Stortinget - Møte onsdag den 19. oktober 1994
Spørsmål 31
Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren på vegne av nærings- og energiministeren:
El-brukende bedrifter, tradere og meglervirksomhet i kraftmarkedet påstår at Statkraft og andre større kraftprodusenter opptrer i strid med energilovens intensjoner. Markedsmakt ved kunstige oppkjøp, problemer med offentliggjørelse av magasinfyllinger, påstand om mulig prissamarbeid samt Statkrafts mulighet til å legge bånd på importen kan være prisdrivende i strid med energilovens intensjoner.
Hva kan gjøres for at prisdannelsen i el-markedet skal fungere?
Statsråd Kjell Opseth: Eg skal då få gje følgjande svar på vegner av nærings- og energiministeren:
Det har i den seinare tid vore ein del diskusjon om kvifor prisane i spotmarknaden i 1994 er høgare enn tidlegare. Dette har kome svært overraskande på mange. Frå 1990 til september i år har bruttoforbruket av elektrisitet auka med om lag 10 TWh blant annet på grunn av oppgang i økonomien. I samme perioden har det ikkje kome noko særleg ny kapasitet på nettet. Kraftmarknaden har såleis vorte gradvis strammare i 1990-åra. Saman med mindre tilsig enn normalt i 1994 og spesielle tilhøve ved kraftmarknaden i Sverige har dette ført til at spotprisane i 1994 er vesentleg høgare enn dei vi har hatt i fleire år. At vi har svingingar i spotprisane når marknadstilhøva og tilsiga endrar seg, vil eg karakterisere som normalt. Men eg vil understreke at kraftprisane ikkje er høgare enn at dei fleste kraftprodusentane framleis ventar med å starte opp nye utbyggingar av vasskraft.
Det er frå fleire hald sagt at dei høge prisane skuldast at produsentane samarbeider. Det er Konkurransetilsynet si oppgåve å overvake dette. Det er likevel ikkje lagt fram særlege, konkrete argument som syner at Statkraft eller andre større kraftprodusentar handlar i strid med konkurranselovgjevinga, sjølv om vi ikkje kan utelukke dette. Med det store talet på produsentar vi har i Noreg, med utveksling med utlandet og med konkurranseflate mot oljemarknaden, har kvar enkelt produsent berre avgrensa høve til å påverke spotmarknaden.
Det blir no offentleggjort tal for magasinfyllinga kvar månad. Utviklinga i fyllingsgraden gjev ikkje grunn til mistanke om at produsentane utnyttar ei eventuell marknadsmakt. Den relative fyllingsgraden for september var 78,4 pst. for landet under eitt, ein nedgang på 0,5 prosentpoeng frå august i år. Normalt vil magasinfyllinga auke på denne tida av året. Dette viser at produsentane må bruke noko av vatnet som ein normalt ville spare til seinare, for å dekkje etterspurnaden etter elektrisitet.
Utvekslinga med Sverige går utanom Statkraft, men Statkraft tek hand om utvekslinga med Danmark. Kablane til Danmark har i år vore for dårleg utnytta. Dette problemet arbeider vi med å løyse. Statkraft forhandlar no med ELSAM for mellom anna å få til ei betre utveksling og dermed betre utnytting av Skagerrak-kablane.
Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg takker statsråden for svaret.
Nærings- og energidepartementet er øverste organ for håndheving av energiloven, med et omfattende kontrollansvar for en rekke konsesjonsbelagte virksomheter. Samtidig er departementet eier av Statkraft som den desidert største kraftprodusenten. Selskapet har ikke bare en 30 pst. andel av den samlede produksjonskapasiteten i det norske kraftsystemet, men innehar også en rekke andre roller og oppgaver, herunder driften av overføringskablene til Danmark. Ser statsråden at det i en del tilfeller kan oppstå tvil om departementet på en enkel og grei måte kan håndtere de to konflikterende rollene som kontrollør av energiloven og oppfølging av dens intensjoner, samtidig som staten som eier ønsker en høy avkastning hos Statkraft? Og hva kan gjøres for å hindre at denne dobbeltrollen gir seg utslag i sviktende tillit blant aktørene i kraftmarkedet?
Statsråd Kjell Opseth: Det er Konkurransetilsynet si oppgåve å vurdere om Statkraft sine disposisjonar er innanfor konkurranselova og energilova sine retningsliner om konkurranse. Overvakinga av konkurransen er altså ikkje departementet si oppgåve. Departementet er difor ikkje sett i noka dobbeltrolle i forhold til Statkraft.
Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg takker statsråden for svaret på mitt tilleggsspørsmål.
Det er sterkt ønskelig at kraftmarkedet blir et marked med en større del av omsetningen over børs for å hindre sterk styring av prisutviklingen. Inneværende år er det forventet at kun 5 pst. av kraftomsetningen skjer over ukemarkedet, som i realiteten er det prisnormerende kraftmarked. Hva kan statsråden gjøre for å fremme dynamikken og tilpasningsevnen i energimarkedet?
Statsråd Kjell Opseth: Samla blir det årleg omsett 15-25 pst. av krafta gjennom marknader som blir organiserte av Statnett Marked AS. Hovudtyngda blir omsett over døgnmarknaden, som har ei sentral rolle i etableringa av prisar for forbrukarar og produsentar. Det er viktig at omsetninga over denne marknaden er høg, slik at prisane som blir danna, gjev eit truverdig bilete av krafta sin verdi. Når omsetninga over vekemarknaden berre utgjer 5 pst. av den samla omsetjinga, må ein sjå dette på bakgrunn av at denne marknaden er ny - den vart etablert i 1992 - medan døgnmarknaden starta i 1971. Vekemarknaden er likevel i sterk utvikling. Kvar veke blir det no omsett for 40-50 millioner kr. Statnett Marked AS har nyleg kjøpt opp Norsk Kraftmarked AS, noko som vil styrkje arbeidet med å utvikle marknaden og skape større interesse for bruk av marknadene. I tillegg til dette blir det arbeidd med å vidareutvikle regelverket for kraftmarknaden både i departementet, i NVE og i Statnett Marked. Arbeidet med å utvikle dei organisatoriske marknadene er difor i ein fase der utviklinga skjer raskt og i ei positiv retning. Høve til å kjøpe kraft på lengre sikt i vekemarknaden blir gradvis utvida, og kraft kan no kjøpast meir enn eitt år fram i tid.
Eg vil difor påstå at det allereie blir gjort mykje for å betre den dynamikken og tilpassingsevna som representanten Hedstrøm saknar.