Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 4. mai 1994

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

Etter at det vart opna for fri konkurranse i luftfarten, har enkelte distrikt fått eit dårlegare flytilbod, til dømes i Ålesund, slik eit Dagsrevy-innslag viste det den 14. april 1994.

Er ikkje statsråden bekymra for at næringslivet i distrikta kan bli skadelidande av den frie konkurransen?

Statsråd Kjell Opseth: Dereguleringa av innanriks luftfart vart i praksis iverksett med den nye trafikkprogramperioden som starta 5. april 1994.

Ut frå dei opplysningar eg har i dag, kan eg ikkje sjå at næringslivet i distrikta er blitt skadelidande av denne frie konkurransen.

For Ålesund er rutetilbodet i høve til vinterprogrammet 1993/94 redusert med ei flyging til Oslo måndagar og tysdagar. For strekninga Ålesund-Bergen er det fire daglege avgangar som før, med unnatak av ein sein kveldsmaskin måndagar og fredagar. To avgangar med Boeing 737 er erstatta med Fokker 50. Samstundes er Fokker 50-rutene blokkerte for gjennomgåande trafikk, slik at heile kapasiteten på Fokker 50-rutene, både til og frå Bergen og Trondheim, blir seld til Ålesund-trafikk. Ut frå dette meiner eg at standarden i rutetilbodet frå Braathens SAFE for Ålesund lufthamn er ganske god.

Eg vil likevel følgje godt med og gripe inn dersom ein får ei lite tilfredsstillande utvikling i rutetilbodet som gir negative verknader for distrikta.

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg vil takke statsråden for svaret.

Ved behandling av deregulering av luftfarten gjekk Kristeleg Folkeparti inn for ei utsetjing av den frie konkurransen. No når den frie konkurransen har trådd i kraft, ser vi at det har blitt auka flytilbod i ein del sentrale byområde, medan kapasitetsproblema har blitt større på ein del andre strekningar. I Ålesund har det blitt kapasitetsproblem på ein del viktige avgangar der 125 setes jetfly har blitt bytt ut med 50 setes propellfly på sentrale avgangar. Dette rammar næringslivet sterkt. Problemet med plass på fly er så stort at reiarlag vurderer seriøst å leige privatfly til oppdrag. Industri som har messer og salsmøte i Ålesund-regionen, opplever det problematisk å få kundane sine til og frå Ålesund på ein tilfredsstillande måte.

Ei heilt anna problemstilling er at post som blir send frå Sunnmøre til delar av Trøndelag eller til Helgelandskysten, er det store sjansar for at adressaten får eit døgn seinare enn før. Årsaka er at Braathens SAFE har framskunda avgangen på kveldsflyet til Trondheim, og dermed blir berre ein tredjedel av tidlegare postmengd med. Dette er uheldig, då det er eit sentralt mål at adressaten skal få posten sin eit døgn etter at den er send. Også dette rammar distrikta.

Har statsråden verkemiddel som kan dempe skadeverknadene, eller er det slik å forstå at statsråden meiner at tilbodet er tilstrekkeleg?

Statsråd Kjell Opseth: Det er kjent for statsråden at Kristeleg Folkeparti ville utsetje dereguleringa, og at dei nå freistar å framstille det som at det har vore mislukka eller har ulike verknader, er heller ikkje noko særleg overraskande. Vi følgjer med og har dei verkemiddel som skal til for å gripe inn dersom det er utslag som er av negativ art. Men det er slik at på Ålesund lufthamn har vi følgjande statistikk i denne tida: 20 av 143 flyavgangar har vore fulle, 41 har hatt 85 prosent belegg, 65 har hatt 65 prosent belegg, og 50 har hatt 50 prosent belegg. Det syner at der er rimeleg god kapasitet.

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg vil igjen takke statsråden for svaret.

Når det gjeld kapasiteten i Ålesund, er det sjølvsagt positivt at ein kan nytte mindre fly på dei rutene der trafikkgrunnlaget ikkje er stort nok til å fylle opp store fly. Men realiteten er at det er mange som ikkje får plass på viktige avgangar. Sjølv om enkelte prøver å bagatellisere dette, er det faktisk blitt eit alvorleg problem for næringslivet. Då meiner eg det er veldig viktig at vi tar desse signala på alvor. Sjølv om det er ein del avgangar det er god plass på, er realiteten at mange har blitt avviste veldig ofte. Det er mange diskusjonar i distriktet om kva dei skal gjere med dette mangelfulle tilbodet.

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil gjerne gjenta at statistikken syner at det er 20 fly som har vore fulle, og det er i underkant av eitt pr dag. Dersom det viser seg at det er ein spesiell avgang der kapasiteten er for liten, noko som ikkje går fram av dei opplysningane eg har her i dag, er eg overtydd om at statsråden ikkje treng gripe inn, for då ser selskapet sjølv det formålstenleg å setje inn større kapasitet. Men dersom det likevel skulle vere slik at selskapet ikkje gjer det, og det viser seg at det som sagt er på ein avgang pr dag dette problemet oppstår, kan eg love representanten Grimstad at det skal vi sjå på.

: