Stortinget - Møte onsdag den 17. november 1993
Spørsmål 18
Lars Sponheim (V): Eg har følgjande spørsmål til samferdselsministeren:
I forbindelse med flyulykken i Overhalla har flyhavarikommisjonen avvist å utlevere rapporten fra flyets taleregistrator til politiet.
Vil samferdselsministeren bidra til å omgjøre flyhavarikommisjonens vedtak, slik at politiet får tilgang på det bevismaterialet de trenger for å kunne fullføre etterforskningen og innen rimelig tid få informert pårørende og overlevende om ulykkens årsak og eventuelle strafferettslige forhold?
Statsråd Kjell Opseth: Eg må be om forståing for at eg kjem til å bruke litt lengre tid på dette svaret enn det som er reglementert.
Havarikommisjonen for sivil luftfart, HSL, er eit sjølvstendig forvaltningsorgan. Når det gjeld arbeidsmåte og sakshandsaming, står HSL fritt og ubunde i sitt arbeid. Administrativt er HSL underlagd Samferdselsdepartementet.
Departementet gjev forskrifter og retningsliner for verksemda til HSL. Dette regelverk er bunde opp til internasjonalt regelverk for same type kommisjonar. Føremålet med verksemda til HSL er å greie ut om forhold som den meiner er viktig for å hindre ulykker og farlege tilhøve i luftfarten. Innafor dei gjevne retningslinene avgjer HSL sjølv om og når dei skal gje frå seg bevismateriale i samband med sakene dei granskar. Det vil difor ikkje vere aktuelt for departementet å gripe inn i dei ulike avgjerder som HSL tek under handsaminga av den einskilde saka. Men departementet er klageinstans for vedtak som er gjorde i HSL som førsteinstans. I slike høve kan departementet prøve om sakshandsaminga i HSL er i samsvar med det regelverk som gjeld for deira verksemd. Departementet kan likevel ikkje overprøve dei reint faglege vurderingane som HSL har gjort.
I samband med ulykka i Overhalla har Namdal politikammer ved telefax av 3. november 1993 bedt om å få ei avskrift med tolkinga av bandet på taleregistratoren. I telefaks av same dato avslo HSL denne oppmodinga med mellom anna denne grunngjevinga:
« Den internasjonale luftfartsorganisasjonen ICAO, hvor Norge er medlem, har i Chicago-konvensjonens Annex 13, (Aircraft Accident Investigation), pkt 5.12, blant annet retningslinjer om bruk av CVR-opptak ... Disse retningslinjer går blant annet ut på at CVR-opptak ikke skal gjøres tilgjengelig for annet formål enn undersøkelse av havari/hendelse, dersom undersøkelsesmyndigheten mener frigivelse av slik informasjon til annet formål kan skade tilgjengeligheten av informasjon ved den aktuelle eller fremtidige undersøkelser. |
HSL mener at bruk av CVR-informasjon til slike formål som det her gjelder, vil kunne skade fremtidige undersøkelser. Kommisjonen kan således ikke imøtekomme politikammerets anmodning. » |
Departementet har ikkje fått noka klage på avgjerda i saka. I samsvar med det som er sagt ovanfor om HSL si verksemd, vil eg difor ikkje gripe inn i den konkrete saka.
Presidenten: Presidenten aksepterte, slik statsråden oppmoda om i innleiinga til svaret, at det vart gitt litt meir taletid fordi dette er ei veldig spesiell sak.
Lars Sponheim (V): Eg takkar for svaret. Det var i og for seg greitt nok - statsråden vil ikkje gripe inn.
Eg skal få sitere frå eit rundskriv frå riksadvokaten av 30. april 1992 om nettopp forholdet mellom politi og flyhavarikommisjonen, om « Etterforsking av luftfartsulykker og hendelser ». Eg siterer:
Dersom Havarikommisjonen for sivil luftfart i medhold av luftfartsloven § 165 annet ledd ønsker å ta hånd om de samme gjenstander, og de to undersøkende myndigheter ikke kommer til enighet, oppstår et kompetanse- og harmoniseringsspørsmål. Det er ikke tvilsomt at straffeprosessloven beslagsregler går foran luftfartsloven § 165 annet ledd. Bestemmelsene i luftfartsloven er gitt for å gi kommisjonen hjemmel til å kreve vraket eller vrakdeler utlevert fra blant annet eiere. Det fremgår direkte av forarbeidene at politiet og påtalemyndighetenes etterforskning ikke berøres av bestemmelsene.
Slik eg oppfattar dette rundskrivet, seier forskriftene om offentlege undersøkingar av luftfartsulykker og luftfartshendingar at politiet skal ha tilgang på for eksempel ein slik taleregistrator. Korleis kan samferdselsministeren grunngi at ein kommisjon underlagd hans departement faktisk bryt intensjonen med forskriftene, og at han med sitt svar i dag velsignar dette brotet på forskriftene?
Statsråd Kjell Opseth: Eg finn grunn til å understreke at saka ikkje er anka. Difor har eg gjennom mitt svar gått gjennom det som er den generelle handteringsmåten. Dette er underlagt internasjonale avtalar som vi har underteikna, slik at spørsmålet om kva for lover og paragrafar som går utanpå andre, er eit spørsmål som eg tvilar på at vi vil løyse gjennom eit spørretimespørsmål i Stortinget.
Lars Sponheim (V): Eg har stor forståing for at dette representerer eit vanskeleg spørsmål, som krev ei vanskeleg avbalansering av motstridande omsyn for statsråden.
Eg vel vidare å tru at flygaranes interesseorganisasjon med sitt store engasjement har ei ueigennyttig grunngjeving for nettopp dette engasjementet. Mitt engasjement har grunngjeving i den tryggleiken politiet representerer for at ting ganske enkelt går rett for seg, og den rett allmenta og pårørande har til innsyn og informasjon.
Flyulykker har for meg så stor allmenn interesse at tilhøva ikkje toler innpakking i ein mur av frimureri.
Statsråd Kjell Opseth: Det kan vere grunn til å understreke at når Havarikommisjonen sine rapportar er avgjevne, er dei offentlege, så det er ingenting som blir drege unna offentlegheit når det gjeld å finne fram til årsaksforhold i samband med ulykker i luftfarten.
Å finne årsaksforhold til ulykker innan luftfarten er ei komplisert og fagleg særdeles krevjande oppgåve. Det finst det mange døme på. Det er å underkjenne Havarikommisjonens faglege dugleik til å finne årsaksforhold å tru at politiet kanskje skulle kunne gjere det betre. Eg tvilar sterkt på det. Eg er nokså sikker på at Havarikommisjonen har den faglege integriteten som skal til for å finne årsakene til flyulykker, dersom det er råd å finne dei. Dessverre er det ein del ulykker der det ikkje lar seg gjere, trass i den faglege innsats som blir gjord frå Havarikommisjonen si side.