over seg eller ein skal late som ingen ting har skjedd. Den teknologiske utviklinga går så fort at ein skal vere tidleg oppe om morgonen skal ein følgje med i svingane. Eg skjønar at det for enkelte går litt for fort, men dersom vi ikkje er i forkant og tilpassar rammevilkåra den nye teknologiske utviklinga, er vi i alle fall heilt sikker på, som eg sa i mitt hovudsvar, at det er næringslivet i distrikta som blir taparen.

Inge Myrvoll (SV): For å få med seg alle endringene i politikken til Arbeiderpartiet, bør man være tidlig oppe om morgenen og seint oppe på kvelden, drive helkontinuerlig uten avløsning.

Denne teknologiske utviklinga statsråden snakker om, har tydeligvis skjedd fra august til november. For i bladet Nytt om EØS og samferdsel, utgitt av departementet i august i år, står det:

EØS-avtalen endrer ikke på Televerkets enerett til drift av selve telenettet og den offentlige telefontjenesten. Med en slik enerett kan man best oppnå et landsdekkende tjenestetilbud til samme vilkår for alle landsdeler.

Det var budskapet i august i år, mens nå i november har statsråden funnet ut at den teknologiske utviklinga ikke gjør det mulig å ha sånne målsettinger om enerett og bruke dette som virkemiddel. Nå skal teletjenestene over hele fjøla gjøres til en vare, ikke til et virkemiddel for å oppnå distriktspolitiske og sosialpolitiske mål.

Statsråd Kjell Opseth: Eg skjønar at representanten Myrvoll og eg ikkje blir samde om korleis ein skal styre telepolitikken i tida som kjem. Vi får sikkert rikeleg høve til å kome tilbake til det her i huset. Men det å stå med hælane i bakken og tru på at dei gamle løysingane og dei gamle styringssystema er det einaste rette, er eg overtydd om er galt. Det er, anten representanten Myrvoll likar det eller ikkje, ein realitet at alle våre naboland er innstilte på ei deregulering frå 1998, men det er mogleg at representanten Myrvoll vil vere i annleislandet også på dette området.

Presidenten: Vi vil så ta for oss spørsmål 19.

: